Kjøleskap uten stikkontakt

Vi går og køyrer dagstøtt forbi desse små haugane, som ikkje så mange vørder på. Kva gøymer seg under grastustane? Ein potetkjellar, finn vi kanskje ut, viss vi ser etter. Men vi kan også svara: ein konstruksjon i stein, noko av det mest avanserte og sofistikerte vi har av bygningar i det heile. Ove Magne Bore skriv i «Ein ressursvenleg byggjeskikk» at potetkjellaren «representerer (…) den mest perfekte utnytting av gråsteinens eigenskapar både med omsyn til materialøkonomi og isolasjon.»

0.jpg

Vi snakkar oftast om potetkjellarar, men her nyttar eg for det meste uttrykket «jordkjellar». Det er fordi det er eit meir allment uttrykk. Her må vi òg understreka at vi har føre oss den «vestnorske utkraga jordkjellaren». Desse bygningane har stort sett vore nytta som lagerrom for poteter og rotvekstar her på våre kantar. Men slike bygningar har også vore nytta mange stader og til ymse føremål. Dei har hatt eit nedslag i truleg heile det atlantiske området, minst. På Osterøy finn vi slik bygg som har vore nytta som torvhus. På Vesterhavsøyane har dei vore nytta som uthus av ymse slag, ja, endå til som bustadhus i somme tilfelle.

 
Det er rart når det kjem ny teknologi! Då har vi ein tendens til å vraka fullstendig hjelpemiddel som har vore til nytte før og som framleis er funksjonelle.
 

Det er rart når det kjem ny teknologi! Då har vi ein tendens til å vraka fullstendig hjelpemiddel som har vore til nytte før og som framleis er funksjonelle. Eit døme er grasklypparen utan motor. Denne innretninga er jo ingenting mindre enn genial. Dei roterande knivane vert dregne rundt av sjølve framdrifta. Ikkje eit gram klimautslepp og massevis god trim!

Så òg med jordkjellarane. Dei er fullt ut funksjonelle den dag i dag, gjerne med litt ettersyn og stell. Men stort sett har dei fått forfalla og blir ofte brukt til lagerplass for likt og ulikt. Men dét svarer ikkje til potensialet til jordkjellaren. Han eignar seg truleg betre som lagerplass for ein del matvarer enn kjøleskåpet og kjølelageret.

 
Ein god jordkjellar har fukt- og temperaturtilhøve som er særs gunstige for ein del matvarer, og kan såleis vera betre eigna til å halda oppe den gode kvaliteten til desse råvarene enn det moderne kjølelageret.
— Gunnar N. Dahl - Daglig leiar hjå Chefs Dinner Norge
 

Orda kjem frå Gunnar Nagell Dahl, dagleg leiar hjå Chefs Dinner Norge, tidlegare matattaché ved Fylkesmannen i Hordaland og arrangør av mellom anna ei rad matfestivalar i inn- og utland.

Det same seier ei gruppe matentusiastar på New Foundland i Amerika. Der er jordkjellaren verkeleg i vinden for tida. Ein liten by ved kysten, Twillingate, har gjort jordkjellaren til sitt kjennemerke. Der heiter det «root cellar». I dette området kryr det av jordkjellarar, eldre og nyare, i mange variantar, og dei blir tekne i bruk. I seinare tid har folk også sett i gang ein kampanje for å driva opp att den lokale produksjonen av rotvekstar og andre grønsaker. Der, som andre stader, har lokal produksjon minka til føremon for import, men det vil dei ha ein snunad på.

