Ordbok

 

A

Agn

(n) (allm) – den åta som ein har på ongelen når ein fiskar. Sjå også beit.

Agnbete

(n) (Nord-Noreg) – den beten som agnet vart skore på. Til vanleg skar ein det i etterrommen. Då låg agnet på naglebeten. Difor heiter dene ofte a. på linebåtar.

Agnsild

(f) (allm) – sild som blir brukt til agn. A. vart oftast fiska med garn. Det var vanleg å sjå over agnsild-garna før ein rodde seg på medet om morgonen. A. blir skore opp på ein viss måte etter kva slags fiske ein driv, og etter lokale og individuelle oppfatningar.

Akkar

(m) (allm) – ein slags sprut. Sjå dette.

Aktaumr

(m) (gno) – bras. Sjå dette.

Aktarleg/atterli

(adj/adv) (allm) – ordet blir brukt om vind som kjem inn over båten bakandfrå; han kjem attanfor tvers.

Akterlik

(n) (allm) – der aktre liket på fokk eller storsegl. A. høyrer heime innanfor snesegl-tradisjonen.

Alde

(f) (allm, men lite brukt i dag) – stor båre som kjem frå havet.

Alen

(f) (allm) (Uttale; ein aln, fleire æln (tjuk l) – eit lendgdemål som tek utgagspunkt i lengda på underarmen. Vi har i gammal tid hatt (minst) 4 alner her i landet: tumal.alna, lov-alna, nev-alna og norsk-alna. I nyare tid kjenner vi berre til to som er i bruk: - Båt-alna som også blir kalla sørlands-alna (55 cm) og norsk-alna (62,74 cm eller 24 norske tommer). Norsk.alna er det same som dansk-norsk alen, innførd ved lov i 1615. Sørlands-alna eller båt-alna svarar til den gamle nev-alna som var 7/8 av den dansk-norske.

Alens-lengd

(m) (allm) – lengda av båten i alen.

Alenstav

Et historisk mål- og måleredskap. Den dansk-norske alen var en lovfestet målenhet i Norge fra 1541 til 1875.

Alning

(m) (allm) – blir brukt samansett, 10-alning, 8-alning og så bortetter. Det fortel kor mange alen båten er målt til. Målestadene på båtane varierer, slik at det som er 10-alning ein stad, kan vere like lang båt som en 12-alning i eit anna båtbyggings-område. Sjå båtlengd.

Altan

Kan bli sammenblandet med “Veranda”, men stort sett blir altan brukt om et åpent tilbygg fremfor adre høgden av et hus.

Alved

(m) (allm) – kjerneved på visse treslag. A, er feit ved som rotnar svært seint. Den ekstra feite a, is tubbar og til dels døde greiner på furu kan summe stader bli kalla tyri eller feitved.

Ambod

Ordet blir nå mest bare brukt som en vits, slik som det ofte går med gamle ord. Mest levende er ordet i tyding: Husbyggeren og snekkeren bruker “verktøy”, kaller han verktøyet ambod, er det enten for å være morsom, eller det ligg noe nedsettende i det, et hint om at verktøyet er gammelt og dårlig.

Andal

(m) (allm) – kjem truleg av «dalen mellom to alder», mellom to store havbårer.

Andror

(m) (Alfred Lindrupsen, Tromsvik; troms) – var truleg eit allment brukt ord ettersom det går att i nokre av Alfred sine ordtøke: 1. – roing mot vinden. 2. – mot-gang. «han rår ikkje med androren» - han rår ikkje med motgangen.

Andsjø

(m) (allm) - sjø som kje imot.

Andstraum

(m) (allm) - straum som fell imot. 

Andøvar

(m) (allm) *l, - den personen som andøver (sjå andøve). *2. - oppståande rull (på sida av rullen/korten) som hindrar at garnet/lina blir drege av rullen. 

Andøve

(å) (allm) - å ro slik at ein blir liggande på same staden. Halde båten opp mot vinden slik at ein blir liggande i ro og ikkje rek av.

Andøving

(f) (allm) - den roinga ein gjer for å andøve båten.

Andøve-segl

(n) (allm) - eit lite (gaffel)segl bak på åttringar og fembøringar. A. brukte ein for å få båten til å rette seg etter veret når fiskarane låg under bruket. A. tilsvarar mesan på moderne fiskebåtar.

Andøvs-ror

(m) (allm) *1. - den roinga vi gjer når vi andøvar. *2. - den særlege ro-rytma som vi bruker når vi andlver. *3. - den tollegang-en/keipparet, den roren som vi sitt på når vi andøvar.

Angel

(m) (alIm) - fiskekrok/-ongel. 

Angelskrin

(n) (allm)-eit lite skrin som fiskarane hadde med seg på sjøen. Her hadde dei forutan anglar, bryne (hein), tråd, kanskje seglhanske, beit, nåler og garn. Sjå ongelskrin.

Anker

(n)(allm)-stor, tung dobbel jarnkrok, som blir brukt til å ankre med, til fortøying i sjøen. Det er tre a. om bord i ei jekt: stor-ankeret som ligg på styrbordsida, litj-ankeret som ligg på babordsida og varpankeret som ligg på dekk. Hovuddelane på ankeret er desse: Leggen som delar seg i dei to armane, flegga (flya) som sitt på enden av armane, og stokken som går gjennom leggen like under øvre enden. Øvst i leggen har vi endå eit hol, og i det sitt a.-ringen. 

Anker-arm

(m) (allm) - dei to armane som anker-flegga sitt på, blir kalla a. Sjå anker og dregg.

Anker-flegg/anker-fly

(n) (allm) - den ytste hjarte-/bladforma flata på anker-armane.

Anker-legg

(m) (allm) - stanga i ankeret mellom anker-armane og -stokken.

Anker-katt

(m) (allm) - ein kjetting som går over leppe på kranbjelkken, igjennom anker-ringen og tilbake til bolt eller utløysar-mekanisme på innsida av kranbjelken. A. er det siste som blir kasta laust når ein skal ankre. Det heiter å “gje katten”. Å “katte ankeret” er å feste det med a.

Anker-ring

(m) (allm) - ringen som går igjennom holet øvst i anker-leggen.

Ankerspel/-spell/-spill

(n) (allm) - det spelet, den innretninga, som ein bruker bruker for å få opp ankeret.

Anker-stokk

(m) (allm) - den stokken som går på tvers igjennom anker-leggen like under ringen.

Anker-talke

(f) (allm) - ei talje som heng ytst på kranbjelken, og som blir brukt til å hive ankeret frå klysset og oppunder bjelken.

Ankre opp

(å) (allm) - det heiter å ankre opp, eller berre å ankre. Det er å sette ankeret og legge seg til med ankeret som feste for båten.

Anlegg

(n) (Johan Hårstad, Åfjorden) - i båtbyggar-språket tyder dette kjøl, lott (og stamn) ferdig skara i hop og gjort fast til barstokk og la-lump, slik at ein kan ta til med bordinga.

Ark

Kan forveksles med papir. Men betyr et utbygg på siden av et hus, enten slik at det bare er taket som er bygd ut, eller slik at hele huset er bygd ut, denne arka blir og kalla “vinkel”. Vanligvis har ei ark møne, har ho ikke det, blir ho kalla “østlandsark”.

Arkeologisk kulturminne

Fysiske spor og levninger etter tidligere tiders liv og virksomhet, der utgravning og dokumentasjon utgjør hovedkildene til vår kunnskap om og opplevelse av fortidens samfunn.

Arm

(m) (allm) *1. - notarm. Det er det tauet som går frå nota og inn til lands på ei landnot, eller til båten på ei slkk-not. *2. - anker-arm. Sjå anker. *3. - dregg-mn. Sjå dregg.

Ask

(m) (allmiNord-Noreg)-kjølrenna i ein askkjøl. Sjå gatakjøl og kjøl.

Askkjøl

(m) (allm Nord-Noreg) - gatakjøl. Sjå gatakjøl og kjøl.

Atterlott

(n) (allm) - bakre lottet som går mellom kjøl Og atterstamn.

Atterrom

(n) (allm) - bakre rommet på ei jekt. Den delen av rommet som er bak mastra.

Atterrøst

(n) (allm) - lausrøstet under flakane bak atterrommet på ei jekt.

Attersigle/attersegle

(f) (allm) - rommet som er bak mastra.

Atterskott

(m) (allm) *l, - den bakre skotten; den delen av båten som er attanfor attaste band, attan-forhammel-bandet. *2. - som leng-detal blir skotten målt frå bakkant hammel-band til hals-odd. (Johan Hårstad, Åfjorden.)

Atterskott-ronga

(f) (allm) - ronga i atterskotten.

Atterslange

(m) (jektespråk) - den slangen som er bak (på jekta). Sjå slange.

Atterstamn

(m) (allm) - den bakre stamnen.

Atti

(prep) (allm) - oppi den attare delen av båten. Sjå att.

Attover

(prep) (allm) - går på rørsleretning. *1. - i høve til ting; attoverbåten, attover heia (fjernare) *2. - om segling; segling bakover. «Dem rok attover». Sjå att.

Attrømming

- det å rømme att-over, sjå attrømt og rømme.

Attrømt

(adj) (båtbyggar-språk; vanleg hos kyndige). Når båten er a., er romma i båten plasserte slik at midtpunktet for alle romma ligg bak midt i båten. Sjå også midt i båt.

Attsett

(adj) (allm) -båten er attsett når han er lasta slik at han ligg for djupt nedi bak. Sjå også laste.

Attsig

(g) (n) (allm) - Båten får a. når han ligg for bakka segl i ei stag-vending og tek til å sige attover. Det er om å gjere at a. skal vere så lite som råd (sjå også attabakk).

Au(gne)spleis

(m) (allm) - lykkje som er spleisa på enden av eit tau.

Aurgjelding

(m) (allm) *l. - per-son frå Aure, Nordmøre. *2. - båt-type som vart laga og brukt i Aure. Overgangstype mellom Åfjords- og 

Ausar

(m) (allm) - han som auser båten.

Ause

(å) (allm) - ta sjø ut av båten ved hjelp av eit ausekar.

Ausekar/auskjer

(n) (allm) - ei slags ause av tre med viss form og storleik som høver til båtane. Brukast til å ause båten med. Færingauskjeret blir kalla sprett-auskjer i store båtar. Her har ein også eit to-hands bord-auskjer å hjelpe seg med. Det heiter gjerne kar i usamansett form, men kjer isamansett. Altså ausekar, men bord-auskjer.

Ausekar

(m) (allm i Nord-Noreg) - han som auser/han som sitt i ausrommet.

Ausregne

(å) (allm) - det regner slik at det ser ut som om nokon auser Vatn.

Ausrom

(n) (Nord-Noreg) - rommet framom bakaste rommet på Nordlandsbåten. Det er det rommet som ein helst auser i. Ausroms-band (n) (Nord-Noreg) - det bandet som ligg i framkanten av ausrommet på Nordlandsbåten. 

Ausroms-tofte

(f) (Nord-Noreg) - mellom ausrommet og baksigla ligg det ei tofte som heiter ausromstofta. Ho ligg på/ved ausromsbandet.

Austant(il)/austante/austa

(allm) - frå aust. «Han kjem austant» (om vind).

Austavind

(m) (allm) - vind frå aust.

Auster

(m) (allm) - den sjøen som er oppi båten, som lyt/bør bli aust ut.

Austerbetta

(m) (Kåre Bjørkøy) - hammel-betta (Afjordsbåt).

Austerrom

(n) (Kåre Bjørkøy) - hammel-rom (Afjordsbåt)

Austfjord-båt

(m) (Bernhard Færøyvik) - båt frå Austfjord, Nord- Hordaland. 

Autentisitet

Autentisitet brukes om et objekts grad av ekthet og/eller opprinnelighet. Autentisitet må alltid sees i forhold til noe, for eksempel tidsperiode, stilart, materialbruk eller byggemåte.

Automatisk fredet kulturminne

Et kulturminne som er fredet direkte etter lov, uten særskilt vedtak.

Disse kulturminnene er automatisk fredet:

  • faste kulturminner fra før 1537

  • samiske faste kulturminner eldre enn 100 år

  • stående byggverk med erklært opprinnelse fra perioden 1537 – 1649

  • faste og løse kulturminner på Svalbard fra før 1946. Itillegg er det bestemmelser forenkelte typer kulturminner. (Se svalbardmiljøloven)

(Skipsfunn eldre enn 100 år er vernet etter egne regler i kulturminneloven).

Avbinding

Det at limet går over fra væske til fast stoff.

Avbordar

(m) (Nord-Noreg) - ein dram som båtbyggarane tok etter at båten var avborda. Det vart helst under bygging av storbåtar og jekter at a. var fast tradisjon.

Avborde

(å) (Nord-Noreg) - mest brukt i faste uttrykk: «Båten e avborda ». Då er alle bordgangene til og med øv-slaget eller øv-remma lagt på.

Avfall

(n) (allm) - Mellom overspielen og underspielen på jekta er. 

Avvoksen

(adj) (Harald Pedersen Brenne, Saltdalen) - avvoksent tømmer er tømmerskog av furu som veks lite i volum. Den indre delen av stamma som ikkje lenger tek del i vasstransporten opp i treet, blir då fylt med kvae/tjørestoff/malme. A er difor det same som tømmer med (forholdsvis) mykje malme eller mykje «passiv» ved som ikkje tek del i vasstransporten. A. er det same som mogen skog. 

Avfeldig

(adj) (allm sør for Bergen) - tyder at båten vil svinge bort frå vinden. I Midt- og Nord-Noreg seier ein heller: «Han vil fell tå» (legjerrig). Sjå falle av. Det mot-sette er «logjerrig» (som det heiter sørpå) eller «luff-gjerrig» (som det heiter nordover; uklart kor grensa går). Sjå luff-gjerrig og åsøkjen.

Avl/avvel

(m) (allm) - Når garna har fløyka seg i hop nedi sjøen, lagt seg dobbelt, då har ein fått a. Nordmørs-båt. A. blir også kalla Aurgjelds-geit. Han liknar mest på Nordmørs-båt, men har teke inn sume drag frå Afjordsbåten, mellom anna rettskore råsegl og vaterbord. 


B

Bakbord

(n) (allm) - bord som ligg atti båten. I kvart omfaret er det såleis to b.

Bakbord-skar

(n) (allm) - skar i bakbord. Sjå skar og bakbord.

Bakbåt

(m) (Harald Pedersen Brenne, Saltdal) - den delen av båten som er bak midten. Særleg brukt om kravellbygde båtar, bygde på teikning eller malbåt.

Bak-fotstø

(f) (allm) - den fotstøa som er att/bak i båten; atter-fotstø.

Bakhals

(m) (allm)-den bakre halsen. Sjå bordgang, hals og omfar.

Bakhanda

stå i (å) (allm) - når ein dreg line eller il, vil det vere ein som står utmed rull/kort/blokk og dreg inn. Nestemann står bak denne første og hjelper til med draginga. Han står i bakhanda, tek lina ut av bakre hand på han som dreg.

Bakhun

(m) (allm) - det ein sagar av den runde stokken for å gje han eit firkanta tverrsnitt, slik at ein kan sage beine og jambreie bord. Hunn (gno) eigentleg kubbe, knubb. * 1. -terning, firkanta stykke av kvalkjøt. *2 -terning (eller brikke) i tavlspel *3. - mastertopp der hånbora er drag-holet *4. -unge av dyr, særleg bjørn, og hjortekalv *5. - gut, ung mann *6. - sjøkongenavn.

Baki

(prep) (allm) - oppi bakre delen (av båten). Sjå att og bak.

Bakk

(m) (allm) - den oppbygde delen av fordekket på skip/farty. Trålarane kan ha eit høgt, avrunda overbygg, såkalla trålar-b. Etter kvart har også sjarkar fått trålar-b.

Bakk

(adj/adv) (allm) - seglet er bakk når vinden kjem inn framom seglet, på baksida (sett frå høveds-mannsplassen), men på framsida (sett i fartsretninga). Båten blir skuva attover. Når det er lysterrigg, kan segla bli bakka kvar for seg, ein kan bakke fokka, og ein kan bakke storseglet 

Bakkammers

Kammers bakenfor stua i hus som har “dobbel bredde”. Blir også kalt “Si’kammers”. Ordet kom trolig til Romsdalen sammen med sveitserstilen.

Bak-kar

(m) (allm, men lite brukt) - mannskap på båt. Har plassen sin bak i båten. Det vart til vanleg sagt «dem atti».

Bakke

I tillegg til å være en forhøyning, skråning, betyr det også ryggen på en ljå eller kniv. Motsatt side av ryggen er eggen.

Bakksag

Ei særlig tynn og fintinda sag som har en påsveisa rygg for at ho skal bli stivere. Bakksaga blir særlig brukt til å “skjere sammen” slikt som skal “falle” godt, f.eks. slisstappar, sinkar, og lignende. Ordet kommer fra det engelske “backsaw”.

Bakskott

(m) (allm) - ordet nyttast om einannan med atterskott. Sjå dette.

Bakskott-tilje

(f) (allm) - den tilja som ligg i bakskotten. Det vil seie mellom skott-ronga og hammelbandet.

Bakslag

(n) (allm) - ein får bakslag i seglet når vinden kjem framantil og slår det attover, inn mot mastra. Det kan like gjerne berre bli kalla slag.

Bakstamn

(m) (allm) - atterstamn. Sjå dette.

Bakved-stokk

(m) (allm) (Johan Hårstad, Afjorden) - den båtsved-stokken som blir brukt bak i båten. 

Balister

Fjøl under handrekke på en veranda eller ei trapp, som er utskjært i kantene på ulike måter. Ordet kommer av fr. balustre.

Ballast/barlast

(f) (allm) - den lasta ein bruker for å gje båten tilstrekkeleg/høveleg stabilitet. Sjå også seglfeste og seglstein.

Bambustrø(e)

(f) (allm) - trøe av bambus. Sjå trø(e) og seitrø(e). 

Band

Ei fjøl, en planke, eller en stokk som blir festet på ulike steder i et hus av stavverk for å stø og binde i hop. Eller det kan brukes om en stein som ligg slik i en mur at han binder sammen andre steiner. En bruker ulike koblinger, slik som “Kledningsband”, “Skråband”, “Stikkbank” og “Sperrband”.

Band

(n) (allm) *l, - dei tverrtrea som går over botnen i båten. *2. - Alle tverrtrea i båten. B. omfattar då både (botn)band, bettatak/band-skaut, opplengjer, renger og fotstøer. Også bettane kan bli rekna til b. i denne tydinga. B. gjeld klinkbygde båtar. Sjå også spant. *3. - fortøyingstau. Sjå også fatle og fest. *4. - omfar i fiskegarn. «Kva slags band nyttar du?». Det vil seie kva slags maskevidde. Sjå garn

Bande

Binde sammen et hus ved hjelp av “band”. Aasen har verbet bare i betydningen “slå band på et Kar”.

Bande

(å) (allm) - å felle og feste banda i båten. Sjå band, tyding 2.

Bandende

(m) (allm)-enden av eit band. Sjå dette.

