Material > Naturstein

Som namnet tilseier, er naturstein stein som er teken frå naturen – i ein slik tilstand og i slike former som han finst der. Stein som geologisk formasjon vil vanlegvis tilhøyra ein bergart som kan vera samansett av eitt eller fleire mineral. Det kan dragast klare skiljelinjer mellom ein del bergarter, men grensene kan også vera flytande, alt ut frå dei samansette prosessane som har skapt dei ulike typar berg og stein.

Geologane snakka gjerne om tre hovudtypar av bergarter. Det er storkningsbergartene, dei magmatiske (t.d. granitt), avsetningsbergartene, dei sedimentære, (t.d. skifer), og dei metamorfe (t.d. kleberstein) .

Frå eit handverkarsynspunkt vil det ofte vera viktig å skilja mellom homogen stein, t.d. granitt, og lagdelt eller skifrig stein, t.d. lagdelt gneis.

Frå dei eldste tider har naturstein vore til nytte på ei uendeleg mengd bruksområde. Ein kan trygt slå fast der det har funnest stein i ei eller anna form, der har steinen blitt teken i bruk til eitt eller anna føremål. Same kor «vanskeleg» og «ugrei» steinen har vore har menneske lært seg kunsten  handtera materialet, og gjerne funne fram til spesielt veleigna bruksområde. Det mest vanlege er bruk av naturstein til ymse konstruktive føremål, dvs. i bygningar og til ulike slags konstruksjonar, t.d. vegar, akveduktar, kaiar etc., og til landskapsformande element elles, t.d. bakkemurar og fyllingar.

Naturstein har også blitt nytta til reint symbolske og/eller dekorative føremål.

Stein kan nyttast som han vert funnen i naturen, heilt ubearbeidd, men kan også bearbeidast og vidareforedlast på mange ulike måtar. I dei ulike greinene av murarfaget blir det gjerne brukt verktøy til å tilpassa steinen betre til dei ulike bruksområda. Ymse slag naturstein kan også bli brukt som råstoff i ei rad meir kompliserte prosessar. Stein med stort kalkinnhald kan til dømes brennast til bruk som bygningskalk, ein prosess som har særs lange tradisjonar i  mange land. Andre døme er utvinning og foredling av ymse mineral og metall i prosessindustrien.

Eitt stort bruksområde for naturstein i mange land er tørrmuring, dvs. steinen blir plassert i mur utan bruk av mørtel, og der det er måten steinane er innbyrdes plasserte på, som gjev muren stabilitet og eit preg av heilskap.

I bygningar og til andre konstruktive føremål ser ein ofte naturstein nytta saman med mørtel av ulike slag, leire, kalk eller sement. Når ein mur blir reist med svake mørtlar, som leire- eller kalkmørtel, blir dei same prinsippa som ved tørrmuring lagde til grunn, skal muren bli stabil.

På basis av dei grunnleggjande teknikkane for handtering av stein har det gjennom tidene utvikla seg ei rad ulike spesialretningar og fag for utvinning, bearbeiding og bruk av naturstein. Nokre av dei blir presenterte nedanfor.