Bak det rufsete ytre mange jordkjellarar har, finst òg ei lang og interessant historie. I Noreg finst to tradisjonslinjer, ei kort og ei lang. Om ein fylgjer dei bakover, endar dei begge i halvmyrkre. Kjeldene strekk ikkje til. Den korte går tilbake til 1700-talet. Då poteta vart innført i siste halvdel av 1700-talet, vart det trong for gode, kjølige og frostfrie, lagringsplassar for poteta. Frå då av og utover 1800-talet vart det reist mengdevis av potetkjellarar. Det vart ein jordkjellar-boom! Vi ser det enno, på mange bruk i Nordhordland står det ikkje berre éin jordkjellar, men to og stundom tre. Granskar ein desse utkraga jordkjellarane, ser ein stor variasjon, men også ein stor grad av einskap. Den grunnleggjande byggjemåten er den same, anten dei er rektangulære eller kvadratiske i forma. Så då reise spørsmålet seg: Kvar kom denne kunnskapen ifrå? Det er vel rimeleg å rekna med at det alt var ein tradisjon for å reisa bygningar med utkraga mur. Går ein til andre land, til Irland og Skottland t.d., finn ein bygningar av denne typen som er reiste før vår tidsrekning, kanskje så langt tilbake som til yngre steinalder, og i alle fall til bronse- og jernalder. Dette er den lange tradisjonslinja. Dei fleste kloke folk eg har spurt, Nils Georg Brekke, Arne Lie Christensen og fleire, meiner det er berrsynt at det finst ein slik tradisjon som går langt tilbake, også her i Noreg. Men ingen har kunna visa til kjelder for dette, førebels. Så er det artig at folk rundt skiftet frå 1700- til 1800-talet begynte å byggja like hus over store delar av Vestlandet. Men ingen har enno kunna visa til skisser eller teikningar frå den tid. Ein skulle tru at ein i arkiva til «Det nyttige Selskab» i Bergen skulle finna spor etter omtale av jordkjellarar, men slike referansar er særdeles vage. Somme stader vert det snakka om «Stenhuse», men det kan jo vera kva som helst.

Nils Georg Brekke skriv i eit brev til meg:

 
Det vil vera heilt ulogisk å tenkja seg at bruken av stein skulle vera ein teknologisk og intellektuell innovasjon i bygningskunsten på slutten av 1700-talet, fremja av dei lett nostalgiske og verdikonservative byborgarane i Det Nyttige Selskab.
— Nils Georg Brekke

I sanning: Jordkjellarane våre løyner fleire gåter! Det gjer dei ikkje mindre interessante.

Folk vart avhengige av poteta, og jordkjellarane vart såleis eit viktig vilkår for overleving langs våre kystar her vest. Den frostfrie jordkjellaren har gjort det mogleg for folk å berga seg gjennom vinteren.

Den vestnorske jordkjellaren er bygd etter utkragingsprinsippet. Det vil seia at steinane i eitt skift vert lagde litt lenger ute enn steinane i skiftet under. Fører ein saman fleire vegger som er bygde på denne måten, får skaper ein eit slags kvelv. Men slike kvelvar skil seg vesentleg frå dei «ekte» kvelvingane som er bygde på forskaling og der steinane er sette radialt ståande inn mot eit senter i ein tenkt sirkel (eller i somme tilfelle ein ellipse). Dei utkraga konstruksjonane er bygde utan forskaling. Det andre særmerket er at jord og torv er nytta som isolasjonsmateriale, både som overdekning over heile konstruksjonen, og mellom inner- og yttermur, der det finst ein yttermur. Steinen i ein jordkjellar er lagd med uthall, slik at vatnet finn vegen ut og ikkje inn i rommet. Stundom kan ein finna never i taket og rundt ljoren. I alle jordkjellarar finst ei utlufting, oftast ein ljore sentralt plassert i taket, men stundom ut på sida. Inne i jordkjellaren er det ofte lagt mørtel i fugene mellom steinane, leiremørtel, kalkmørtel eller betong. Eg tenkjer dette fyrst og fremst er for å halda skadedyr borte. Einer til å leggja potetene på skal ha litt av same effekt. Musa liker visst ikkje einer. Nokre stader har gulrøtene blitt lagde i kvitmose. Den skal ha dokumentert verknad mot rote.