Bandjarn

(n) (allm)-tynt flattjarn, band av jarn. Det blir selt i rullar. Tidlegare vart det nytta ein sort  b. til å hogge seg rør av til båtane.

Bandkniv

En kniv om lag 15-16 tommer lang, med trehandtak i begge ender. Bandkniven blir i husbygging særlig brukt til å “ry” av bark med. Egentlig er han vel et “bøkkerverktøy”, og har kanskje fått navnet fordi han blir brukt til å kløyve tynneband med.

Bandkrok

(m) (Johan Hårstad, Åfjorden) - krokved som er lagleg til band, band-skaut og opplengjer. Det var vanleg å nytte grein og stammekrok til b.

Bandmal

(m) (Johan Hårstad, Åfjorden) - ein mal som vart nytta for raskt å kunne lage rett fasong på band og band-skaut i båten. 

Band-nagle

(m) (allm) -nagle som fester bandet. 

Bandsag

Ei sag der sagbladet, som er særlig mykt og smalt, går som et band rundt to runde skiver. Ordet kommer fra tyske “Bandsäge”.

Bandsaum

(m) (alIm) - når banda ikkje er festa med trenaglar, men sauma fast til borda med jarnsaum, talar ein om b.

Band-skaut

(m) (allm) *l, - den delen av bandsettet som går mellom band og betta (Åfjorden). *2. - den delen av bandsettet som går mellom (botn)band og tofte (Nord-landsbåt). *3, - opplengje, tyding I (Nordlandsbåt).

Band-sett

(n) (Johan Hårstad, Åfjorden) - band, band-skaut og betta til saman, Der det ikkje er betta, blir det band og opplengjer.

Bandspikar

(m) (allm) - båtspikar som fester banda til borda. B. er ikkje klinka, slik som bandsaumen.

Bane

Den flate enden (slagflata) på en hammer.

Bangelen

(adj) (Alfred Lindrupsen, Tromvik i Troms) - ujamn vind. Innunder fjell og i sund vil vinden vere ujamn både i retning og styrke. Då er han b. 

Barakke

Et snarbygd hus av stavverk til å bu i midlertidig.

Bardun

(m) (jektespråk) -tilsvarar det som ein på dei store Åfjords-båtane kallartakkel. Andre namn er lessebardun og lensebardun.

Barka

(adj)- (allm) *l, - segl, tau, garn, lær, som er hatt i barkelaug. Sjå barke. *2. - ein b. person er ein som er herda.

Barke

(å) (allm) - å sette inn med barkestoff. Det blir helst gjort ved å legge det ein skal barke, ned i eit barkelaug til det er gjennombarka. Sjå også berke og bork.

Barkelaug

(n) (allm) - eit uttrekk av barkestoff som ein får ved å ha bork i vatn. Det kan vere ståbork / syrebork som ein får ved å la den finknuste borken gjære i (sjø)vatn ein 14 dagars tid, eller kokabork som ein får ved deretter å koke opp borken i lauget.

Barkekjer

(n) (allm) - det karet som ein barkar i. Det var gjerne eit lagga trekar som tok 200 - 300 liter.

Barkekstra

(n) (allm) - innkokt bark(e)-laug, ekstrakt av barkelaug som var handelsvare. B. var gjerne tilsett litt tjære.

Barkholt

(m) (Kåre Bjørkøy) - av sume informantar nytta synonymt med esing på Åfjordsbåt.

Barlast

(f) (allm) - ballast. Det kan vere vanskeleg å høyre om gamle folk seier b. eller ballast. Det verkar som om den mest vanlege uttaleforma er b.

Barstokk

(m) (allm) - bakkestokk; den stokken som båten står på under bygginga. Til vanleg er det to b.

Base

(å) (Carl Bertheussen, Troms) - Han nyttar det om å smørje; å b. grakse på lunnane under båtsett.

Bask

(m) (allm) *l. - ein elvemunningsbåt i samisk tradisjon i Aust- Finnmark. *2. - nise/skeis/pram. Ein kan også seie gummi-b.

Bau

(m) (allm) - slakk(e) eller bøy til sides på eit tau. Ein sett b. på ilen. Då sett ein ut litt ekstra tau slik at ilen kan stå litt på skrå oppover i sjøen. Det kan vere for å hindre at straumen dreg ned blåsa. Sjå også og å slå på.

Baug

(m) (allm) - den fremste delen av båten utvendig. (Sjå også stamn og stemne). B. er helst nytta på farty. Sjå dette.

Baugsjø

(m) (allm litterært) - den sjøen som ein får frå framenden av ein båt i fart.

Baugslange

(m) (allm jektespråk) - den fremre slangen på jekta. (Sjå slange).

Baut

(m) (allm) - vending mot vinden.

Baute

(å) (allm) *l, - å stadig gjere baut/gå over stag, slik at ein seglar sikksakk opp mot vinden. Det heiter å baute seg fram; å slage. *2. - å gjere ei vending mot vinden. «No gjord dem baut», «No bauta dem».

Bauting

(f) (allm) - det å baute.

Bearmann

(m) (Kristoffer Rein, Stadsbygd) - han som bed inn folk til gjestebod. Det kan vere til bryllaup eller til gravferd. 

Beinvedt

(adj) (Johan Hårstad, Åfjorden) - ved som ikkje er snara; beinkløyvd ved.

Beit

(f) (allm) - lokkemiddel for fisk. Det tilsvarar plastikken på moderne plastikk konglar. B. vart laga til på ulik vis. Til dels var det strengt haldne løyndommar som ikkje ein gong kameratane på båtlaget fekk ta del i. Blå-b. vart laga av nakken/ oppå hovudet på sei medan blank-b. vart laga av buken. B. kunne også ofte bli laga av tørka bukskinn av longe/lange.

Beite

(å) (allm sørover på Vestlandet. Uklart kor langt nordover det har vore allment brukt) - å krysse/å baute; å segle mot vinden, med vinden framom tvers.

Beiting

(f) (allm) *l. - det å beite. Sjå dette. *2. - det som bind opplengjarane på ein vegg saman. Sjå opplengjer.

Beitings-ås

(m) (jektespråk) - den stokken som ligg mellom og oppå båe spelbeitingane. Sjå anker-spel.

Beit(e)vind

(m) (ikkje tradisjonsheimel for ordet) - motvind, vind ein lyt beite/baute i. 

Beitskie

En stolpe, en planke, eller ei lekte som blir felt inn i tømmerveggen på siden av glass- og dørhol for å støtte og holde på plass de avskjærte stokkene.

Beiteskifar

Faret i veggen som beitskia går inn i.

Beke/Bækka

(å) (allm) *l. -å sette inn med bekk, til dømes når ein lagar bekatråd. *2. - Når ein kokar tjære eller blandar henne med terpentin, kan det felle seg ut klumpar av bekk. Då vil ein seie at det b.

Belegge

(å) (allm) - å fortøye. Det er helst ved kai at ein b. B. er eit nyare uttrykk. Sjå også ta fast og å betøye.

Bell

(m) (Thorbjørn Storjord) - køye i huset på båtane.

Bell

(n) (Thorbjørn Storjord) - ei lita pause i vinden.

Bella

(f) (Thorbjørn Storjord) - mellomrommet mellom brotta i ein brytande sjø

Bende

(å) (allm) - å binde fast ved hjelp av band eller bendsel. Ein b. seglet til råa, ein b. smetten til bonetta.

Bendsel/bendsle

(n) (allm) - sjømanns-garnet som ein bendslar med.

Bendsle

(å) (allm) - å binde saman ved hjelp av eit bendsel, eit sjømannsgarn eller liknande. Det er ei kort surring med 10 - 15 tørn.

Bendsling

(f) (allm) *l, - det å bendsle. *2. - det ein har bendsla.

Bere/bære

(å) (allm) - uttrykk for fartsretning. «Ka vei bær det?» - ATT. Det ber attover når ein har fart bakover. - FRAM. Det ber framover når ein har fart framover. Det blir helst nytta når ein har god fart. «Det bær godt fram». - MOT. *l, - fartsretninga er i retning av: «Det bær rætt mot fallan». *2. - om vinden: «Det bær imot». Det er det same som motbør, ein har motvind. - KLOA. Det er i stag-vending. Då er det kloberen som b. fram kloa, det som skal bli ny hals. - SEGL. Det er ein tyngderelasjon. «Han bær sæglet sitt godt». Båten er då ein stø båt som tåler mykje vind i seglet.

Bere fram kloa

(å) Det er under stag-vendinga at kloberen (sjå klober) ber fram det som skal bli ny hals. Han har tak i klørne nede i kanten av seglet. Såleis heiter det at han b.

Bere ræva til bords

(å) (høyrt på Ørlandet) - å sette seg opp på ripa i hard segling. Uttrykket er helst brukt som kommando: «Bær rævva til bords!»

Bering

(f) (allm) - båten har god b. når han har ein godt lagt botn og gode skottar, slik at han ber mykje. Han ber godt opp. Ein kan også seie at båten har for lite b. atte, eller han har særskilt mykje b. framme.

Berge segl

(å) (allm i Skagerrak) - å ta i hop (sjå dette). Vi har ikkje støytt borti at tradisjonsberarar på Vestlandet eller nordover nyttar denne uttrykksmåten.

Bergeleg/bergeli

(adj) (allm) - ein båt er bergeleg når han er slik utforma at ein bergar seg på han i ogjærd og grov sjø. Bergeleg-dommen går på sjøeigenskapen. 

Bergkunst

Bilder og symboler som er hugget, slipt eller malt på berg. Bergkunst finner vi i Norge som helleristninger, slipte bergbilder, hulemalerier eller hellemalerier. 

Berke

(å) (allm) - å ta borken av tre. Sjå bork

Beslag

Lås, hengsler, kroker osv. til glass og dører. Eller jarnskjener, skruer osv. på ymse verktøy (og på vogner, sleder og maskiner).

Beslå

Sette beslag på verktøy og ambod (men ikke om å sette beslag på glass og dører). Eller å legge sementmaterial utenpå en gråsteinsmur, enten slik at hele muren er dekt (“heilbeslå”), eller slik at en ser noe av steinen (ikke det samme som å “fuge”).

Bestmann

(m) (allm) - nestkommanderande på jekt. B. bur som regel saman med skipperen i kahytta og står for handelen med varer som dei har med.

Betatak

(n) (Nord-Noreg) - bandskaut, tyding 1. Sjå band-skaut.

Bete/Betta/bætta

(m) (allm) *l. - tverrskipsbindinga på ein klinkbygd båt. B. har namn etter kor dei ligg i båten. *2. - B. er bygd opp av to delar, b. og betta-tå (Trøndelag)/ bete-kne (Nord-Noreg) som er motståande b. i snever forstand. *3. - I ubestemt form tyder b. den midtre tverrskipsbindinga. Dei hine heiter då kne. 

Bete

Tverrstokk mellom reaftlægjene i et hus. Ordet er nå svært lite brukt, det vanlige er “samhald” og “tverrstokk”. Tverrbjelken inne i den gamle røykstua hette “bete”, men det er mulig at “samhald” i eldre tider òg var det vanlige navnet på tverrstokker i løer.

Bete-kne

(n)-ein del av tverrskips-bindinga i ein båt. Sjå bete.

Bete-knekt

(m) (Nord-Noreg) - i prinsippet det same som eit tofte-kne. Sjå dette. B. er nytta på den tofta som mastra står ved.

Bete-snelle

(f) (allm) Sjå snelle

Betong

Ei blanding av sement, sand, og vann og plukkstein eller singel som blir brukt som selvstendig byggemateriale. Det heter “jernbetong” når en bruker jernstenger inne i betongen.

Bett

(n) (allm) *1. - eit uttrykk for kor biteviljug fisken er; fisk-bett. *2. - brukt om stål; egg-stål.

Bettafull

(adj) (allm) - båten er b. når det går sjø opp til bettane.

Betta-leist

(m) (Bernhard Færøyvik) - den delen av betten som ligg mot ripa.

Betta-nagle/-nægl

(m) (Johan Hårstad, Afjorden) - den/dei naglane som festar betta til betta-tåa.

Betta-tell

(f) (Johan Hårstad, Åfjorden) - eit tre som er hlveleg til å lage betta eller betta-tå av.

Bettatell-teig

(m) (Johan Hårstad, Afjorden) - den skogteigen der ein steller skogen med sikte på å få fram flest mogeleg bette-teller.

Betta-topp

(m) (Johan Hårstad Afjorden) - toppen av betta/betta-tåa.

Betta-tå

(f) (Johan Hårstad, Åfjorden) - den kortare delen av blodrand i. *2. - sterk rygg (Carl Bertheussen, Troms). 

Bevaringsverdig kulturminne

Se Verneverdig kulturminne.

Bindemiddel

Den klebende substansen som inngår i et lim.

Bit, biteevne

Fuktevne, bindeevne, adhesjon.

Bitijarn

Eggjern, jern til å skjære med (kniv, slagjern, osv.) Blir særlig brukt om ljå, men kan og brukast om andre “bitjarn”.

Bile

Ei stor og tung øks som særlig blir brukt til å “ry” tømmer med, på størrelse som den vanlige tømmermansøksa, men større enn ho.

Bislag

Et lite tilbygg fremfor kjøkkendøra, for å ta av for været og til å sette fra seg klær/sko, og lignende.

Bjelke

En firskoren stokk som har stor tykkelse, eller en stor firkanta tilhogd tømmerstokk.

Bjelkefylling

Ei av de korte fjølene som ligg på veggen mellom loftsbjelkene.

Bjelkehogg

Uthogging i veggen for en bjelke (jf. bjelkenov).

Bjelkelag

Rad av bjelker mellom to høgder i ei stue. Nytt ord som skal ha kommet fra bymålet (arkitektmålet).

Bjelkenov

Tilhoggen i enden av en bjelke (som høver til bjelkehogget i veggen). Bjelkenovene skal ikkje berre halde bjelkane på plass, men dei skal og stø av veggen.

Bjelkerom

Rommet (takflata) mellom to bjelkar (jf. sperr-rom).

Bjorlad

Den øverste trekanta delen av tverrveggen i eit hus, når han er av tømmer eller plankar (jf. gavl og røst). Merknad: Den øvste stokken i bjorladet, den som ligg over “mønstonga”, heiter “mønkråka”.

Bladskøyt

Ein skøyt mellom to tømmerstokkar som blir laga til på den måten at endane blir skorne i skrå og lagde oppå kvarandre med boltar igjennom.

Blankloft

Ei paneling på undersida av eit bjelkelag (også om ei panelig på undersida av sperrene på “kvistar”). Arkitektane kallar det himling.

Blegg

Ein kile (oftast av tre, men òg av jarn), som anten blir brukt til å kløyve noko, eller til å lyfte noko (ved å drive han inn under (t.d. under ein “stav”), eller til å feste noko i noko.

Bleggje

Splitte eller kløyve.

Blekk

Metall (oftets jern) som er utvalsa i tynne plater. Samme ord som “blik” (øyekast).

Blindbeitskie

Se “Beiteskie”.

Blinding

Trenagle mellom to stokkar eller to fjøler som er “blind”, dvs. han synest ikkje utanfrå. Mellom omfara i eit tømmer- (eller planke-) hus blir det alltid bora inn bindingar (omlag 3 alen frå kvarandre). Bindingane blir elles brukte i “låvebriker”, i tynnebotnar o.a.

Blodstubb

(m) (allm) - Når ein flekker fisk, tek ein ut blodryggen. Denne delen av ryggbeinet med blodranda i er b. Han vart gjerne koka til mat under vinterfisket.

Blokk i stokk

(Alfred Lindrupsen, Troms) - Når to blokker i eit takkel renner i hop, slik at det kolliderer/ stoppar, har ein b.

Bluss

(n) (Petter Adsen, Åfjorden) - brukt om busen/buken/koppen i seglet.

Bløtt

(adv) (allm) - å segle blaut. Sjå blaut.

Blåse

Ved finering: flekk eller område der limet ikke har festet.

Boge

(f) (allm) - tau som går frå framkanten av seglet, om bolin-blokka i stemne og tilbake til nagle eller hals-kar; boline.

Boge/båggå

(m) (allm) - bue. Ordet er brukt om boga fasong.

Boge-/båggåsag

(f) (allm) -sag der bladet er spent opp i ein boge.

Boghank/bolin-hank

(f) (Håkon Faksvåg, Hitra med fleire) - den taulykkja, hanka som boga er festa til. Ho sitt om lag midt i seglkanten.

Bog-høvel

(m) (allm) - ein høvel som har ein boga sole. Solen er bøygd i lengderetninga av høvelen; krum-høvel.

Boks

(m) (allm) - nyttast om material somer saga med om lag kvadratisk tverrsnitt. Minste boks er 3" x 3”.

Boks

Firskoren tømmerstokk som ikkje er særleg grov, og heller ikkje særleg lag. Til boks regnes firskåret tømmer, som er fra 3” og opp til 6”. Eks. 3/3”, 3/4”. 4/4”. Ordet er nok et sagbrukteknisk ord.

Bol(e)

(tjukk l) (m) (Johan Bojer og Johan Fætten, Rissa) - Dei talar om «sæggelbol'n» og meiner kanten midt oppå seglet. Det er der som vi har mest buk i det.

Bolin-blokk

(f) (allm) -den blokka som heng oppe i stamnen, og som bolina går i. Sjå boline.

Boline

(f) (allment) - boge. Ordet er brukt i heile det nordanfjellske, men boge er mest brukt i Ytre Fosen (Hitra og Frlya).

Boling

(m) (allm) - underskjorte utan ermar (av lett, kvit vadmål) B. var det inste kledlaget ein hadde på seg på vinterfiske. 

Bolk

Treflake mellom båsar i fjøs eller stall. Bolk blir derimot ikkje brukt om ein heil skiljevegg mellom to rom (det kan heite “gimling”). Andre beskrivelser er skillevegg, fjælevegg i mellom rom, avdeling, og tid, tidsrom.

Bolk

(m) (allm) - avdeling. Å dele opp i bolkar heiter å balke. På sjøen er b. helst nytta om ein b. snøre som er det same som 48 famnar. Snøra blir til vanleg seld i b. Dimensjon på snøre er gjeven opp i vekta av 12 bolkar. 4-ki1os snøre er så tjukt at 12 bolkar veg 4 kilo. Sjå også snøre.

Bolkefjøl

(m) (allm) - skil lasteplassen i rommet eller på dekket av fiskebåtar i mindre delar slik at fisken ikkje skal flyte laust omkring og gjere båtane ustabile.

Bolne

(å) - å bulne, hovne, trutne.

Bol-stjaki

(m) (Ludvik Kristjansson, Island) - pente, i Vestlands-tydinga av ordet. Ei stong, båtshake, som ein styrer framkanten av seglet med i beiting. 

Bolt

Ein lang nagle av jern (eller anna metall), ofte med skrumor (“skrubolt”) som blir nytta til å feste i hop tømmerstokkar (band, sperrer o.l.). Skillet mellom ein stor spiker og ein bolt er noko uklårt, men ein 7 toms spikar blir og kalla bolt.

