Filtrerer etter: «#rauland»

Gyllenlêr
juni
26.
til 2. juli

Gyllenlêr

Gyllenlêr vert mellom anna nytta til bokbind, mapper, vesker, lommebøker, smykke og bokmerke. På kister, skrin, peispustar og etui. Til sko, messehakel, ikon, krakkar og stolar. Som tapet, dekor i nisjer i vegg, og på skap og dører. Og til dømes ramma inn som bilete. Gyllenlêr er garva skinn der ein arbeider inn eit mønster som vert ståande i relieff. Skinnstykket vert dekka med bladmetall og malt med oljefargar på ein måte som tek vare på gløden i metallet.

Mål: Kurset skal gje deltakarane grunnleggande innføring i kunsten å skapa gyllenlêr.

Ant. timar 40

Spesielle krav: Ikkje anna enn eit ønskje om å læra dette kunsthåndverket

Studiematriell: Her kjem meir informasjon

Arbeidsform: Det blir fellesundervisning, demonstrasjon, mye praktisk arbeid, individuell hjelp og rettledning.

Vis arrangement →