 
Folk vart avhengige av poteta, og jordkjellarane vart såleis eit viktig vilkår for overleving...
 

Kvar helst lærte vestlendingen å mura og å byggja utkraga hus? Det er vel slik at alle stader det finst stein, der har det funnest smarte folk som har visst å leggja stein på stein. Det er grunn til å rekna med at kunnskap har vandra på kryss og tvers over hava. Men det er ikkje til å stikka under stol at til dømes irane har ein eldgamal steinbyggjarkultur og på kystane av Shetland og Skottland finst dei fleire tusen år gamle «brochs» og rundhus av ymse variantar. Så det kan vel henda at våre forfedrar har lært eitt og anna ute i verda.

Finst det ei framtid for jordkjellaren?

Tja, med litt stell og stundom vøling er det jo flotte bygg. Beint fram ein liten samlingsstad der gode naboar kan møtast over eit lite glas og ein drøs? Jordkjellaren kan også tena andre føremål. Ein mann lagra blomar (staudar) og røter som skulle halda seg over vinteren. Tidlegare var det ein som brukte jordkjellaren til å lagra dynamitt. Ein stad rømde ungane inn i jordkjellaren når dei hadde gjort fantestykke og venta kjeft og det som verre var. Det knyter seg òg spennande krigshistorie til somme jordkjellarar ute ved kysten. Til Radøy kom motstandsfolk frå Masfjorden på flukt frå tyskarane og vart innlosjerte i ein jordkjellar. Dei laut venta der til det var ordna med transport vidare til Shetland.

Men også den gode, gamle, autentiske bruken av jordkjellaren er framleis aktuell.

 
Somme stader der er det ei enorm interesse, og ikkje berre for bygningane, «the roots cellars», men òg for heimedyrking av grønsaker, av røter, dei kallar. Eldsjelene der satsar sterkt på å læra opp dei unge til å dyrka «roots» og fører vidare tradisjonen med å lagra matvarer i jordkjellarar.
 

Det finst ei gruppe entusiastar som kjenner seg heilt sikre på at jordkjellaren gjev framifrå lagringsvilkår for ein del matvarer, det gjeld i fyrste rekke poteter og rotvekstar. Det går elles gjetord om ein renessanse for jordkjellarane i Sverige. Folk som har ein jordkjellar, er mektig stolte og vil gjerne halda han i god stand. Eit prosjekt med base i Museumssenteret i Hordaland har valt å setja søkjelyset på bruken av jordkjellarane og planlegg å skaffa granska vitskapleg nokre av dei gode eigenskapane vi meiner desse bygningane har.

I fjor vår fekk eg vera med på ein studietur til New Foundland. Somme stader der er det ei enorm interesse, og ikkje berre for bygningane, «the roots cellars», men òg for heimedyrking av grønsaker, av røter, dei kallar. Eldsjelene der satsar sterkt på å læra opp dei unge til å dyrka «roots» og fører vidare tradisjonen med å lagra matvarer i jordkjellarar.

Vi merkar denne tendensen her hos oss og, enno heller svakt, men stemninga snur. På Radøy er det sett i stand fleire jordkjellarar, i Austrheim ei heil lita gruppe, i Lindås er det ei under restaurering nett no, og det er sett i stand ein på Io i Meland og fleire tiltak er under planlegging.

Dei vestnorske jordkjellarane, så små og smålåtne dei kan synast, er praktbygg. Dei er vitnemål framifrå steinmuringskunst og fortel om kjennskap til og innsikt i naturlover. Viss vi her i Meland skulle snakka om «signalbygg», så måtte det vel vera jordkjellarane våre.

Kjøleskåp – og ikkje eit øre går med til straum!


Handverkslaget
v/Haakon Aase


Fil: Istandsetting av frittliggende jordkjeller, Landbruksdirektoratet & Kulturminnefondet


Forrige
Forrige

Vi har møtt gipsmakeren, Peder Alme

Neste
Neste

Stilling ledig som museumhandverker