Boløks

Ei øks som særleg blir brukt til å felle og kviste tre med. Truleg har øksa fått dette namnet ikkje på grunn av det arbeidet ho blir brukt til men av di ho (i motsetning til bila) er mest jambrei, og såleis har likskap med ein bol.

Bom

(m) (allm) - rundved som er festa til nedkanten av eit sne-segl/gaffel-segl/trekantsegl. B. grip med ei klauv rundt mastra.

Bomme

(f) (allm) - til vanleg laga av sveip, men kan også ha form som ei lita kiste med kuva lokk. Sjå vei-gamat-bomme og sjybom.

Bomsegl

(n) (allm) - segl som er laga til for å vere festa til ein bom.

Bomseglar

(m) (allm) -båt der segla har bom. Det vil altså seie jakter, galeasar og stlrre Lyster-rigga skøyter.

Bomullsduk

(m) (allm) - seglduk laga av bomull.

Bomullsegl

(n) (allm) - segl somer laga av bomullsduk.

Bonett(e)/bolnett

(m/n) (allm) - (avvikande uttaleform bolnett frå John Allmenningen, Roan) -under segl til jekt. Dei er lissa til forseglet. Til vanleg er det 3 - 4 b. under forseglet. (På storbåt kan det vere så lite som eitt.)

Bonettlisse

(f) (allm jektespråk) - ei snor som ein nyttar til å bende bonetta til segIet med.

Bonster/bolster

(m) (allm) - det tøytrekket som ein hadde rundt sengehaImen. B. var gjeme av halvull.

Bor

Redskap til å bore hol med. Det er noko ugreitt å skilje mellom “bor” og “navar”. Stort sett er det nok slik at navaren er konisk og boren sylindrisk, boren har egg berre nede i enden, navaren er eigentleg eit kileforma, tviegga blad som er vride. Det er oftast fast skaft på navaren, til boren brukar ein borvinde.

Bord

Ei firskoren fjøl som ikkje er tjukkare enn 1 1/2” og ikkje smalare enn 3”. Skilnaden mellom “bord” og “fjøl” er noko ugrei. Det heiter: “Ein bordmole” og “ein fjølmole”, “eit trobord” og “ei trofjøl”, men det heiter berre: “tomsbord”, “femkvarttomsbord”, “halvannantomsbord”, “bordstabel”, “bordmaterial”. Eit bord skulle etter dette vere ei fjøl som er skoren etter visse mål, og såleis eit meir (sagbruks-)teknisk ord enn det meir populære fjøl.

Bordblad

Det minste bladet på ei sirkelsag, det bladet som ein brukar til å skjere bord med (jf. lumpe).

Bordgang

(m) (allm)-eit omfar på ein båt. Det blir ofte berre sagt bordet, men det er eigentleg fire bord. Til dømes er andre bordgangen på Åfjordsbåten rembordet som er bygt opp av fire delar; høgre og venstre framrem, og høgre og venstre bakrem. Båtbyggarane nyttar høgre og venstre og ikkje styrbord og babord.

Bordhøgd

(f) (allm) - høgda av borda midt på båten. Det heiter at båten er høgt eller lågt borda. Det kan også bli sagt at det er mykje eller lite bord for båten.

Bording

(f) (allm) *l. - det å borde båten. Sjå borde. *2. - det som er borda. *3. - kor høgt båten er borda på målestaden ved stamnane. Det er summen av bordbreiddene rett opp frå hals-oddane. (Johan Hårstad, Åfjorden).

Bordings-høveI

(m) (Einar Bangstad, Bindalen) - ein finstilt sletthøvel som er i bruk når ein høvlar bordendane i stemne.

Bordkant

(m) (Johan Hårsta:d, Åfjorden) - kanten av bordet er den som peikar ned i båten når bordet er lagt i.

Bordkapp

(m) (allm) - kapp av eit bord, liten bordstubb; kan bli kalla fjøl.

Bordklammer

(f) (Johan Hårstad, Afjorden) - båtbyggar-verkty laga av ei sul, ei naturleg greinkløft som ein nyttar når ein legg attåt bordet. Sjå også klammer og klip

Bordkle

Leggje bordkledning utanpå eit hus (heiter ofte òg berre å kle). Merknad: Å leggje på kledning inne i eit hus heiter “å panele”.

Bordkledning

Bordvegg på utsida av eit hus (òg om dei borda som skal brukast til ein slik vegg: “skjere seg bordkledning”, “kjøpe bordkledning”. Heiter òg “bordkledningsbord”.

Bordklip

(f) (Johan Hårstad, Åfjorden) - båtbyggar-verkty laga av ei sul, ei naturleg greinkløft som er nytta til å halde fast borda med før ein har fått klinka det til. Sjå også klip og klammer.

Bordlegg

(n) (allm) - uttrykk for korleis bordet ligg i båten. Eit bord med mykje legg, ligg meir vassrett enn eitt som er reist.

Bordmal

(m) (Johan Hårstad, Åfjorden) - mal som er nytta for å få rett fasong på bordet. Det er for å lette arbeidet; ein sparer ein omgang med prøving.

Bordremse

(f) (allm) - for smalt til å bli kalla bord. Ofte vart båtane pårent med slike smale b. viss dei var for lågt borda. B. er då gjerne 1 1/2 - 2 1/2" brei.

Bordrev/-revv

(f) (allm) - ein sprekk i eit båtsbord. Ofte blir det berre sagt «revv».

Bordsaum

(m) (allm) - den saumen som ein nyttar for å klinke saman borda. Det er i motsetnad til kjølsaum.

Bordside

(f) (allm) - den breie, flate delen av det rektangulære tverrsnittet som er sida av bordet. Mellom båtbyggarane gjekk ho helst under namn av røra. Dei tala om øvre og nedre rør.

Bordskar

(n) (allm) - skar i bord i motsetnad til andre skaringar.

Bordstubb

(m) (allm) - ein liten stubb av eit bord; ei fjøl. Sjå dette.

Bordsu

(f) (allm) - omlegget mellom to bord i båten heiter su(d)a. Dersom ein skal presisere i høve til andre slags suer, seier ein b.

Bordtjukn

(f) (allm) - tjukkleiken på borda. B. blir til vanleg rekna i 1/8". Vi har i båtane 1/2"(på færing), 5/8" (på seksring - fyring/firroring), 3/4" på femrøing/ åttring, 7/8 på større femrøingar og 1" i fembøring. Dei største klink-bygde båtane kunne ha 1/2" i botn, og på jektene var det jamvel 2".

Bork

(m) (allm)-det som er utanpå veden i treet. Mellom b. og veden er det eit vekstlag (kambium). Sume tre som til dømes bjørk og rogn, har never utan på borken.

Borsyl

(m) (Einar Bangstad, Bindalen) - tvare. Sjå dette.

Borveiv

(f) (Einar Bangstad, Bindalen) - borvinde. Sjå også bor

Borvinde

Ordet “borvinde” er lånt frå tysk “Bohrwinde”. Ei “vinde” (eigentleg ei sveiv) som ein skurar fast heller små borar i når ein skal bore med dei.

Botn

(m) (allm Troms) *l. - ein bestemt del av båten, ein viss del av omfara/ bordgangene. B. blir til vanleg bygd slik at han blir stadig flatare og ligg meir til lenger frå kjølen ein kjem. Første bord som ikkje høyrer til botnen, reiser seg i høve det ytste bordet i botnen. Banda/botnbanda går over botn. Breidda av b. blir målt på ein bestemt stad som er typisk for den båttypen som ein har for seg. *2. - det inste av ein fjord. *3. - ein mindre fjord som er skild frå resten av fjorden med eit smalt sund. B. er større enn ein våg. *4. - grunnen under sjøen/vatnet. *5. - botnen i ei søkk-not. Sjå også botn (n).

Botn

(n) (allm Troms) - som oftast eit inkjekjønnsord i Nord-Noreg. Bakgrunnen for dette er truleg ei overføring frå dativ av b. (m) som er botne. Sjå også botn (m).

Botnband

(n) (allm) - band i snever forstand. Det bandet som rekk over botnen i båten.

Botnbord

(n) (allm) *l. - fellesord for alle borda i botnen på båten. *2. - remma. B. blir helst nytta ute på kysten og sør i Sør-Trøndelag.

Botnbreidd

(f) (båtbyggar-språk) - breidda av botnen i båten blir målt på ein bestemt plass etter kva slag type båt det er vi har for oss. På Nordlandsbåten blir botnen målt på midten. På Åfjordsbåten blir han målt «på frambandet». B. er 1/8 av lengdemålet. Lengda kan også bli målt på ulike plassar, alt etter båt-type.

Botne

(å) (allm) - å nå/ta ned i botn. Sjå botn, tyding 4.

Botngris

(m) (jektespråk) - kjølsvin.

Botning

(m) (Thorbjørn Storjord) - vind som blæs ut frå ein fjordbotn.

Botnlegg

(n) (allm) - legget på borda i botn. Det er helst det øvste botnbordet ein talar om då. Når botn er lagt mykje, er det godt b. Vinkelen mellom vassrett og botnbordet er då liten. B. varierer frå 7º på store og flåe båtar til 14º på dei rankaste færingane.

Botnmal

(m) (Johan Hårstad, Åfjorden) - ein tremal som båtbyggaren nyttar for å kontrollere at det er rett legg på botnen på dei faste måleplassane. B. er i staden for å nytte loddpassaren. B. er helst nytta på standard-stor1eikane som det vart levert mange av.

Botnskorde

(f) (Einar Bangstad, Bindalen) - ei skorde som ein bruker på botnborda eller «heirsen» på båten.

Botnsmal

(adj)-ein b. båt har smal botn.

Botnstrekk

(m) (forf) - eit ord forfattaren har teke i bruk for å forklare korleis dei gamle såg på fasongen på botnen. Dei snakka om draget i båten. Det er altså lang-skips-fasongen. Dei kunne også tala om strak botn. B. er eit uttrykk for kor bein botnen er, kor strak han er, om det er godt drag.

Botnslag

(n) (allm) - Vi får b. når båten går i (for) stor fart mot sjøen, slik at han blir lyfta ut av bølgjene og fell nedpå igjen. Det kan bli så kraftig slag at bord/planke/jarnplate blir slått inn. «Dem fekk slag og sokk!»

Brak

(m) (Helgeland) - eit fall, ein stad i sjøen der det bryt høg lydt. Det høyrest som brak. B. er gjerne brukt samansett: «Orsbraken», «Langbraken ».

Brank

(m) (allm) - knekk/kast/engelskmann i eit tau. Sjå desse. 

Brannmur

Ein tynn mur (oftast av teglstein) attanfor ein omn som står inntil ein vegg av tre (for å verne mot brannfaren). Ein brukar det også om ein mur mellom hus (i byane) for å stanse lauseld.

Bras

(m) (allm) - eit tau som går frå rå-nokken og ned i båten til området der styrmannen står. B. blir brukt til å skvære råa med. B. tener også til å stø råa under segling.

Brase

(å) (allm) - å skvære, dreie råa med brasane.

Brase fullt

(å) (allm) - å brase slik at vinden får fylle seglet.

Brase rett

(å) (allm) - å brase slik at: *1. - seglet står på den rette måten. *2. - arbeidet for dei som halar smett, blir så lett som råd. Til vanleg vil det seie å få fast luv bras i rett tid under vending. Det er på storbåt og jekt at det blir stilt store krav til den som skal brase.

Brase til fyllings

(å) (allm) - det er når vi ligg med bakk segl/skjevert segl/dregd på og vil få fylt seglet igjen. Då lyt ein b. Råa blir skværa slik at vinden får fylle seglet.

Bras-nagle

(m) (allm) -den naglen som brasen blir festa til. Han kan stå under rekkeplatt (jekt), vaterbord (Afjordsbåt) eller naglebete (Nord-landsbåt).

Bras-stikk

(n) (Einar Wiik, Roan) - det stikket som brasen blir gjort fast med når han blir festa til vantet. B. tilsvarar det som litterært heiter kvelar-stikk med slipp.

Bre

(å) (allm) - til vanleg tyder det å smørje med tjære eller bråd. B. kjem truleg av å breie utover. Ein lyt verme brådet for å få det så lettflytande at ein kan smørje det på. Sjå difor også bræ.

Bregde

(å) (allm) *1. - vere/lyse/knyte. Sjå tyding 2. *2. - ofte nytta i høve til månen. Det heiter at han b. på sør. Det er det same som at han tennest i sør. Tidspunktet for nymåne er kl. 12.00 middag. Plassen månen b. var viktig for vêr1aget i den månen (månaden) som følgde - (tida fram til neste nymåne).

Breibotna

(adj) (allm) - ein båt som har breiare botn enn vanleg. Det kan vere snakk om 1- 2" for at ein færing blir kalla b. eller bølin.

Breidd

(f) (allm) *l. - b. av båten blir målt på ulike plassar alt etter type. B. er nær 1/4 av lengdemålet. Lengdemålet blir teke på ulike plassar alt etter type. *2. - b. av seg-let blir målt langsetter nedkanten/underkanten. *3. - b. på ripa er b. av båten målt oppå og over/på utsida av ripebordet. Målestaden varierer med type. Sume stader måler ein midt på båten, andre typar har b. målet lenger fram.

Breidn

(f) (allm) - det vi kan kalle breiddelag (tilsvarande som djupn er eit nivå i djupet).

Breiside

(f) (jektespråk) - sida på jekt/farty, den delen av sida der dei har si fulle breidd.

Breiøks

(f) (Johan Hårstad, Afjorden) - bile. Øks med brei kjeft og kort skaft. B. er viktig reiskap i båtbygginga. 

Brekk-kant

(m) (allm) - Når hjørna på band, stamnar eller liknande er brotne med ei lita, plan flate i om lag 45º, kallar ein det ein b. 

Brekkar

(m) (allm) *1. - ein sjø som bryt. - 2. - ein sjø som bryt borda, som bryt inn i båten.

Brekke laus

(å) (allm) - Når ein skal lette anker eller dregg, ligg det/han etter botne og har festa seg nedi med flegga. For å få det Iaust, lyt ein lyfte opp leggen. Det heiter å b.

Brekke over

(å) (allm) - det heiter å b. eit tau når ein legg det over ein kant eller liknande, slik at ein får ein skarp vinkel og god friksjon, til dømes når ein skal kvile under garndraging.

Bremhest

(m) (allment) - det blir b. når refleksbåra frå land møter den store som kjem rullande inn frå havet. Båretoppen blir kasta til vêrs. Det er slike bårer som blir kalla b.

Brett

(n) (allm) - ei kasse (med lokk på) som vart nytta når ein selde fisk 

Brik

Ein låg gimling (skiljevegg) (kring 1 1/2 alen høg) av horisontalt liggjande fjøler på sida av ein låve. Brikene er (eller var) først og fremst sett opp for at kornet, når det blir “trøska”, ikkje skal sprette bort i høyet eller halmen.

Brikfjøl

Ei av fjølene i ei brik. Brikfjølene er oftast lause og festa saman med “blindingar”, ein kan nok òg høyre “"brik” i staden for “brikfjøl”.

Brim

(n) (allm) - den kvite skumtoppen på bårene.

Brimkvit

(adj) (allm) - bårer med store, kvite skumtoppar på, er b. 

Brot

Rom i ei løe på sida av låven, til høy eller korn. Eller golvet (lemmen) under dette rommet.

Brott

(n) (allm) *l. - den delen av båra som bryt, brottskavlen. *2. - den staden der bårene bryt (over båer og skjer).

Brott-olja

(f) (Thorbjørn Storjord) - ein stor straumskavl.

Brottsjø

(m) (allm) - ein sjø som bryt. Toppen blir høg og hol. Han fell framover og bryt saman.

Brottskavl

(m) (allm) - ein skavl som er ferdig til å bryte. Sjå dette.

Bruk

(n) (allment) *l. - fiskereiskap. B. blir helst nytta om garn-b., not-b. og liknande omfattande utstyrsmengd som omfattar reiskapen med il, oppvakar og alt tilhøyrande. *2. - I samansette ord blir b. nytta om verksemd så som: sag-b., fiske-b. og liknande. B. tyder då staden der det går for seg tilvirking saman med maskineriet og utstyret for tilvirkinga.

Brukstid

Tiden fra kjemisk herdende lim er tillaget, det vil si tilsatt herder, løsningsmiddel e.l., og til herdingsprosessen er kommet så langt at det ikke lenger er brukbart. Brukstiden blir kortere jo høyere temperaturen er.

Brun

(f) (allm) - oppståande kant. Av dette kan ein avleie uIike sIags b. *1. - bord-b. Det er den oppstå ande kanten av bordet i båt. I denne tydinga er det ikkje lenger tradisjon på ordet nordanfjells, men ein har restane iord som brunfelle. *2, - B, i landskapet er kanten mot bak-grunnen av det ein ser på. Bruna i landskapet er kanten av åsryggen mot blånen ellerhimmelen. B. tyder då ofte horisont (sjå havbru),

Brunfelle

(å) (Aksel Coldevin og Bernhard Færøyvik) - å tynne ut, lage ei felling på, ein fas på det oppståande bordet, slik at neste bord legg seg inntil i den rette vinkelen. Av di dette alltid blir på undersida i øvre rør, kallar Johan Hårstad dette for å «hevel oinna».

Brur

(f) (Kåre Bjørkly) - styr-topp på Afjordsbåt.

Bryar-stekk

(n) (Ole Kvithyll, Rissa) - priar-stikk. Sjå dette.

Brygge

(f) (allm) *l. -Nordanfjells er b. alltid eit hus på minst to etasjar som er lagt slik at ein kan legge til og hive lasta rett inn i b. B. har difor eit vindespel under mønet. Sjå også skjå. *2. - Frå ein stad på Vestlandet og søraust-over nyttar ein ordet b. i tyding utstikkande kai og vor(r). Sjå desse.

Bryne

(å) (allm) - å få på bruna eller å lage til brun, altså (skarp) kant. Vi får då nokre særtydingar av dette. *l. - å dra båten flotørr. *2. - å kvesse ved berre å ta kanten, ved hjelp av eit bryne eller ein hein. *3. - i ein viss forstand å oppdra ein person. «Han skal få noko å b. seg på»,

Bryst

(n) *l. -framenden av ein båt (Asbjørn Klepp). *2. - den snora som går mellom kavltelna og steintelna i eit fiskegarn.

Brystmål

(n) (allm) - tverrmålet av eit tre; 1,3 meter over bakken.

Brytande sjø

(adj + m) (allm) - sjø som bryt (stadig vekk), sjå brott og å bryte.

Brytar

(m) (Alfred Lindrupsen, Tromvik) - det heiter at tre bårer bryt. Deretter kjem den fjerde til og med den sjuende som ikkje gjer det. Det er den tredje av dei store som er den største, og som blir kalla b.

Bryte

(å) (allm) *l. - ei båre b. når toppen blir høg og fell framover. Toppen bryt saman. *2. -Det heiter at det b. på ein stad der bårene blir pressa opp av ei båe eller eit skjær, slik at dei bryt.

Bryte borda

(å) (allm) - sjøen b. når han bryt inn i båten.

Bryte over

(å) (allm) - ein b. tauet når ein legg det over ein kant for å få så god friksjon at ein kan klare å halde det.

