Kjøp boken “Jakta på Girardoni” nå, med rabatt for medlemmer.

Forside bok.jpg

Klokkemakaren og det mekaniske multigeniet Bartholomeus Giradoni frå Cortina d’Ampezzo i Sør-Tyrol kjem ein vårdag i 1779 til Wien: Med seg har han ei rifle han vil vise til keisar Josef II. Dette er prototypen på det som skal bli M1780, verdas fyrste luftdrivne militærrifle.

Børsa kjem inn i den austerrikske hæren same året og forsvinn like plutseleg knapt tjue år etterpå. Kvifor?

Når børsemakar Alf Helland vert tilsett som stipendiat ved Norsk håndverksinstitutt er planen klar. Han må løyse gåta bak den italienske genistreken. Luftrifla må rekonstruerast. Men korleis vart det gjort? For å finne ut det må handverkaren frå Vestlandet og kannen hans Bent Erik ut på ei reise i dobbel forstand. Dei må ut i verda og tilbake i historia.

Her treffer dei på mangt og mykje: Leonardo da Vinci, taxfreekundar på danskebåten, indianarar i Borneo, president Thomas Jefferson, Sir Joseph Whitworth, sinte tyrkarar, Karl Mack von Leiberich, Sherlock Holmes og mange andre.

Ein tilårskommen Land Rover Defender med diesellekkasje, ustoppeleg regnvêr og eit hav av gløymde handverksteknikkar gjer ikkje oppgåva enklare. Dei kastar seg likevel ut i prosjektet og anar ikkje kor dei endar opp tre år seinare, korkje katten eller børsemakaren…

Nå kan du kjøpe bok her direkte ifrå forfattaren sjølv. Til alle medlemmar av Handverkslaget gjev han raust heile 100,- kr i rabatt per bok. Det er offisielt bokslepp i Nordbygda, 28. oktober 2021.

Kjøp boken nå!

PRISAR:
Signert bok, inkludert emballasje og frakt, for medlem av HVL: 760,- kr.
Signert bok, inkludert emballasje og frakt, for ikkje-medlem av HVL: 860,- kr.

BETALINGSINFORMASJON:
Boka kan forhåndsbetalast via bankkonto 3632.55.71254 (Firma: «Børsemaker Helland», Org. nr. 892 933 342 MVA). Faktura kan også sendes via pdf, etter at skjema under er fylt ut.

TA KONTAKT:
Uavhengig om du har forhåndsbetalt eller ikkje, må du sende ein melding til forfattaren her:

Forrige
Forrige

Nå kan en bestille foredrag med Else “Sprossa” Rønnevig

Neste
Neste

Kurs i tradisjonell never og torvtekking.