Berit Osmundsen

Trebåtbygging

Mitt fag er trebåtbygging med vekt på tradisjonsbåtar på vestlandet, spesielt Oselvarbåtane.

Eg har ei skulebakgrunn med grunnkurs naturbruk, der eg la mest vekt på skogbruksdelen, nokre år på folkehøgskule med mykje vekt på bruk av tradisjonelle båtar og båtbyggarskule. Har deretter jobba både med seglskute og småbåtar i Norden. Eg har fagbrev som trebåtbyggar.

Eg er tilsett ved Oselvarverkstaden som båtbyggar og fagleg leiar. Der jobbar eg med nybygging, reparasjonar og fagleg utvikling. For tida har eg permisjon i 80 % frå den faste stillinga mi på verkstaden for å fordjupe meg i faget mitt. Eg starta på ei treårig stipendiatperiode ved Handverksinstituttet i september 2018 og jobbar no for tida med dei større båtane i Oselvartradisjonen.

På fritida brukar eg ein del tid på å gi barn og unge kjennskap og erfaring med sløyd og handarbeidsfaga. Eg driv ei lita sløydgruppe for barn, og er delaktig i oppstart av fleire sløydgruppar. Eg meiner det er viktig å få slike fag opp på dagsorden i skulen igjen.