Bryte ut auster

(å) (allm) - å ause kraftig. Sjå auster.

Bræ

(å) (allm) - å få til å smelte. Det som ein b., det brånar (smeltar). Ein lyt b. brå(d)et for å få til å bre det. Sjå også bre og brå(d).

Brå/bråd

(n) (allm) - det ein smør med når ein brer. Det kan vere rein tjære eller ei blanding av tjære med olje/lyse/talg/terpentin.

Brådjupt

(adj) (allm) - der det er bratt utover under sjøen frå fjæra; nerdjupt.

Bråke

(å) (allm) - å riste, handtere slik at den tingen ein ristar, blir laus i samanføyingane. Når jekta er b., er ho utett og lyt klinkast opp. Sjå klinke opp. Som regel vart det samstundes skifta rekkstøtter, topptømmer og borda i sida, medan botnen var den same. Sjå desse.

Bufolk

(n) (allm) - dei som held til i rorbua. Det galdt især kokka og eventuelle andre som ikkje var med ut på havet.

Bug

(m) (uttalevariant) - buk.

Buk

(m) (allm) - den posen, bulen, som blir i seglet når det er fylt med vind. Når det ikkje er b., heiter det at det er flått segl. Når det er mykje b., heiter det at det er eit djupt segl, eller at det er sekk i det.

Bukband

(n) (allm) - dei midtre banda på ei tønne.

Bukgording

(m) (allm) - det tauet som går over råa og ned til underkanten av råseglet. Det er på større skvær-riggarar. B. blir brukt til å gje seglet opp til råa. Uttrykket skriv seg frå nederlandsk eller lågtysk. Elles kan det truleg ha samanheng med gyrding, gyrdetau frå gno. gyr∂ingr (m). 

Bukk

Ein “tverrstokk” med to stavar under (ein slik tverrstokk i eit hus heitte tidlegare “bukkerygg”). Elles har ein ordet i “sagbukk” og “rambukk”. Rambukk er komme frå Danmark, som igjen har det frå Nederlandsk rammbuck.

Bukkerygg

Eit eldre namn på ein tverrstokk i ei løe (eller anna hus av stavverk), no ikkje brukt lenger.

Buksere

(å) (allm) - å slepe ein farkost ved hjelp av ein robåt; å båtsro.

Bukt

(f) (allm) *1. - ein landskaps-formasjon. B. er meir innestengd enn vik, men opnare enn våg og kile. *2. - B. i tauet er den delen av det som er mellom endane/dei fast-gjorde punkta på det.

Bul

(m) - buk. Sjå dette.

Bunk

(m) (allm) - last (f), det ein fører i båten/jekta.

Bunkerom

(n) (allm) -det bakre og større lasterommet på ein førings-båt. Ordet er brukt både på Nordlandsbåt og på Vestlandsbåtar. B er som regel så langt som 1 1/2 vanleg rom. Sjå også bunke- rømming.

Bunkeroms-band

(n) (Nord- Noreg) - det bandet i som ligg i atterkanten av bunkerommet. Sjå bunkerom.

Bunkerømming

(m) (allm) - båt med bunkerom, føringsbåt. Sjå bunkerom. B. er som regel ein halv-femte-rømming.

Bunkesop

(m) -detnedre bonettet; flak-sop. Sjå også bunk.

Bussgatt

(n) (jektespråk) - det holet som smetten går i, festet for seglhalsen på jekta. 

Bust

Ein planke som ligg på høgkant langsetter mønet på eit hus som er tekt med stein eller blekk (ikkje på torvtak), mønesteinen eller møneblekket blir spikra ned i busta.

Butt-rip

(f) (forf) - eit ord som forfattaren har laga som motsetnad til spiss-rip.

Bygdabåt/bøgdabåt

(m) (Hitra og Frøya) - båtar som ein for «på bøgda» med, altså på Innherad, Levanger og Verdal. B. var til vanleg storbåtar med spegel/spiel og veng.

Byge/bøye

(t) (allm) - fortel om noko kortvarig. Det kan vere regn-byge eller vindbyge. Regnbyge kan også heite ei skur.

Bygge opp

(å) (allm) - å bygge opp igjen. Når ein b. ein båt, riv ein han heilt ned slik at det berre er ein del av banda som blir brukt opp igjen. Det var vanleg å b. både jekter og båtar som ein tykte hadde ein fin skapnad.

Byggjar

Tømmermann, ein som byggjer hus (Byggjar er det vanlegaste ordet, tømmermann er lite brukt).

Byggje

Sette opp eit hus eller ei bru, lage til ein båt. Byggje går eigentleg berre på trearbeid (ikkje på steinarbeid som i dag), det heiter difor: “arbeide ein veg”, “setje opp (eller mure) ein mur”, og lignande.

Bygningsspikar

(m) (allm) - motsetnad til båtspikar. B. er rektangulær og har lite, rundt hovud. Han er grannare enn skipsspikar som han ellers liknar. Sjå også klypt-spikar og skipsspikar.

Byrding

(m) (Bernhard Færøyvik) - ein slags fraktebåt (Vestlandet). Til vanleg har b. to rora framme og ein bak. Han lastar oftast 3 lester (36 tønner).

Bæring

(adj) (allm) - fortel om ein båt, eller delar av han, har god eller dårleg evne til å halde seg sjølv oppe i sjøen, med eller utan last.

Bærle

(å) (allm) - å gå i småe bårer, skvale.

Bærling

(f) - lita båre, skvulp. 

(m) (allm) - bau, sjå dette og slå på.

Bøgdabåt

(m) - Sjå bygdabåt.

Bøfall

(n) (Thorbjørn Storjord) - grunnbrott. Sjå dette.

Bølgje

(f) (allm, men lite brukt) - fellesordet for alle slags b. Det mest generelle uttrykket. I samansette ord er sjø det mest generelle, kvass-sjø, brottsjø og så bortetter.

Bølgjedempar-olje

(m) (allm) - lyolje/lygnolje. - olje som ein slår på sjøen for å dempe bølgjene, hindre at dei bryt over båten. 

Bølgjeblekk

Sjå “Blekk”.

Bølin

(tjukk l) (adj) (Johan Hårstad, Åfjorden) - det heiter at båten er b. når han har ein (for) brei botn. Det er snakk om l" breiare enn vanleg på ein færing.

Bøl-øks

(f) (allm, tjukk l) - ei tung, langblada og heller smalkjefta øks som vart nytta til rothogging og grovrøing av tømmer.

Børing

(m) -berre brukt samansett: fembøring, sambøring. B. blir uttala som tjukk l. B. blir brukt i tilknyting til båtar av same storleik som byrding på Vestlandet.

Børjen

(adj) (Marinius Robertsen, Ullsfjorden) - båten er b. når han er godt utlagd og med mykje bord i framskotten især.

Børmark-båt

(m) (Innherad) - båt som er laga av Johan Børmark, Verran.

Børnskap

(m) (allm) - fiskereiskapen omtala som last i båten. Når han er i sjøen, heiter det bruk.

Børt

(adj) (Harald Sagvik, Tustna) -båten er b. når han har mykje bord, når han er høgt borda.

Bøs-mal

(f) (allm) - bismervekt.

Bøy(e)

(f) (allm) *l, - (ofte uttala «boi») - ei tønne, kraftig blåse, som held oppe kjetting frå fast botn-feste/anker/moring. *2. - byge (uttaleform i Trøndelag)

Bøys

(f) (Sigurd Reppen, Salsnes). Blåse laga av seglduk eller ku-vom.

Bøye-stikk

(n) (vanleg litterært namn på knuten) -eit slag stikk som vart nytt på bøya, på tørnpullerten og andre stader det var stor påstand. B. fekk ein alltid opp igjen.

Båe/bøe

(f) (Helgeland) - ein grunne i sjøen. Det er så grunt at sjøen kan bryte.

Båre

(f) (allm) - i Trøndelag den store b. som kjem frå havet og omfattar der både ny og gammal sjø. B. er i Nord-Noreg berre den nye. Den gamle heiter der skotning, tungsjø eller opplett. Sjå desse.

Båredal

(m) (allm) - dalen mellom to bårer. Dei store b. heiter andalar.

Bårerygg

(m) (allm)-ryggen langsetter toppen av båra.

Båretog

(n) (litterært ord) - bårene kjem rullande etter kvarandre. Denne rekka av bårer er b.

Båretopp

(m) (allm) - toppen av båra.

Bår-stilt

(adj) (Nidolf Yttersian, Frøya) - Det er b. når det ikkje er bårer; når det er kjørr sjø. 

Bås

Rom til ei ku eller ein hest, avgrensa med bolkar på sidene (“Kunbås”, “Hestebås”).

Båt

(m) (allm) *1. - I daglegtale forstår ein med båt liten farkost (av tre) som er spiss i båe endar. Større enn båt er farty, skip og jekt. Mindre enn båt er jolle/nise, bask, kunte og skeis. Farkost så stor som ein båt, men som er tverr att/atter heiter tverrskotting, ferje eller skip-båt. Dette er den eldre tydinga av ordet b. Vi freistar i desse bøkene å halde oss til denne. *2. - fellesord for alle slags flytande farkostar med unntak av flåte, kajakk og kano. Dette er det nyare innhaldet i ordet b. *3. -uttrykk for ein kva1itet. «Det derre kaille æ før båt!» - tyder at den båten ein talar om, er meir enn vanleg god.

Båt-alen

(f) (allm) - den alna, det alenmålet som båtbyggaren bruker når han bygger båten. B. har ei spesiell utforming som mellom anna varierer med båttypane. Lengda på sjølve alna varierer også. Sjå alen.

Båtbord

(n) (allm) *1. - bord som er laga til for å nyttast til bord i båt. *2. - bord som høver til å bygge båt av. *3. - bord som har vore nytta i båt. Tjukna på b. varierer med lengda på båten. Stort sett er tjukna 1/2" for kvar 8 alen båtlengd.

Båtdraging

(f) (allm) - å dra båten opp på land. Det kan også heite oppsett. Sjå båtsett og oppsett. B. er det mest brukte uttrykket. Ein kan dra båten flotlrr. Sjå flotørr. Det heiter å bryne båten. Ein kan også dra han heilt inn i naustet ved avslutta sesong.

Båtfarm

(m) (allm) - ein farm av båtar. Sjå farm.

Båtkjennar

(m) (Idar Frengen, Stjørna, Rissa) - ein som kjende båtar for folk, som tok ut båt og som prøve segla. B. plasserte mastra, fremste seglstikk-holet og avgjorde sett (mengde og plass for bar-last/seglstein).

Båtklammer

(f) - Sjå klammer.

Båtklemme

(f) (allm) -litterær fellesnemning på mange ulike slags klammer og kliper som er nytta i båtbygging. Sjå klammer, skruv-klammer og klip.

Båtklip

(f) - Sjå klip.

Båtkode

(m) (forf) - brukt for å forklare prinsippa i dei gamle og til dels løynde måla for båtbygginga og sjølve bygge-systemet.

Båtlag

(n) (allm) *l. - dei som er i lag på ein båt. *2. - dei båtane som seglar i lag.

Båtlengd

(f) (allm) - lengda på båten blir målt på ulike måtar. I Nord- Noreg er det røysmålet som er nokså nær lengda av kjøl og lott. Lottet er då målt til knekken opp mot stamnen. I gammal tid var handelsmålet i Saltdalen langsetter ripa. I Trøndelag måler ein langsetter kjøl og lott mellom hals-oddane, det vil seie det er lengda av underkanten på halsane som blir målt. På Nordmøre er tilsvarande lengd «på stamn-skjærvingan». Det blir svært nær det same som lengda på halsane. På Vestlandet blir lengda gjerne målt mellom stamnane. Avvik er Sunnmøre der ein målte langsetter stamn, lott, kjøl og etter ripa. Kor vidt dette var handelsmål eller byggemål, veit vi ikkje. Båtane vart alltid målte i alen. Det er nytt at dei blir målte i fot. Den skikken kom inn med den litterære båtbygginga; den som var knytt til teikningar og nyare typar.

Båtlodd

(n) (allm) - leggpassar. Sjå dette.

Båtomn

(m) (allm) - ein liten omn som vart nytta i løftingen/huset på båtane.

Båtrull

(m) (allm) - ei aksling med hjul på som båtane vart køyrde på frå byggestaden og ned til sjøen. B. vart nytta bak. Framme låg båten gjerne på ei bikkvogn-aksling.

Båtrye

(f) (allm) - ein vevnad som er voven dobbelt og dertil knytt trådendar i slik at han minner om ein pels. B. var den «soveposen» som ein hadde med seg i båten.

Båtsaum

(m) (allm) - den saumen som ein nyttar til å klinke saman borda med. B. er tjukkare enn båt-spikar. Sjå også saum, nagle og roe.

Båtsbord

(n) (allm) (vanleg uttaleform) - båtbord. Sjå dette.

Båtsbyggar

(m) (allm) (vanlegaste uttaleform) *l. - ein som bygger båt. *2. - ein som verkeleg kan bygge båt.

Båtsett

(m) (allm) *1. -den avslutta hendinga med å sette båten på sjøen (eller opp på land). *2. - måten båten er sett på, om han er framsett eller attsett, når han ligg i sjøen. Det har med lastinga å gjere, korleis last og ballast er plasserte.

Båtsettar

(m) (allm) *l, - ein som sett båt. *2. - ein som leiar båtsetten.

Båtsettar-song

(m) (allm) - den songen som båtsettaren syng under båtsetten.

Båtshake/båsshaka

(m) (allm)-ei stong med ein jarnkrok i enden. B. blir brukt til å hente opp tau og liknande frå sjøen og inn i båten.

Båtside

(f) (allm) - mellom botn og overkant ripe langsetter romma. Framom b. heiter det slaget og hausen. Attom heiter det bakover-slaget eller låringa. Låringa er helst eit nyare ord som skriv seg frå farty og Lystringar. Dei fleste har ikkje særskilde namn på sida av bakskotten.

Båtsjytt

(m) (Saltdalen) - båtskott.

Båtskott

(n) (allm Trøndelag) - det huset som ein bygger båt i. Det var to typar. Tømmerskottet var bygd av tømmer og var 8 - 9 alen breitt og 13 - 14 alen langt. Sperreverk-skottet var bygd som stavhus eller skjæltæl (skjelter). Arealet på skotta var visstnok varierande.

Båtskott-gjort

(allm) - uttrykker ein viss grad av ferdiggjering av båten. B. tyder båten ferdig bygd med tilfar og åre-emne, men ikkje smurd.

Båtskytje

(f) (allm Nord-Noreg) - båtskott, sjå dette.

Båtskøt

(n) (Rana) - båtskott.

Båtsloge

(f) (allm) - fleire båtar som er bunde saman og delvis stabla oppi ein annan, og som blir slepa til marknaden.

Båtspikar

(m) (allm) - ser mest ut som ein båtsaum, men han er tynnare. B. blir nytta som stamn- og kjøl-spikar.

Båtsro

(å) (allm) - å slepe eit større skip ved hjelp av ein robåt; å buksere. B. er kanskje det vanlegast brukte ordet.

Båt-storleik

(m) (allm) - storleiken på ein båt blir rekna i fleire, og i prinsippet uavhengige, slags system. Eitt går på lengda, eitt på antal årer, eitt på antal årepar, keip-par, rora, eitt på antal rom, og dertil kan bruksnemninga fortelje litt om storleiken. «Det var en garn-åttring».

Båtstø

(f) (allm) - den staden der ein dreg opp båtane nede i fjæra. Som regel er b. rydda for stor stein og godt lunna (sjå lunne). Ofte er det også lagt opp ein vorr.

Båtsved

(m) (Johan Hårstad, Åfjorden) - den veden som går til borda i båten.

Båtsved-stokk

(m)(Johan Hårstad, Åfjorden) - den stokken som ein sagar båtsved av. Det er rotstokken, den nedste stokken, i båtsved-tella. Sjå også tell.

Båtsved-tell

(f) (Johan Hårstad, Åfjorden) *l. -det treet som ein tek båtsveden av. Sjå båtsved-stokk. *2. - eit stort, finvakse tre med granne, nedoverhengjande og friske greiner. Det skal gjerne vere ei søylegran. Det er stort nok, minst 13" i brysthøgd, og fint nok til å kunne bli ei b. ,tyding 2.

Båtsved-teig

(m) (Johan Hårstad, Åfjorden) - den teigen der ein stelte skogen slik at ein fekk fram båts-ved.

Båtsøngar

(m) (Kristoffer Rein, Stadsbygd, Rissa) - han som syng ut/opp båten under båtsett.

Båtvater

(n) (allm) - ein lodd-passar (sjå dette), eit verkty som vart nytta til å måle legget i borda med når ein bygde båt. B. kunne difor også bli kalla leggpassar.

C


C

C


D

Dagline

(f) (allm) - line som blir sett og dregen same dag.

Dangle

(å) (allm) - å henge laust og slenge.

Danse rundt råa

(å) (jektespråk) - å brase slik at råa med seglet dreiar rundt mastra - frå ein hals til ein ny i stag-vendinga.

Dausjø

(m) (allm) - Når det har vore sterk vind som har spakna, er sjøen då større enn det er vind til. Sjøen er slik i høve til vinden at båten rullar kraftig. Vinden er ikkje sterk nok til å stø båten.

Daumann

(m) (jektespråk) - eit kne, ei førstøtning inne bak stamnen til stø for palstøtta. Sjå pal-støtte.

Daurapp

(m) (Johan Hårstad, Åfjorden) - Når ein klinkar båtsaum og ikkje får til rette klangen og rytmen i tilbakeslaget med klink-øksa, får vi d.

Daustille

(f) (allm) - ein kvalitet av vindstille. Det er heilt vindstilt, men dette kan godt vere bølgjer.

Dautel

(m) Otto Sandhaug, Steinkjer. - ei pyramideforma kile som verkar på same måten som ei å rette (sjå årette), men som blir slått inn i hovudet på naglen, altså på utsida. Det var på jektene at ein laut slå inn d.-ar.

Dauvinkel

(m) (allm) - den delen/vinkelen av ein tenkt sirkel som ein ikkje kan segle i. Det er 4 strek (45º) til kvar side frå der vinden kjem ifrå. Sjå vinkel.

Davit

(m) (allm) - eit bøygd, kraftig jarnrøyr, med talje i enden, som står på sida av farty. D. er til å fire ned livbåtane i. Av og til var dei ein eller to d. som skip-båten på jektene hekk i. Det var i den seinare tida. Før (på klinkajektene) var det vanleg at skip-båtane hekk i kranbjelkar. Sjå kranbjelke.

Davre

(å) (allm) *l. - brukast om vinden. Han minkar/kjem bort. *2. - om ein person. Han d. kan det heite om ein person som tapar si interesse for noko han har ivra for, eller om ein som tapar livsmotet.

Delaminering

Betegnelse for at arbeidsstykker som er limt sammen, går fra hverandre i limfugen.

Deletal

(n) (allm) - det talet ein deler med når ein reknar, det same som divisor. 

Dengje

Ein treflake som før vart brukt til å elte i hop leir og kalk på (å “dengje leir”), og som no blir brukt når ein blandar sementmaterial (av sement, sand og vatn), (dette arbeidet heiter “å blande”, ikkje “å dengje”).

