Material > Tekstil

Tekstil omfattar materiale ein får ved å laga tråd av fibrar frå plantar (bomull, nesle) eller dyr (sau, silkeorm). Tråd kan flettast, tvinnast og vevast og dannar utgangspunkt for alt frå grove plagg, sterke tau til dei  finaste blonder. Stoff kan også lagast ved toving av ull. 

Tekstilar har vore brukt til å visa status og stand, for eksempel gjennom samansette og kompliserte teknikkar. Bunadstilverknad er ein av desse.