Deplasement-skrog

(n) (moderne teknisk språk) - eit skrog som oppfører seg på same måten som tunge skip. Det motsette er eit planande og halvplanande skrog. Desse siste sklir oppå sjøen, medan d. går gjennom.

Dette utor/dætt tu

(å) -nyttast om vind. Når det er litt vind som brått spaknar, då «dætt'n tu med vinda».

Devels-klo

(f) (allm) - ein dobbelt jarnkrok der krokane går kvar sin veg og ligg over kvarandre. D. er ein krok som ikkje slepper taket om det kjem sleng i tauet.

Diagonal-elastisitet

(m) (allm moderne uttrykk) Ordet er brukt for å forklare eigenskapar i seglduken. Ein vevnad som er d., er fjøral skrått i duken. 

Dispensasjon

Fritak fra i et enkelt tilfelle å følge en lov, et vedtak eller en forskrift.

Innen kulturminneforvaltingen innebærer dette:

  • dispensasjon fra automatisk fredning, dvs. at det tillates inngrep i eller ved det automatisk fredete kulturminnet

  • dispensasjon fra vedtaksfredning, dvs. at det gjøres unntak fra fredningen for tiltak som ikke medfører vesentlige inngrep i kulturminnet

  • dispensasjon fra vern gjennom plan- og bygningsloven, dvs. at kommunene gjør unntak fra planbestemmelser om vern

Djup

(n) (allm) - ein stad der det er svært djupt. Til vanleg reknar at d. er på meir enn 150 famnar (280 m).

Djup

(adj) *1. -Tingen er d. i motsetnad til grunn. *2. - D. knyter seg til eit konkret måltal for djupn. «Båten er 18" d,» «Kor d. er fjorden her?»

Djupn

(f) (allm) *1. - d. allment er andre slags d. enn havdjup. *2. - eit uttrykk for kor stor buk det er i seglet. *3. - eit uttrykk for kor høgt båten er borda. Det er høgdeskilnaden frå botnen til oppå ripa. Det er helst båtar med mykje bord og reist botn (botn som ikkje er flå), som blir kalla djupe.

Djupsogn/-agn

(f) (allm) - fiskesnøre med søkke, tvihake, hilstikke eller jarsteinsrumpe, forsyn og angel. Snøret er vinda inn på ei sul. Sjå også jukse, tvihake, hilstikke, jarsteinsrumpe og sul. 

Djupstål

Høyrom i ei løe som går så djupt ned at golvet ligg jamt med fjøsgolvet(djupstålet ligg ved sida av fjøset, og har dør inn til dette; det vanlege høystålet og høybrøten ligg over fjøset, oppe på den eigentlege løa).

Djupstållem

Lem (dvs. golv av tre) under djupstålet. (Rommet under denne lemmen, som ligg i høgd med gjødselkjellaren, blir ofte utgrave til reiskapshus).

Dobbelskaut

(n) (allm) - eit skaut som er skore i blokk i halsen.

Dobbelspredning

Det å påføre lim på begge flatene som skal limes sammen.

Doll

(m) (Thorbjørn Storjord) - ei lita pause i vinden.

Domhavet

(n) (allm) - gno Dumbshaf. D. er den gamle norske nemninga på Barentshavet, Nordishavet.

Dom(m)

(n) (allm) *1. - støv; dumbe. *2.-idaglegtale på kysten tyder d. eit slags sjørokk, ein vêrtype, ein vindstyrke. Når vinden er så sterk at rokket blir knust til støv, heiter det «domm» eller d.-vêr.

Domme

(å) (allm) - Når det er så sterk vind at vi får dom, heiter det å d.

Domrøyk

(m) (allm) - På avstand kan dommet sjå ut som røyk. Ein kan difor seie: «Vi så d. sto høgt i vêret», 

Dor

Ein ståltein som ein brukar til å slå hol gjennom metallplater o.l. med, og til å “senke” spikar, dvs. drive spikarhovudet inn gjennom treet.

Doshau

(n) (allm) - ei skivelaus treblokk med fleire enn eitt hol for tau/taljereip. D. heiter jomfru litterært og i Skagerrak-området. D. blir nytta i ståande rigg på storbåtar og jekter med vidare.

Dra(ge)

(å) (allm) Ein kan seie dra eller drage. Drage lever helst i ståande uttrykk. Sjå drage. D. blir helst nytta om å d. bruk/fisk. «Vi dro 500 kg den dagen.» Vi kan også d. opp båten. Vi kan d. i eit tau. Dertil har vi mange særtydingar i meir eller mindre ståande uttrykk. (Sjå nedanfor.) Det motsette av å d. er å fire eller sette. Ein firar seglet og sett bruk/båt.

Dra frampå

(å) (allm) - å dra båten flotørr. Han er klar for å bli sett ut (igjen).

Dra fritt

(å) (allm) - Når ein dreg snøre, dreg ein det til vanleg over kne (sjå dra over kne). Dersom ein dreg utan støtte av kneet, heiter det å d. 

Dragar

Ein stokk som ligg på tvert under ei ås- eller bjelkerekke når spennvidda er så lang at bjelkane må støast på midten. Dragere er bærebjelker av større dimensioner, hvilke tjener til at understøtte andre bjelker.

Dra garna rund

(å) (allm) - å dra gama inn i båten utan å ta av fisken; å «ravvel-dra»,

Dra (nån) høveltak

(å) (Johan Hårstad, Åfjorden) - Når vi høvlar, tek vi høveltak eller dreg dei. Å d. tyder at vi held på å bli ferdig med arbeidet. Vi d. for den siste finpuss-inga.

Dra klo/klør

(å) (allm) - å dra Seglet ned, duve det, så mykje at vi «får på kloa». Det er skaut, eller segl-krok som blir hekta opp i/tredd i klørne. Sjå også duve og sette.

Dra kloa nedåt

(å) (allm) - å dra klo, men med presisering om at ho skal heilt nedåt. Halsen skal bli så kort som råd på den kloa vi har dratt.

Dra opp

(å) (allm) - å d. båten. Sjå båtdraging.

Dra på båra

(å) (allm) - ein d. når ein dreg bruket på veg ned frå båretoppen og knip av medan ein blir lyfta opp på ei ny. Dette lettar arbeidet mykje.

Dra på/seglet

(å) (allm) - å heise seglet. Sjå vette segl.

Dra over kne

(å) (allm) - når ein fiskar med snøre, ligg det over vadbeinet og ut av båten til venstre for fiskaren. Venstre hand fører snøret frå vadbeinet og bort til høgre handa. Høgre underarm er støtta av høgre kne. Ein dreg no snøret vidare inn ved å føre høgre kne til høgre og så sleppe snøret ned i båten. Der blir det då liggande i ein regelmessig dunge og renn lett ut att. D. er eit fast uttrykk for denne spesielle måten å dra opp snøret. D. er imotsetnad til å dra fritt. Sjå dette.

Dra smett

(å) (allm jekter og stor-båt) - å dra smetten inn igjennom halshol/bussgatt. Det er om å gjere og vere svært så snar og handfast. D. er det same som å hale smett.

Dra åt

(å) (allm) - å dra i eit tau slik at det blir stramt/hala heilt inn.

Drag

(n) (allm) *l, - det tauet som ein dreg opp seglet med. På gaffel-rigga båtar og i Skagerrak heiter det fall. *2. - D. i sjøen er når ein får straum på grunn av store bårer/tung sjø frå havet. Det er i tilknyting til hamner at ein snakkar om d. Når sjøen går opp, kan det heite oppgang, og etterpå kjem draget eller dragsuget. *3. - D. på båten er kjøldraget, slitekjøl under båten. D. er til vanleg laga av osp eller bjørk. Osp var best, men bjørka var lettare tilgjengeIeg for dei fleste. På større båtar og farty heiter dette stråkjøl. Grensa for kor det heiter d. og stråkjøl ser ut til å ligge på storbåt. *4. - eit uttrykk for fasongen i båten. Når det er godt d., har han ein strak botn og godt både slepp og innlaup.

Dragar

(m) (allm) - ein vindstyrke. Vinden er slik at han dreg båten. D. tilsvarar lett til laber bris etter Beaufort sin skala.

Drag-bete

(n) (Nord-Noreg) - den beten som draget er festa til; agnbete og nag1ebete. D. tilsvarar dragkne på Åfjordsbåten.

Drag-bett

(n) (allm) - Det er når båten er drag-bit. Då er det fordi det er eit hakk i kjøldraget. Det er eit d. der.

Drag-betta

(m) (Kåre Bjørkly) - drag-kne. Sjå dette.

Drag-bit

(adj) (allm) - Når draget under båten er ujamt, slik at det hektar seg i lunnane, då er båten d.

Drag-blokk

(f) (allm) - den blokka som sitt i draget. Draget går frå d. til råa. Draglauparen går frå drag-beten gjennom d. og ned til drag-beten igjen.

Drage (nedom)

(å) (Carl Bertheussen, Troms) - Når ein seglar høgste gonge og ikkje kjem ovanom (til vinds for) ei hindring, det kan vere skjer, stake og liknande, heiter det at ein laut d. nedom.

Drage til minnes

(å) (allm) - å kome i hug. Uttrykket er helst nytta når minnet kjem som ein assosiasjon.

Drag-hals

(m) (allm) - fremre og bakre delen av kjøldraget.

Drag-hol

(n) (allm) - det holet i mastra som draget går igjennom. D. er det same som hambore / honnbore / hunbore.

Draging

(allm) - blir helst nytta om det å dra bruk/fiskereiskap.

Drag-kne

(n) (al1m) - nest bakaste betta/kne på Åfjordsbåten; det kneet som draget/drag-Iauparen/ lauparknekten er festa til. På Nordlandsbåten heiter denne beten som regel naglebeten.

Drag-laupar

(m) (allm) - det tauet som går frå drag-kneet, opp til drag-blokka og ned til drag-kneet der d. er festa med drag-lykkje.

Drag-lykkje

(f) (Nidolf Yttersian Frøya) *1. - den knuten/det stikket som draget/drag-1auparen blir festa med til drag-kneet/under drag-naglen. D. er eit slags slippe-stikk. *2. - ein knute som vi kan dra opp. D. er då det same som slippe-stikk.

Drag-nagle

(m) (allm) - den naglen som drag/drag-laupar er festa til.

Drag-streng

(f) (Nord-Noreg) - emne til kjøldrag. Sjå dette.

Draug-kors

(n) (Helgeland) - utnamn på kry-stokken. Sjå kry-stokk.

Dreft

(f) (allm) *1. - kile/pinne som held saman, styrer. D. på pjål styrer han langs kanten av bordet. D. i ein vevstol kilar delane fast. *2. - d/drift er det ein driv med/driftar med. «Kålles går det med drefta?» = Korleis går det med fisket?

Drefte

(å) (allment i Nord-Noreg) - å drive fiske. «Vi drefta med garn,».

Dregg

(m) (allrn) - liknar eit anker (sjå dette), men har fire eller fem armar. Desse armane heiter klør. Dei er festa til kvarandre/til dregg-leggen i dregg-krona. Vi talar om fire- og femklørs d. D. veg frå 4 - 40 kg, men anker veg til vanleg 50 kg eller meir. Vi veit ikkje kor gammal den vanlege femklørs jarndreggen er. På gamle teikningar kan vi følgje han om lag to hundre år attende i tida.

Dregg-krone

(f) (allm) - der armane/klørne i dreggen går imot dregg-leggen; der dei samlar seg og blir til dregg-legg. Sjå dregg.

Dregg-klo

(f) (allm) -ein av dregg-armane med flegg. Sjå dregg og flegg.

Dregg-tau

(n) (allm) - det tauet som er festa i dreggen. Sjå dregg.

Dreie

(å) - å svinge eller snurre rundt. Å svinge ein båt i fart er å d. han. Å d. l strek tyder å endre kursen med 11 1/4º. Sjå strek.

Dreie på

(å) (Sigurd Jønvik, Levanger) - å stille segla slik og legge til båten på den måten at han blir liggande i ro med segla oppe. I Skagerrak heiter dette å legge bi. På råbåt og jekter d. ein på ved å legge atterenden mot vinden. På Lyster-rigg d. ein på ved å legge framenden mot vinden. Ein bakkar fokka og fyller storseglet.

Drektig

(adj) (allm) - gjeld lasteevne, kor mykje skipet kan føre av last. Det er helst nytta om jekter og farty. Uttrykt om båt fortel det at båten både er breibygd og høgt borda. Det er ein børjen eller bølin båt. Sjå desse.

Drev

(n) (allm) *l. - uspunnen hamp som vanlegvis er tjæra og kjem i karda ballar. D. er nytta som tetningsmasse i båtar. *2. - sjødrev, rokk. *3. - eit sett med drivgarn. Jamfør «på drevet».

Drev-il

(m) (allm) - det tauet/den ilen som går til drevet.

Drevs

(av) (aIlm) - nyttast om sjø. Den sjøen som kom av d., kom drivande som drev/rokk/dom.

Drevse

(å) (Helge Nilssen, Stonglandseidet, Senja) - å skvette vatn, dynke. «Dem drevsa sjø i seglet». 

Drigle

(f) (Møre og Romsdal) - skvett-bord. Sjå dette. D. er den einaste nytta nemninga på Møre.

Drive

(å) (allm) *1. - d. med/på sjøen for vêr og vind. Vere utan framdriftskrefter. *2. - Fiske med drivgarn. Om dette seier ein helst at ein var på drevet, men ein kan også seie at ein dreiv med garna. *3. - halde på med noko. Det kan til dømes vere med eit slags fiske. «Vi dreiv storsilda.» «Vi dreiv havsjøen.» D. tilsvarar då ordet drefte som er i bruk lenger nord. *4. - å tette nata i dekk/skuteside med drev (tjæra hampedrev). Ein nyttar då drivjarn og klubbe.

Drivgarn

(n) (allm) - garn som er sett utan botnfeste eller landfeste. Det er helst sildegarn og laksegarn som ein fiskar med på denne måten. D. er festa til båten med ein drev-il. 

Drope

Eit hol på eit tak (helst torvtak) som det dryp gjennom (dertil: “take ut dropar” på eit torvtak, dvs. leggje på ny never der taket er skadd).

Drogskornov

Ein variant av den gamle “kryssnova”. Namnet kjem av “drogskore”, dvs. ei skore dei i eldre tid hogde i tømmerstokken for at han skulle henge fast på tømmersleden (no brukar dei ein fast jarnkam på sleden). Jf. nov.

Dryg

(adj) (allm) - det heiter om ein båt at han er d. når det er mykje bord for han, når han er breiare og djupare enn vanleg. På ein færing kan det dreie seg om 1 - 2" meir enn normalt for at han skal bli d.

Drygt

(adv) (allm) - tingen ein snakkar om, er over/meir enn det målet som er gjeve opp. «Han va drygt 12 alen.»

Drøyemiddel

Som regel et organisk stoff, ofte rug- eller hvetemel, som blir tilsatt limet for å drøye det (senke prisen på limblandingen). Det har gjerne selv en viss limeeffekt. Ved varmepressing kan drøyemidlet motvirke limgjennomslag, og det gjør urealim mer elastisk. (Grensen mellom drøyemiddel og fyllstoff er uklar.)

Dubbel

(m) (allm) - blir brukt om oppvakarar av kompakt tre. Silde-garns-d. er forma som ein 60 cm lang trestokk (til dømes 2 x 2 1/2" tjukk) litt tynnare i den enden som slaget er festa til. Ei anna utforming blir nytta som oppvakar for line og smågarn. Det er ein kort planke (til dømes 2 1/2 x 8") som er båtforma. I den enden som vender bort frå ila (liksom bak på båten), er det ei lita fjøl som står opp. Det er spåmannen. Denne d. blir difor kalla spåmanns-d.

Dubbeltelne

(f) (allm) - gjeld fiskegarn og er det same som kavl-telne. Sjå dette.

Duk

(m) (allm) *1. - ei breidd av den vevnaden som er nytta til d. i seglet. Til vanleg var d. om lag 1 alen brei. Eit segl som er 10 d., blir då knapt 10 alen breitt. *2. - I samansette ord markerer d. type/kvalitet på det materialet som er nytta. Det heiter segl-d., nettel-d. og hampe-d.

Duke på råa

(å) (allm) - ein brettar seglet slik at det blir liggande samanfalda oppå råa.

Duke seglet

(å) (allm) *l. - ha på råduken etter at seglet er duka på råa. *2. - å duke på råa. *3. - Vinden d. når han er så sterk at seglet blir lyfta, og slik at det faldar seg slett ut for vinden. Vindstyrken som skal til, vil vere avhengig av kor tung duk ein har, men i alle fall må vinden ligge i området lett bris, styrke 2 - 3 etter Beaufort sin skala.

Duktjukn

(m) (allm) - nordanfjells seier ein i dag ofte «tjukkelsa», men dei fleste eldre held seg til forma svær eller lett duk. Det er fordi tjukna på seglduken til vanleg blir uttrykt i vekt. Sjå dukvekt. Skøyteduk, jakte- og jekteduk går etter ei nummer-gradering der nr 1 er den tjukkaste.

Dukvekt

(f) (allm) - blir uttrykt som vekt på areal. Det kan vere gram pr yard2 eller unser på fot2. Det vanlege i dag er gram på yard2 medan generasjonen før helst hadde unser på yard2 som tal på dukvekta. Her er 1 unse = 29,8 gram. 1 unse på fot2 svarar då ti1 270 gram på yard2 som igjen svarar til 9 unser på yard2. Når ein snakkar om 10-unsers duk, svarar dette til 300 grams som er den vanlege dukvekta på middelstore råbåtar. Tung duk heiter oftast svær duk.

Dump

(m) (allm Sør-Trøndelag) *l. - tung stein i enden av iltauet. D. tener til forankring av garn- og linesett. *2. - eit enkelt, kraftig vindkast av minst storms styrke.

Dumpe

(å) (allm) - å kaste over bord ting som søkk.

Dundblaut

(adj) - ein er våt som dynd (gjørme), heilt gjennomvåt. 

Dunge / Dynge

Ein samankasta haug (av jord, stein, gjødsel, sild, høvelspon, e.l.). Ei hole i jorda utanfor fjøs eller stall til å kaste gjødsel ut i, og framfor kjøkkendøra til å kaste alt mogeleg rusk og avfall i.

Duorbut

(å) (Anders P. Noste, Varanger) - eit samisk ord som tyder å verke på noko, sette vatnet i rørsle. Det er særleg brukt om å kaste stein rundt søkk-nota for å skremme seien ned i nota.

Durbungeadget

(m) (Anders P. Noste, Varanger) - samisk og tyder den steinen som ein kastar rundt søkk-nota. Sjå også duorbut.

Duve

(å) (allm) - å dra seglet ned i framkanten. Ein kan d. utan å dra klo. Då heiter det: «D. det godt nedåt!» eller: «D. lerreftet (det vil seie seglduken) p'und stikka!». Vidare kan ein duve ei, to eller tre klør i Trøndelag. På Nordlandsbåten kan ein duve heilt opp i sju klør.

Duveleg segls vind

(m) (allm) -når det er ein d., er det så sterk vind at ein ikkje kan bere seglet heilt oppe. Ein lyt duve. Då vil vindstyrken til vanleg vere mellom 20 og 23 knop, i overgangen mellom frisk bris og liten kuling etter Beaufort sin skala.

Duving

(f) (allm) *l, - det å duve. D. vil gjerne bli sagt i tilknyting til ei gradering. «Det va god duving.» *2. - mellomrommet mellom to klør.

Duvsignat

(n) (allm) - signat. Sjå duve og signat

Dverg

Ein stolpe eller stokk med eit far i, som blir festa i enden av ein gammal tømmervegg når ein skal “dverge attåt” ein ny tømmervegg. Stokken blir og kalla “grøypestolpe”.

Dverge

“Dverge attåt”: Feste ein ny vegg i hop med ein gammal ved hjelp av ein “dverg”. "
”Dverge inn”: leggje inn gammalt tømmer, som er skore i korte stubbar, mellom stavane i eit stavverkshus. (Dette er ein nokså vanleg måte å nytte opp att gammalt tømmer på, tømmeret blir “medrege” og mosa på vanleg vis).

Dæla/e

(f) (allm) - pumperenna i stokkpumpa. Sjå pumpe.

Dødvatn

(n) (Eugen Hovd, Verrastranda, Nord Trøndelag) - vatn som båtane blir hengande fast i. Ein kjem seg ikkje ut av d. Eugen Hovd forklarar at det er stader der ferskvatnet frå elvar legg seg oppå salt-vatnet. Då blir motstanden for jekter og farty ekstra stor. Dei dreg med seg ferskvatnet som sklir oppå det salte.

Dønning

(m) (allm i Skagerrak, lite brukt vest og nordpå) - gammal båre frå havet; den som held på med å rulle etter at vinden har spakna. Det vanlegaste ordet nordanfjells er tungsjø. I Trøndelag kan ein også seie bår(e). På eldre nordlandsmål heiter det skotning. Sjå opplett, tungsjø, skotning og skotung.

Døragaupe

Den tømmerstokken som ligg over dørholet, og som ofte er noko “utihoggen” på undersida. (Berre på gamle tømmerhus).

Dørfylling

Treplate som blir “nota” inn mellom ramstykka i ei dør (ein kan òg høyre at dei seier “speiel”), Sjå fylling.

Dørahol

Holet i veggen til dørkarmen.

Dørkarm

Karmen som døra er hengsla inn i.

Dør(a)kledning

Kledningen utanpå dørkarmen.

Dørr

(adj) (jektespråk) - har samanheng med ordet ei dør. A hale d. tyder eigentleg å hale igjennom. Å hale d. er difor nytta om boga som ein skal dra igjennom bolin-blokka. Sjå hale d. 

Dørstokk

Den stokken som ligg under ei døropning (også det stykket av dørkarmen som ligg under).

Dåm

(m) (Odin Vist, Levanger) - den første aninga av ein vind.

E

Einetasjes

(Om hus) som berre har ei høgd, jf. etasje.

Eldhus

Eit hus (eller eit rom i et hus) til ymse slags koking, vasking og anna. (Svarar til “bryggerhus” i bymålet).

Emulsjon

En væske som er finfordelt i en annen væske som den ikke er løselig i.

Enkeltbrei / Enkeltbreidda

(Om stovehus) som har berre eitt rom i breidda.

Enkeltspredning

Det at bare den ene av to flater som skal limes samen, blir påført lim.

Etasje

Høgd (om stovehus). Ordet er sjølvsagt nokså nytt, i eldre tid hadde dei ikkje bruk for eit slikt ord. Det kommer av fransk étage.

F

Fall

Halling (til dømes på takside eller på takrenne).

Fals

Eit far i kanten av ei fjøl eller ein planke som nok anna skal høve inn i, til dømes faret i dørkarmen (“gåtta”) som døra går inn i. Innbøying av kanten på ei metallplate, anten for å feste ho i hop med ei anna plate, eller og for å styrkje kanten.

False

Lage til ein fals (“false ei blekkplate”), feste i hop noko med falsar (oftast: “False i hop”).

Famn

Lengdemål = 3 alner (eigentleg så langt som ein kan femne) (vedamål = kvadratfamn).

Far

Ei renne, eit utskore (uthogge) “spor” som noko skal følgje (eller drivast inn i).

Fart

(I ordlaga: “liggja i fart”, “stå i fart”, “vere i fart”), “i fart” tyder då det same som: “i flukt”, dvs. i rekke, i plan (døme: “stavane står i (same) fart”, “stova og løa står i fart med kvarandre”, “golvåsane ligg i fart”, o.l.).

Farte

Peike i same lei, liggje i same plan, vere på line (rad) (døme: “åsane fartar ikkje”, dvs dei ligg ikkje i same plan, “stova og løa fartar”, dvs. peikar i same lei, “sjå etter om noko fartar”).

Fas

Ein skråskoren (skråhøvla) kant, til dømes på ei fjøl eller ein planke.

Fase

Brukt ofte som “fase av”, “avfase” og som adjektiv “avfasa”, “ei avfasa fjøl”, “ein avfasa kant”), skråskjære (skråhøvle) ein kant.

Faspanel

Panel med avfasa kantar, slik at det blir ei veite i veggen mellom kvar fjøl (jf. “staffpanel” og “rupanel”).

Fast kulturminne

Betegnelsen brukes om jord- eller stedfaste kulturminner.

Funn av gjenstander inngår som deler av et fast kulturminne så lenge de befinner seg i jorda eller under vann. 

Feisel

Ein hammar som ein brukar til å slå på mineboren med. Feiselen har “bane” i begge endane, og er elles noko grannare og lengre enn ein vanleg hammar. Det er to slags av han: “ein mannsfeisel” som blir brukt når ein person både held boren og slår på han (denne feiselen har difor kort skaft), og “tomannsfeisel”, som blir brukt når ein person held boren og ein annan slår på han (denne feiselen er noko tyngre og har langt skaft).

Felle

Fuge, punkt hvor to stykker ere sammenføiede. For eksempel mellom stokkene i en vegg, eller flisene i et gulv.

Filmdannelsestemperatur

Den laveste temperaturen der en (vandig) dispersjon går over til sammenhengende limfilm når vannet fordamper. Er temperaturen lavere enn f., flyter ikke bindemiddelpartiklene sammen når vannet fordamper, og limet oppnår derfor ingen styrke. Kalles også hvitpunkt eller kritningspunkt, fordi limfugen gjerne får et hvitt, krittaktig utseende dersom avbindingen skjer ved en temperatur som er lavere enn filmdannelsestemperaturen.

Firkant

Eit nytt ord som kommer fra sagbruka. Ein firskoren stokk, også kalt “bjelke”.

Fjøl

Eit noko meir populært namn for “bord” (dvs. eit utskore stykke (ei skive) av ein tømmerstokk som er breiare enn 3” og ikkje over 1 1/2” tjukt. Er stykket tjukkare, heiter det “planke”. I ymse samansetningar om ei tilskoren fjøl i reiskap eller innbu (“bakfjøl” i vognkista eller karmslede, “sidefjøl” i seng, “baksterfjøl”, ei plate av fjøler til å bake flatbrød på, o.l.).

Fjør

Penn (dvs. den ryggen (framståande kanten) som høver inn i et motsvarande not på pløgde bord eller plankar). Fremspringet i Kanten af Planker som pløies sammen.

Flake

Ei luke, ein platting eller liknande av samanspikra fjøler (oftast når fjølene berre er spikra (slurvut) på norvar, og ikkje på reksponar), (treplata i botnen av ku- (og heste-) båsar kan både heite “flake” og “platt(ing)”; ein kan leggje ein “flake'“ over ein brunn og over ei veite).

Flask

Flatside (av tømmerstokk eller stein), (“leggje ein stok (stein) på flas(en)”). Ordet er mykje brukt.

Flatnov

Den flate “botnen” i uthogginga på ei drogskornov. Det er vel truleg at “flatnov” i si tid har vore namnet på denne nova, skilnaden mellom denne nova (“drogskornova”) og “svenskenova” er nettop at uthogginga er flat i drogskornova og skråskoren i svenskenova. Namnet “drogskornov” (slik som og “svenskenov”) er sikkert vorte tillaga først etter at nyare og betre novtypar har komme i bruk, og det ligg truleg noko av spott og vanvørnad i dette namnet (desse namna). Nanmet “flatnov” har så vorte hengande ved om uthogginga.

Flistre

Eit lite flatt trestykke som blir sett inn i ein høvel over høveltanna for å få denne til å sitje fast.

Fokkskjeff

Ein “Skavekniv” som eigenleg er ein mellomting mellom bandkniv og ein høvel (han har jarnhandtak og eit blad som kan takast ut og slipast).

Fore

Leggje eit lag (kledning o.l.) utanpå, innanpå eller ikring noko (døme: “fore på ei dør”, dvs. leggje eit lag av bord utenpå eller innanpå ei dør, ofte med papp imellom, for å gjere døra tettare og traustare, “fore på ein glasskarm”, dvs leggje fjøler på sida av karmen for å fylle ut rommet mellom karmen og veggen, o.l.).

Foring

Det laget av fjøler, papp, lister, eller metallplater som ein legg på når ein “forar” (på eller ut).

Forskaling

Murarane kaller det ofte òg “skaling”, men dette har truleg ikkje noko med tysk “Schalung” å gjere, det er nok berre ei slik avkorting som ofte blir laga av arbeidsfolk, særleg av anleggsarbeidarar, ein vegg av fjøler som blir sett opp på sida av ein sementmur når han skal støypast (anten berre på den eine sida, eller på begge sider).

Forskalingsbord

Eit bord som blir (eller har vore) brukt til forskaling.

Forskalingsstøtte

Ei av dei vertikale støttene som står på utsida av ei forskaling, og som forskalingsborda blir spikra i.

Forskriftsfredet kulturminne eller kulturmiljø

Betegnelsen brukes om vedtaksfredete bygninger eller anlegg, i statlig eie påfredningstidspunktet, og som er fredetvedforskrift. Fredning av kulturmiljøer skjeralltid ved forskrift.

Fot

1) Lengdemål = 1/2 aln (12 tommar), (dei skil elles mellom vanleg fot og meterfot, meterfoten = 1/3 meter; engelsk fot (=12 inches) som blir brukt som mål på ymse jarn, er igjen noko anna, då engelsk inch ikkje er heilt lik norsk tomme). Den gamle alnfoten var eigentleg lite brukt, som òg Aasen nemner, den nyare meterfoten derimot kjem no meir og meir i bruk som mål på trevyrke, det er frå sagbruka og trelastlagra (i byane) han har spreidd seg ut over landsbygda.
2) Eit “bein” under stol, bord, osv., òg om eit “stativ” med fleire bein under.

Fotlist

Eit bord eller ei list som ligg langsetter veggen nede ved golvet for å tette overgangen mellom golv og vegg.

Framgang

Ein “gang” i fjøset eller stallen framfor båsane som dei går i når dei forar dyra. (I eldre fjøs er det ikkje “framgang”, båsane står heilt borti veggen).

Fraukjellar

Gjødselkjellar. Tidlegare hadde dei “dunge” i staden for fraukjellar, det er sementen som har gjort det mogleg å byggja fraukjellarar for ein rimeleg pris.

Fredet kulturmiljø

Et kulturmiljø som myndighetene tillegger så stor verdi at det må bevares for ettertiden.

En fredning er den strengeste form for vern. Fredning innebærer at inngrep/endringer må godkjennes av myndighetene.

Lovene som benyttes ved fredning av kulturmiljøer, er kulturminneloven og svalbardmiljøloven.

Fuge

1) Glatthøvle kantane på to fjøler som skal limast i hop, for å få dei til å høve heilt til kvarandre (“fuge og lime i hop”; ein talar ikkje om å fuge når fjølene har “pløyingar”).
2) Stryke sementmaterial (dvs. mørtel) inn i opningane mellom steinane i ein gråsteinsmur (“fuge ein mur”).
Om fuge i murar, sjå elles Salm.

Fugetykkelse

Gjennomsnittlig avstand mellom to sammenlimte flater.

Fure

Andre ord som brukes er “Fura”, “Fyr”, “Fyrretræ”, “Toll”. “Fyr og “Fyrretræ” brukes helst om unge eller voksende trær. Fure blir brukt om materialet, vyrket, det heiter såleis: ein fureplanke, motsett: granplanke eller eikeplanke. Tolle blir brukt om det einskilde treet: “ei stor tolle”, “ei byttolle”. Når det gjeld namnet på treslaget, blir både “tolle” og “fåre” brukt.

Fylling

Ei treplate som blir sett inn mellom “ramstykkja” i ei “fyllingsdør” (dørafylling). Jf. òg “bjelkefylling”. Spegel i staden for dørafylling høyrer ein nok, men ikkje ofte.

Fyllingsdør

Ei dør med fyllingar i.

Fyllstoff

Stoff som blir satt til limet for å øke styrken, forbedre konsistensen, øke den gapfyllende (s.d.) evnen og senke prisen uten at det gjør limfugen svakere. Har sjelden limeevne selv. Eksempler: gips, kaolin, tremel, beinmel og nøtteskallmel. (Se også drøyemiddel.)

G

Gagnstre

Trestykke som ein høgg ut av brennveden av di det er “gagn” i det, dvs. det kan vere emne til skaft på ymse verktøy, til sledemeiar, hjulkrokar og mykje anna. (Når eit slikt gagnstre er grovt tilhogge, heiter det “emne”).

Gangjarn

Ei stor dørhengsle.

Gangloft

Loftet over ein gang.

Gapfyllende lim

Lim som gir tilfredsstillende resultat ved fugetykkelser opptil ca. 1 millimeter. (Ikke-gapfyllende lim bør ikke brukes dersom fugetykkelsen på grunn av dårlig tilpasning e.l. kan overstige ca. 0,1 millimeter.) Enkelte lim av resorcinoltypen tåler fugetykkelser opptil ca. 2 millimeter.

Gard

1) Eit gjerde av stein, tre eller streng.
2) Eit “naturleg” gjerde eller ein kant.
3) Plassen ikring husa på eit gardsbruk (= tun, men dette ordet er ikkje brukt i heile Noreg).
4) Husa på ein gard og den næraste jorda (tunet) ikring teke under eitt.
5) Ei jordvidde som har eige gardsnummer og eige namn, og som no oftast er delt opp mellom fleire eigarar slik at det er fleire bruksnummer. Eit bruk under ein slik gard (altså eigentlieg ein “gardpart”), blir òg kalla ein “gard” når han er over ein viss storleik (grensa er heilt flytande, ofte reknar dei òg etter buskapen). Mindre bruk blir kalla: småbruk (eller berre “bruk”).
6) Eit hus i byen, ein bygard.

Garde

Ein bing i fjøset til kalvar (“kalvegarde”), sauer (“Sauegarde”) eller griser (“Grisegarde”).

Gavl

1) Den øvste, trekanta delen av tverrveggen på eit hus.
2) Tverrenden i ei kiste og ei seng.

Geite

Den lause veden som ligg nærast borken i fura.

Gelender

Rekkverk på sida av ei trapp. Ordet blir mest brukt om dei meir “forseggjorte” rekkverka på svingtrapper, og det har truleg komme inn saman med desse trappene. Ordet har komme frå bymålet.

Gesims

Ei “utstaffert” list over dører, brannmurar, o.l. Hjå arkitektane tyder gesims ein murkrans utanpå huset (oftast i overgangen mellom vegg og tak), eller ein liknande krans (ofte av tre eller gips) inne i eit rom i overgangen mellom vegg og loft. Ordet kommer fra tysk, Gesims.

Gimling

Ein lauseleg oppsett vegg av fjøler (helst i uthus). Også forklares som ein skillevegg mellom to rom i et hus. jf. gjømling.

Gimle av

Dele av ved hjelp av ein gimling (“gimle av eit rom til småveden”)

Gjenge

“Skrugang”, snaring på ein skrue, alle snaringane på ein skrue heiter gjengar, ei einskild snaring: ein gjenge (jf. “skrue” og “skrufar”).

Glasshengsle

Ei hengsle til (eller på) ei glassamme (jf. slagvindu).

Glasshespe

Ein krok på eit “slagvindu” til å late det att med.

Glasskledning

Ein kledning (av tilhøvla fjøler) som ligg ikring eit glass (både utanpå og innanpå) for å dekke over opninga mellom glasskarmen og veggen.

Glasspost

Det same som “midpost”, som er det vanlegaste. Vinduespost brukes også.

Glassprøyte

Ei av dei små lektene som skil mellom dei einskilde rutene i ei glassramme (når det er berre ei glassrute i kvar ramme, blir det sjølvsagt ikkje sprøyter). Arkitektane kaller det sprosse. På samme måten som ein kan bruke ordet “vindu”, i staden for glass, kan ein òg bruke vindus- i desse samansetningane så nær som i “glashol”.

Glugg

Eit hol i ein vegg for å sleppe ljos eller luft inn (n berre i uthusa: “løeglugget” for å få ljos på låven, og “fjøsglugget”, tidlegare for å få ljos i fjøset; der det no er, blir det brukt til å kaste ut gjødsla igjennom.

Golvås

Ein av åsane under eit golv (kan òg heite “golvbjelke” når han er firskoren, men både “golvås” og “golvbjelke” tyder berre ein ås (eller bjelke) under golvet i første høgda, bjelkane under golvet i andre høgda eiter “loftsbjelkar”).

Grad

Ein liten, kvass kant eller egg, til dømes på ymse støypte metalldelar når metallet har pressa seg noko fram mellom formene; den “roa” ein får når ein slipar ymse verktøy kan og kallast grad. Likeeins dei stripene ein får mellom høvelstroka når ein høvlar med ein grov høvel. Grad (i denne tydinga) er altså slike små eggar eller kantar på ein ting som er ei følgje av tillaginga, men som eigentleg ikkje skal vere der.

Grade

Felle i hop to fjøler (eller felle ei list inn i ei fjøl), ved at ei tilskjering i enden eller på sida av den eine høver inn i eit utskore spor i den andre.

Gradsperre

Ei sperre som ligg etter den skjeringslina som ein får når takflata på ei “ark” (eller ein “vinkel”) skjer takflata på sjølve huset. Dei sperrene frå dei to takflatene, som møtest etter denne lina (og blir avskorne der) kviler på gradsperra.

Grindsag

Ei sag der sagbladet er festa i ei “grind”. Sagbladet blir stramma ved at eit tau i grinda blir snara rundt med ei “spildre”. Sagbladet i grindsaga kan svingast til sides, ved sida av å brukast til vedsag, blir ho difor mykje brukt av snikkarane når dei skal skjere i boge.

Grov

Stor, tjukk, dryg (om tømmer).

Grue

Open eldstad, oppmura av stein, med eller utan røykpipe over. Grue blir noko samanblanda med “skorstein”, eigentleg er skorsteinen røykepipa over grua, men eldstaden og pipa teke under eitt blir både kalla “grue” og “skorstein”.

Grunthøvel

Ein høvel av eit særleg skap, som blir brukt til å høvle nede i botnen av ymse “spor” eller “far” (til dømes i det “sporet” ein lagar når ein skal “grate”, eller i eit “reksponfar”. Truleg kjem det frå eit tysk ord: *Grundhobel, som då skulle tyde “botnhøvel”.

Gåt

Falsen i ein dørkarm (ofte berre om falsen i det stykket av karmen som ligg under døra). Heiter òg “døragåt”.

H

Hake

1) Krok til å halde noko att med (på dører, lokk, o.l.).
2) Reiskap (med ein krok) til å halde noko fast (“haldshake”, “båtshake”, “steinhake”, “tømmerhake”).

Hakeskøyt

Ein samanskøytingsmåte der ein lagar eit hakeligknande innhogg i dei skråskorne endane av dei to stokkane (firkantane) som skal skøytast i hop.

Hald

1) Feste (“spikerhald”: feste for spikaren i veden).
2) Ei list som er spikra slik på ein vegg at det blir ei opning mellom veggen og lista til å setje øksar, knivar, og anna borti (“øksahald”, “knivshald”, “navarhald”).
3) Ein kloss med eit hol i, fastspikra framme i kubåsane til å feste halsbanda i (heiter òg “veggfeste”).

Haldshake

Ein hake av jarn som tømmermannen brukar å slå inn for å halde noko på plass medan han arbeider med det (til dømes ein stokk som skal “snorslåast” og “ryast”, ein skøyt som skal boltast o.l.). Haldshaken er såleis eit verktøy, dei hakane som blir slegne inn for godt i eit hus, heiter berre “hakar”.

Hammar

Ein reiskap av jarn med eit treskaft i, til å slå med (“lekthammar”, “klinkhammar”, “skohammar”, “kulhammar”, “steinhammar”), òg ryggen (nakken) på ei øks (“økshammar”) da denne svært ofte blir brukt til å slå med.

Hamre

Halde på å slå lengre tid på noko med ein hammar (eller ei sleggje).

Handrekke

Ei stong eller ei fjøl til å halde seg i på sida av ei trapp eller ei klopp, øvste fjøla (stonga) i eit rekkverk (òg om heile rekkverket).

Handsagskjerar

Ein person som dreiv mykje med å skjere på handsag (han åtte handsagblad sjølv og reiste ikring på gardane og skar til folk).

Handspak

Sjå “Spak”.

Handspik

Sjå “Spak” og “Spik”.

Hanebjelke

Ein firkant som ligg over “sideåsane” på tvert av huset. Også ein tværbjælke under et tak.

Harpe

1) Eit slags såld av lekter som blir brukt nå ein skal reinske ut småstein av sand. (Harpa blir sett noko på hall, sanden blir kasta mot henne med spade, og den reine sanden går gjennom, og småsteinar blir liggjande att. I staden for lekter kan ein bruke grov streng. Lektene eller strengene ligg ved sida av kvarandre i ei harpe (når eit såld er av streng, ligg dei i kryss). Altså et redskap for sandrensning.
2) Reinske sand (eller jord) for småstein ved å kaste han gjennom ei harpe.

Helle

Steinhelle framfor ei ytterdør.

Hengjegolv

Eit sementgolv (av jarnbetong) som “heng i lufta”, dvs. det er ikkje støypt ned på fast grunn, men er understøtta i endane (og oftast med søyler under). Blir no ofte brukt til fjøsgolv der det er gjødselkjellar under fjøset. Heilt ny byggjemåte.

Hengsle

1) Eit beslag som ei dør (ei glassramme, eit lok, o.a.) heng på, og som er såleis at døra (glassramma, osv) kan svinge ut og inn (“dørhengsle”, “glasshengsle” o.l.).
2) Setje hengsler på noko (“hengsle ei dør”, “hengsle eit glass” (eit glass som er hengsla heiter “slagvindu”)).

Herdekammer

Oppvarmet rom der limte deler lagres under press mens limet herder.

Herdetemperatur

Temperaturen i limfugen under herdingen.

Herdetid

Den tiden det tar for et lim å herde eller “tørke” ved en bestemt temperatur.

Herding

Overgang fra flytende til fast form. Betegnelsen burde egentlig bare brukes når denne overgangen skjer ved en kjemisk reaksjon, men den blir i praksis brukt også når “herdingen” er en fysikalsk prosess (tørking, størkning).

Hespe

Ei greie å feste eller stengje noko med (dører, glass, lok, o.a.).

Hjell

Eit halvloft i ei røykjestove (oftast av staurar og lause fjøler). Ordet er no berre kjent av eldre folk i denne tydinga (men “fiskehjell” derimot er allment kjent).

Hjertenov

Gamaldags novtype som no ikkje lenger er i bruk, men som ein finn på eldre hus (frå før 1850, etter 1850 kjem “sinkenova”, og omkring 1880 kjem så “tappnova” som no er i bruk). Arkitektane kallar alle dei gamle novene som har “utnover” for “kryssnover” eller “knubnover”. Både “drogskornov”, “svenskenov” og “hjertenov” må difor reknast med i dette samnamnet. Namnet “hjertenov” skal komme av at uthogginga på sida av stokken liknar (eller ein gong har likna) eit hjerte. Sjå elles under “nov”, der dei andre novtypane òg er rekna opp.

Hogge

I husbygging heiter det: “hogge ei nov”, “hogge i hop (saman) ein skøyt”, “hogge nedi ein tverrstokk”, “hogge til, “hogge ned ei tolle”, osv. I ymse høve har verbet “skòre” brukast i staden for “hogge”.

Hoke

Ei tilskjering på ein stokk (eller anna) som liknar ei hoke (eller ein hake), til dømes tilskjeringa i hakeskøyten.

Hol

Opning inn i, eller igjennom noko. Dertil: “tapphol”, “navarhol”, “naglehol”, “spikarhol”, “kvisthol”, “glasshol, “dørahol”. Også brukt om eit lite (og ringt) rom i eit hus: “kjellarhol” o.l., oftast nedsetjande: “kjøkkenet var berre eit hol”, “eit mørkt hol til fjøs”.

Hole

Grave (skjere) ut ei hole (eller eit hol) i noko (“hole ut”).

Holjarn

Eit snikkarjarn (til å hole med), det liknar slagjarnet (tappjarnet), men sidene er oppbøygde slik at jarnet liknar ein halv sylinder. Ordet “holjarn”, er sikkert berre eit opmsetjingslån av det da norske ordet “huljern”.

Holtskrue

Ein konisk skrue med kvasse gjengar og utan mutter.

Huk

Den renna (bukta) som blir på eit hustak når to takflater møtest, til dømes når det er “ark” eller “vinkel” på huset.

Hulkil

Ei list med ei uthøvla renne i.

Hun

Ei fjøl som ikkje er skoren meir enn på den eine sida. Tidlegare, då det ikkje var så lett å skjere tømmer som det er no, vart slike hunar svært mykje brukt i husbygging, til dømes til fjøslemmar, gimlingar, løevegger, tro og lignande. Desse hunane var store, og vart ofte flatøksa. No blir det skore lekter o.l. av hunane, og det som då blitt att, heiter “hunflis”.

Husnavar

Ein stor navar som dei brukte (og ofte endå brukar) til å bore hol til “blindingane” med.

Husstokk

Ein stokk som høyrer (eller har høyrt) med til “tømra” i eit hus, og som difor har “mefar” og “nov”.

Hustømmer

1) Så mykje tømmerskog som ein treng til husa på ein gard (til nybygg og omvøling), (“det er hustømmer på garda”). Med hustømmer meiner dei ofte òg tømmer over ein viss storleik, tømmer(skog) der dei einskilde trea er så store at dei kan nyttast til “husstokkar”.
2) Det tømmeret som ein treng til eit hus.

Hysje

Eit dårleg hus, som anten er dårleg bygd, eller som står til nedfalls av di det ikkje er blitt omvølt (“eit stovehysje”: ei stove som mest er ubrukande, “eit løehysje”, “eit nausthysje", “eit gammalt hysje”).

Høvel

Eit verktøy som har eit kvast jarn (høveltann), som står på skrå inne i ein “høvelstokk”; blir brukt til å skave av sponar av trevyrke, anten for å gjere dette slett, eller for å gje det ein viss skap. Der finnes ei mengde ulike typer høvlar: “okshøvel”, “rubank” (langhøvel), “pusshøvel” (sletthøvel), “grunthøvel”, “jarnhøvel”, “fasthøvel”, “staffhøvel”, “nothøvel”, “skrubbhøvel”). Redskap at jævne tre med er også brukt som forklaring.

Høvelbenk

Ein “benk” med skruar i, slik at ein kan setje fast slikt som skal høvlast i han.

Høvelstokk

Det trestykket som høveltanna er sett inn i.

Høveltong

Jarnet i ein høvel. Høveljern, eit jarn med “klaff” kallar dei: “dobbelt høveljern”.

Høvle

Arbeide på noko med ein høvel (vanlegvis brukar ein verbet i tydinga: jamne til noko, høvle noko slett, men ein kan òg høvle ut eit far (med ein “grunthøvel” eller “nothøvelen”), ein “staffhøvel” blir ikkje brukt til å jamne til noko.

Høyløe

Eit hus til å ha høy i (og ikkje til alt det anna som ein har i ei vanleg løe), slike høyløer står oppe på slætta i utmarka, og på jorde som ligg langt unna heimgarden.

Høystål

1) Samanpakka høy i ei løe.
2) Det rommet som dette høyet ligg i. Vanlegvis tenkjer ein nok på høyet når ein talar om høystål, men ein seier òg: “det er tomt oppi ståla (høyståla)”; og i “djupstål” tyder stål berre rom.

I

Immateriell kulturarv

Immateriell kulturarv betyr praksis, framstillinger, uttrykk, kunnskap og ferdigheter. For kulturminneforvaltningen er den immaterielle kulturarven knyttet til det vi ikke kan ta på ved et kulturminne.

Dette gjelder for eksempel tro, tradisjoner, sagn og hendelser.

Innreie

Setje inn glass og dører, leggje inn loft og golv, og i det heile gjere eit hus (eller eit rom) ferdig til å takast i bruk.

Innreiing

1) Det ferdige resultat av innreiingsarbeidet.
2) Òg ofte om vyrket som skal brukast til å innreie med.

Innreiingsarbeid

Arbeidet med å innreie eit hus (dette blir ikkje rekna til husbygging, men er snikkarararbeid).

Innreiingsmaterial

Vyrket som blir brukt til å innreie med.

Innsigelse

Riksantikvaren, fylkeskommunene, Sametinget og en rekke andre myndigheter kan fremme innsigelse, det vil si en protest eller innvending mot forslag til arealplaner etter plan- og bygningsloven. Så lenge det foreligger en innsigelse, kan kommunen ikke vedta planen endelig.

Inntømring

1) Vanleg verbalabstraktum av verbet tømre inn = dverge inn.
2) Tømmervegg av korte stokkar mellom vertikale stavar.

Innvegg

(Tverr)vegg inne i eit hus, som ikkje har noka side som vender “ut på garden”.

Istandsetting

Reparasjonsarbeid for å bringe en bygning, del av en bygning eller et annet objekt opp på et ordinært vedlikeholdsnivå, slik at bare løpende vedlikehold vil være nødvendig senere.

En antikvarisk istandsetting innebærer at reparasjonen baseres på bruk av materialer og teknikker tilpasset bygningens eller anleggets egenart.

J

Jarn

1) Som stoff-namn.
2) Ein reiskap av jarn; slagjarn, tappjarn, holjarn blir ofte kalle berre “jarn” av husbyggjarar (“jarnet lyt slipast”).

Jarnhøvel

Reint allment om ein høvel der høvelstokken er av jarn, særleg brukt som namn på ein liten pusshøvel.

K

Kaldflyt

(Eng.: creep) brukes om lim som gir etter (glir) dersom limforbindelsen blir utsatt for en konstant belastning. Typisk for termoplastiske lim.

Kaldherdende lim, kaldlim

Lim som herder ved temperaturer under ca. 30ºC.

Kam

I denne forbindelse brukes ordet “kam” om en del/parti av drageren. Kammen skal motstå glidekreftene i drageren. Om det er en sammenheng med ordet kamp (to motstridende parter), kan vi bare spekulere i. Se og “Kammadrager”.

Kamhøyde

Høyde målt på kammens loddrette snitt. Se og “Kammadrager”.

Kamlengde

Lengdemål vannrett fra kam til kam. Målt fra snitt til snitt i sammenføyningen mellom overstykke(r) og understykke. Se og “Kammadrager”.

Kammadrager

En form for “drager”. Viser seg å være den mest brukte benevnelsen av denne type drager i handverksmiljøet. På engelsk heter “Kammadrager” for “Joggled beam”. “Composite beam” er et annet engelsk begrep som sert ut til å være det mest brukte internasjonalt, og som omfavner både kammadrager og fordybla drager. Ordet “composite” betyr at noe er sammensatt av flere komponenter, og “beam” betyr drager.

Kammers

Eit mindre rom ved sida av stova i eit stovehus. Når kammerest er i enden av stova, blir det òg kalla “endekammers”. I nyare hus med “dobbelt breid” er det ofte kammers på sida av stova, det heiter då: “sidekammers” eller “bakkammers”.

Kammertemperatur

Temperaturen i herdekammeret.

Kamnov

Sjå “sinkenov”.

Kante

Kantskjere (“kante ein hun”: skjere (eller økse) til kantane på ein hun; eigentleg tyder det vel: setje på kantar).

Karm

Innfatning ikring glass, dør, o.l. (sjå glasskarm (vinduskarm), dør(a)-karm). Det nevnes også at det kan være “Rygstød i en slede” (karmslede).

Karniss

Ei list (eller listverk av fleire delar) som stort sett har ein s-forma profil. Var før mykje brukt over glass og dører (utanpå veggen), og som toppstykke på skap og anna innbu. No mindre brukt enn før, jf. “gesims” som kan ha same profilen.

Katalysator

Stoff som starter (setter i gang) herdingen, men som ikke selv blir forbrukt under herdingsreaksjonen.

Kinne

Skråhogg sida av ein husstokk ikring sjølve novhogget (“kinne tømmeret”). Det er berre eldre novtypar som har slik skråhogging. Verbet er no ikkje lenger brukt (og knapt nok kjent av dei yngre husbyggjarane).

Kinnung

Ein av stokkane (stokkendane) i eit “kinnunglad”. 1) Dørstolpe, 2) Veggen ved siden av døren, 3) Stok i dørveggen.

Kinnunglad

“Ladet” av avskorne stokkar på sida av ei glass- eller dørhol. På eine sida av kinnungladet er det “beitskie”. Når kinnungladet står mellom to glass- eller dørhol, er det beitskier på begge sider.

Kjellar

1) Rom under eit hus, der husmurane tener som vegger.
2) Eit eige hus, eller eit tilbygg til eit hus, med murvegger som er meir eller mindre nedgravne i jorda (“jordkjellar”, “fraukjellar”, “gjødselkjellar”, o.l.).

Kjellardør

Dør inn til ein kjellar.

Kjellarglas

Glass i ein kjellar.

Kjellargolv

Golv i ein kjellar av tre eller stein (jf. kjellartuft).

Kjellarhals

Utgraven veg ned til kjellardøra, der denne ligg lågare enn jordlaget ikring. Kjellarstrupe er også benyttet som ord, men kjellarhals er nok eit nyare lån fra bymålet.

Kjellarluke

Luke i golvet over ein kjellar. I gamle hus kan ein finne slike kjellarlukar i stovegolvet.

Kjellartrapp

Innvendig tropp ned til ein kjellar.

Kjellartuft

Botnen (jordtelen) i ein kjellar som ikkje har retteleg golv av tre eller stein (eller sement).

Klaff

Ei jarnplate som er skrua fast til ei høveltann. Ei høveltann med klaff kalles “dobbelt høveljern”, ei tann utan klaff kalles “enkelt høveljern”.

Klauv

Ei uthogd kløft i enden av ein stokk (stav). Vart i eldre tid brukt i enden av stavane i eit “stavverkshus”, der dei no brukar tappar.

Klauvhammar

Det same som lekthammar (klauvhammar er no berre brukt av eldre folk).

Klinke

1) Hamre ut endane på ein jarnsaum (eller -nagle).
2) Ei lita dørslå som blir lyft opp, og ikkje skuva til sides som den vanlege slåa. (Frå innsida blir klinka lyfta opp med ei lita “hevarm” som går gjennom døra.

Klinker

Murstein (teglstein) som er heilt hardbrent.

Klopp

1) Ei lita bru av gjøler, korte stokkar eller steinheller over ei veite eller ein liten bekk.
2) Ei helle framfor ei ytterdør (“kloppehelle” eller “helle”), no ofte støypt av sement; òg brukt om ein treflake med eller utan trapp framfor. I dette siste høvet blir “tropp” og “klopp” brukt om einannan.
3) Stokkar eller steinar nedlagt i vegar i utmarka der grunnen er blaut (ofte i stadnamn: “kloppmyra”, “kloppene”).

Kloppedunge

Sjå “dunge”.

Kloppehelle

Sjå “klopp”, forklaring 2..

Kle

“Kle veggen med blekk (eller spon). Sjå også ordet “bordkle”.

Kledning

Sjå “bordkledning”.

Kledningsband

Sjå under “band”.

Kløyvning

Eine halvdelen av ein stokk som er kløyvd. Slike kløyvningar vart tidlegare mykje brukt i husbygging (til band, lemmar, o.l.).

Kobbhus

Eit lite utbygg (ei ark) på eit tak (visstnok berre om ei ark som ikkje har møne).

Kohesjon

Binding mellom molekylene i ett og samme stoff, indre sammenhengskraft.

Kondisjonere

“Gjøre skikket”. Brukes om lagring av trematerialer for å oppnå en bestemt fuktighet i treet.

Konservering

Konservering av et kulturminne betyr at man sikrer det så godt som mulig mot ødeleggelser. Disse ødeleggelsene kan være forårsaket av naturlig nedbrytning eller av menneskelig inngrep. For bygninger brukes vanligvis ordet istandsetting.

Kott

Eit lite, trongt rom.

Kove

Eit lite rom som låg i breidd med gangen i gamle hus. Jf. “oversynet”.

Krok

Ein vinkelforma hake til å halde noko fast med (krok på ei dør (eit glass)), “torvhaldkrok”, “rennekrok”.

Krubbe

Fòrkasse av tre, eller ei renne av glasert leir (“krus”) framfor ein bås (den siste, som nyleg er kommen i bruk, heiter òg “kruskrubbe”".

Krysspost

Sjå merknad under “midpost”.

Kubein

Eit langt brekkjarn med ei klauv i eine enden.

Kulturarv

Samlebetegnelse for materiell og immateriell kultur.

Betegnelsen kulturarv blir særlig brukt i samarbeidet mellom kulturminneforvaltningen, arkivverket og museumssektoren, sammen med kommunene og lokale lag og foreninger.

Kulturlandskap

Alt landskap som er påvirket av mennesker. Betegnelsen brukes når det fokuseres på den menneskelige påvirkningen av landskapet, og særlig ofte om jordbrukslandskap.

Kulturmiljø

Et område der kulturminner inngår som del av en større helhet eller sammenheng.

Også naturelementer med kulturhistorisk verdi kan inngå i et kulturmiljø. Kulturmiljøer kan for eksempel være et byområde, ei setergrend, et fiskevær eller et industriområde med fabrikker og boliger. 

Kulturminne

Kulturminner er alle spor etter menneskers liv og virke i vårt fysiske miljø. Begrepet omfatter også steder det knytter seg historiske hendelser, tro eller tradisjon til. Også naturelementer med kulturhistorisk verdi er kulturminner, eller kan inngå som del av et kulturminne.

Kulturminner kan for eksempel være bygninger, hager, gravhauger, helleristninger, båter eller veifar. Disse kan være fra tidligere tider eller fra vår egen tid.

Det skilles mellom løse og faste kulturminner. 

Kulturminneverdier

Verdier som tillegges et kulturminne. Forvaltningen, organisasjoner, eiere, brukere eller andre kan vurdere kulturminnets verdi på ulike måter. Verdivurderingen kan endres over tid.

Kulturminneforvaltningen deler gjerne verdiene inn i tre grupper: kunnskapsverdier, opplevelsesverdier og bruksverdier.

Kumøkk

Byggemateriale - Funnet i deler av landet, blant annet på husmannsplassen Melaaslia i Gjerstad kommune (Agder), hvor det er brukt som isoleringsmiddel mellom tømra og kledningen. Utifra funna ble det sist brukt der i 1877 eller 1890. Den fungerte som difusjonsåpen tetting. Ved ny bruk er det viktig at ei ku (forhåndsvis ei Telemarksku) blir satt på diett i ei uke, uten tilgang på kraftfor. Da vil møkka være fin å bearbeide.

Kvart

Fjerdeparten av noko. Som sjølvstendig måleeining tyder kvart 6 tommar (altså fjerdeparten av ei aln). Denne måleeininga blir mest berre brukt når ein skal måle kyr eller hestar.

Kverk

Den smale uthogginga på sida av ei “tappnov” som “tappen” fell inn i. Ordet har truleg vore brukt om ei liknande uthogging på hjertenova, og har så gått over til tappnova (som er nyere).

Kvist

1) Kvist (lita grein) på eit tre.
2) Kvist i tre (-vyrke), merke i treet etter greina.
3) Eit loftsrom som har skråtak, og glass berre i enden.

Kviste

Hogge kvisten (kvistane) av eit tre (“kviste tolle”).

Kvisteklure

Eit tre (helst ei tolle) som har mykje og grov kvist.

Kvisterein

Om tre, men helst om trevyrke, som har svært lite kvist.

Kvisthol

Hol etter ein kvist i skore trevyrke.

Kvistut

Adjektiv for tre/trevyrke som har mykje kvist.

Kvist / Kvest

Køyrebru

Ei “bru” til å køyre på oppe i røstet av ei løe (òg om det oppmura steinkaret utanfor veggen (svarar til “løekloppa”).

Køyrebruløe

Ei løe som har køyrebru.

Kåpeomn

Ein røykomn med noko større opning enn i den vanlege (sjå “røykomn”).

Kårhus

Hus som kårfolk har.

L

Lagringstid

Den tiden et lim (uten tilsetning av herder, eller for pulverlim: løsningsmiddel) kan lagres uten å bli ubrukbart. L. blir kortere jo høyere temperaturen er.

Lameller

De enkelte bordene som blir limt sammen ved limtreproduksjon.

Laminering

Sammenbinding av to eller flere lag materiale. Ved laminering i forbindelse med trevirke har lagene vanligvis samme fiberretning.

Landskap

Samlebetegnelse på våre utendørs omgivelser, både det naturgitte og det menneskeskapte. Landskapet er formet av samspillet mellom mennesket og naturen.

Betegnelsen omfatter alle typer landskap, som for eksempel jordbrukslandskap, industrilandskap, kystlandskap, bylandskap og fjellandskap.

Langsyll

Sjå “syll”.

Lappstein

Takstein av skifer som er rund (oval) i nedre enden. Den rektangulære skifersteinen blir kalla “firkantskifer”. Han vart først brukt i Kleive kring 1860. Steinen som då kom frå Stjørdalen, var 20x20”. Lappsteinen kom i bruk ikring 1900 (på Kleivekyrkja 1897), no er denne steinen svært vanleg.

Lask

Trestykke eller klamp på sida av skøyt (når dei i staden for treklampar brukar smale jarnplater, blir desse kalla skiner (ei skine).

Lein

Sidetre (eller -planke) i 1) stige (“stigelein”), 2) trillebåre (“trillebårelein”), 3) stolrygg. Sidestykke i sammensatte redskaper, således i en stolrygg.

Lekte

1) Ei lang, smal (og helst firskoren) treremse, brukt til å spikre bordkledning, takstein og anna på.
2) Leggje lekter på vegg eller tak (“lekte opp veggen”).

Lektehammar

Ein hammar som har ei klauv i nakken, og ein pigg på sida av klauva. Snikkarhammaren har òg klauv, men ikkje pigg.

Lem

1) Eit loft av fjøler over eit rom i eit uthus (“fjøslem”, “stallem”). På samme måten som “loft” tyder “lem” og rommet over fjøleloftet.
2) “Galeri” i ei kyrkje.
3) Lem, luke.

Lemås

Ein av åsane under ein lem (motsett av “tileås”).

Likevektsfuktighet

Den fuktigheten som tre innstiller seg på etter lang nok lagring i luft av konstant temperatur og fuktighet. Tilnærmet den samme for alle treslag.

Limfilm

Et tynt limark, oftest med bærebane av papir (fenollim, animalsk lim, urealim eller melaminlim). Brukes ved varmpressing. Da smelter det, og får på denne måten evne til å fukte treet. Deretter herder limet kjemisk (for animalsk lim: ved avkjøling).

Limfuge

Utherdet lim som fyller ut mellomrommet mellom de flatene som skal limes (arbeidsstykkene).

Limgjennomslag

Opptrer ved finering: Limet trenger gjennom fineren og ut på overflaten av den.

List

Ei tynn lekte, høvla til med ein viss profil, langs kanten av panelingar, glass, dører, og mykje anna.

Limingstid

Den tiden som går fra limet er påført arbeidsstykkene, og til trykket blir satt på. Deles inn i åpen limingstid - tiden fra limpåføringen og til arbeidsstykkene blir lagt sammen, og lukket limingstid - tiden fra arbeidsstykkene er lagt sammen og til press blir satt på.

Limtre

Laminert konstruksjonsvirke til bygningsformål (bord som er limt sammen til bjelker, buer, osv). Skal bestå av minst fire lameller.

Liste

Setje lister på noke (“liste ei dør”, “Liste eit glass”).

Listeført kulturminne

Et kulturminne som etter en kulturminnefaglig vurdering er identifisert som verneverdig og oppført på en liste over objekter som skal forvaltes på en nærmere definert måte. Både kulturminner som er formelt vernet (ved lov eller forskrift) og kulturminner uten formelt vern kan være listeførte.

Eksempler på listeføring er NB! registeret, Listen over særlig verneverdige kirker, Landsverneplanenes verneklasse 2, Fartøyvernlista og Gul liste fra Byantikvaren i Oslo.

Ljore

Stor opning i taket på ei røykstove eller eit eldhus, både for å sleppe ut røyken og for å få inn ljos.

Lodd

Ei (bly-)kule med ei snor i som blir brukt til å finne loddlina med (no er det elles helst “vater” som blir brukt).

Loddar

1) Vater (“loddar” i denne tydinga blir no berre brukt i spøk, og det er tvilsamt om det syner attende til ei eldre “fagleg” nemning).
2) Ei lita stongvekt av tre (med fast lodd og flyttbart opphengingspunkt).

Lodde

1) Prøve (ved hjelp av loddsnor eller vater) om noko står i lodd (“lodde opp (eller inn)”).
2) Lodde djupna i sjøen.
3) Lodde i hop metall.

Loddpipe

Ei lita, trong murpipe som ikkje står i samband med grue, og som difor ikkje er open i nedre enden. Eigentleg ei pipe som er så trong at feiaren ikkje kan komme inn i ho, og som difor lyt feiast ved at ein firer ned gjennom ho ei snor med eit lodd i eine enden, og ein kost i den andre. I byane skil dei etter dette mellom: “gangpiper” og “loddpiper”.

Loddski

Ein reiskap som dei brukte til å finne loddlina med før dei fekk den moderne vateren.

Loddsnor

Ei snor med eit lodd i enden.

Loft

1) Golv som skill mellom første og andre høgda i ei stove eller eit stabbur (men ikkje ei løe).
2) Rom over eit slikt golv. Eit slikt rom heiter loft anten det har “full høgde”, slik at det er “mørkeloft” over, eller det er halvhøgt med sperretak over.

Lokal verdi

Verdi som tillegges kulturminner eller kulturmiljøer knyttet til lokal virksomhet og historie.

Et kulturminne av lokal verdi kan også bli tillagt regional og/eller nasjonal verdi.

Loke

Ei lita treslå på (utsida av) ei dør. Oftast blir loka skuva att og fram horisontalt, men ho kan òg henge vertikalt og svinge kring ein nabb eller spikar; ho blir brukt på uthusdører.

Losholt

1) Det same som “krysspost”, men mest ikkje brukt i denne tydinga.
2) Horisontalt liggjande planke eller firkant over eller under eit glasshol i eit hus av bindingsverk.

Luke

1) Treflake til å setje i, eller leggje over ei opning (“glassluke”, “kjellarluke”, osv.).
2) Ei opning i golv eller tak.

Lukket tid

Se limingstid.

Lukningstid

Den tiden som går fra arbeidsstykkene blir lagt inn i (varm)pressa, og til fullt trykk er nådd.

Lumpe

Skjere hunane av ein stokk på ei sag (dvs. eit sagbruk), skjere til stokken slik at han får rektangulært snitt (skal ein så skjere bord av stokken, heiter dette å “radskjere”).

Lumparblad

Det sagbladet dei brukar til å lumpe med på eit sagbruk, då dette er det største bladet, heiter det òg “storbladet”.

Lunn

1) Tømmerlunn, ein samanvelta haug av tømmarstokkar (uskorne). Den stokken som ligg på tvers under ein tømmerlunn oppe i skogen blir og kalla “lunnmor” enkelte stadar.
2) Lunn i ei båtstø, ein av dei stokkane som ligg på tvers i støa, til å drage båten (båtane) etter.

Lunne

1) Leggje lunnar i ei stø.
2) Lunne tømmer, dvs. køyre tømmerstokkane frå den staden dei er hogne og fram til tømmerlunnen; heiter òg: lunne fram, eller lunne ned tømmer.

Lunnmor

Ein tømmerstokk som blir lagd ned på tvers under rotenden av stokkane i ein tømmerlunn (for at stokkane skal vere lettare å ta att når dei skal køyrast vidare.

Løe

1) Uthus med rom til avling (høy, korn), buskap og reiskap (=løehus).
2) Den delen av eit slikt uthus som blir brukt til å lagre avlinga i.
3) Eit einstaka hus i utmarka til fjellhøy (“høyløe”) eller til brenntorv (“torvløe”).
Sjå òg låve.

Løedør

Dør fra låven og ut på “løekloppa” (heiter òg “låvedør”).

Løeglugg

Eit stort glugg i løeveggen for å få ljos inn på låven (heiter òg “låveglugg”).

Løegrind

Grinda av stavar, reimer, tverrstokkar osv. i ei løe (av bindingsverk).

Løehus

Det same som tyding 1) under Løe.

Løeklopp

Ei “klopp” til å køyre og gå etter frå garden og inn på låven.

Løst kulturminne

Betegnelsen brukes om kulturminner somer flyttbare. 

Lån

Ei lang, tohøgda stove. Ein lang bygning, især Ladebygning. Hovedbygning, våningshus med flere værelser og mer enn en etasje. Det kan også være en rekke hus, som står tett sammen. Og det kan være en svalgang, lukket gang på siden av bygningen.

Lås

1) Lås på dør, skrin, kiste, o.l.
2) Samanhogging mellom to tømmerstokkar, i: “låsskøyt” og “sperrelås”.
3) Ein liten stein (ei steinflis) som blir lagd under steinane i ein gråsteinsmur for at dei skal liggje støtt (å leggje innunder slike steinfliser heiter “å låse (av) steinen”.
4) Eit sildelås.

Låsskøyt

Ein skøyt mellom to tømmerstokkar som er laga slik at ein ved å drive inn kilar i han, på ein måte låser han. Ordet finnes ikke i ordbøkene, men vanlig i arkitektbøkene. Til dømes er “fransk lås” ein versjon av fleire låsskøytar.

Låve

Eit golv på tvert inne i løa til treskje på, og til å køyre inn på.

Låvebrik

Låg, gimling av horisontalt liggjande fjøler (brikfjøler) på sidene av låven (sjå “brik”).

M

Maddrage

Høvle av madet (“sagmadet”), høvle skore trevyrke berre så mykje at ein tek bort merka etter saga (heiter òg “stryke av madet”).

Mal

Mønster til å ripe etter når ein til dømes skal skjere til “balistrar”, “sperreskjegg”, “hylleknektar”, “sledemeiar”, o.l. Ein “mal” gjev berre profilen, han kan vere laga av papp eller av ei tunn fjøl). Etymologisk samme ord som modell.

Mantel

Den stokken som ligg under framkanten av ein skorstein, også om den hylla som er langs (eigentleg oppå) denne stokken (oftast er det forresten to stokkar som er ihopskøytte i rett vinkel). Forklares også som “mantel” - en liten hylle på skorsteinsmuren eller rund om skorsteinkappen. Vel egentlig selve skorsteinskappen.

Mantelstokk

Vertikal støtte under “mantelen” når grua (skorsteinen) er open til to sider.

Material

Brukes i mange tradisjonsfag og er stoffet, trevyrket, metallet, steina, malingen, osv. som brukes i det utøvende faget.

Meddrag

Den ripa i tømmerstokken som ein lagar med “meden”.

Meddrage

Ripe på sida av to tømmerstokkar med ein “mede”, for å sjå kor mykje ein skal hogge av dei for at dei skal falle i hop.

Mede

Reiskap som ein brukar når ein skal merkje av korleis “medfaret” skal hoggast.

Medfar

Den veita som ein høgg ut på undersida av kvar stokk i ein tømmervegg, det er “meddraget” som seier korleis denne uthogginga skal vere. “Medfaret” heiter òg “mosfar”.

Medfarkniv

Ein tviskjefta reiskap som dei brukar til å skjere ut “medfaret” med. Det heiter enno “hogge ut medfaret”, dei har såleis i si tid brukt øksa til dette arbeidet.

Meglar

Stolpe ved enden av ei innvendig trapp som rekkverket er festa til. Ellers består trapp av gelender og vange.

Meisel

Eit slagjarn av herda stål (utan treskaft) som blir brukt til å hogge metall og stein med.

Metrøk

Skrumor. Oftast høyrar ein no “mutter”, men (eldre) folk brukar ofte òg “medtrøk”; “skrumor: er det helst gamle folk som brukar. “Metrøk” er vel ei forvansking av “møtrik” i dansk språk.

Midtpost

Vertikalt plankestykke i ein glasskarm, mellom to glassrammer (heiter òg “glasspost” og “vinduspost”).

Midtstøding

Ein midtstolpe i ei døropning som er så brei at ein lyt ha to dører i ho (naustdør, låvedør, o.l.). Når dørene skal latast att, blir midtstødingen sett ned i eit far i dørstokken, og festa på ymse måtar i øvre enden, berre i uthusdører).

Miljøovervåkning

En systematisk innsamling avdata ved hjelp av etterprøvbare metoder, som baserer seg på hypoteser om sammenhengen mellom årsak-virkning. Overvåkingen omfatter både påvirkning, effekter og miljøtilstand. Målet er å dokumentere miljøtilstanden og utviklingen av denne.

Mine

Sprengje stein med krut, dynamitt eller anna sprengstoff (“mine ein stein”). Det heiter no oftast “skyte stein”.

Minebor

Ein stålstein som er kvesst i enden, og som blir brukt til å slå hol i steinen med når ein skal mine.

Minestein

Stein som er mina, og som difor har kvasse kantar og rette flater.

Mosefar

Det same som “medfar”.

Motved

Vridningar i veden slik at det vanskeleg å glattehøvle han.

Motvedd

Om trevyrket som har motved, motsett: reinvedd.

Mur

1) Mur under eit hus.
2) “Brannmur” attanfor omn eller annan eldstad.
3) “Skorsteinsmuren” på sida av grua.

Murreim

Ein “firkant” som ligg nede på muren under eit hus, og som golvåsane er nedhogne i (blir og kalla “rame”, særleg i ordlaget: “byggje på rame”. Murreima er ikkje det same som “syll”, for det første er sylla ein “husstokk”, dessutan blir ikkje golvåsane nedhogne i sylla når huset er bygd “på tverrsyll”, men berre når det er bygd “på langsyll”). Arkitektane nyttar ikkje ordet “murreim”, men brukar orda “syll” og “svill”.

Murskei

Ei trekanta stålplate med handtak på, som muraren bruker til å handsame sementmaterialen (mørtelen) med (ved muring, fuging, pussing, o.l.).

Murstein

1) Gråstein som er høveleg til muring (tilslegen eller sundskoten gråstein).
2) Kunstig stein av tegl eller sement, laga etter visse mål.

Mutter

Det same som “skrumor”. Ordet er i nyere tid kommet fra nederlandsk/tysk.

Møne

Takrygg, skjeringslina mellom dei to sideflatene av eit tak.

Mønekråke

Den øvste trekanta stokkenden i eit bjorlad. Ordet er ikkje lenger brukt (eller kjent) anna enn av gamle folk. I Setesdal heiter denne delen “gaukjen” eller “rausegubben”.

Mønenever

Den nevra som ligg over mønet.

Mønestong

Ein (helst noko gran) ås som ligg oppe under mønet på eit sperretak. At det heiter “stong” og ikkje “ås”, må vel henge saman med at ein ikkje treng ein grov stokk under mønet på sperretaket. I dei seinare åra har dei elles slutta med å ha mønestong. Sideåsar derimot blir meir og meir vanleg.

Mørkeloft

Loftet over andre høgda i eit hus som har to fulle høgder (slik som loft tyder òg mørkloft både “loftgolv” og “loftrom”). I den første tida etter at dei tok til med slike loft, hadde dei ikkje glass i dei, derav namnet.

Mørkeloftsbjelke

Ein av bjelkane under mørkeloftet.

N

Nagle

1) Pinne eller stikke til å feste med. I eldre husbygging var det brukt trenaglar i staden for spikar (og bolt). Dei vart ofte “åretta”. Små metallteinar (-stikker), som ikkje er spikar eller bolt, blir òg kalla naglar: klinkenagle o.l.
2) Feste med naglar (“golvet er nagla”, “nagle fast ei fjøl”).

Naglefast

Fastsett med naglar. Eigentleg blir det berre brukt om innbu som er nagla (eller spikra) fast til vegger eller golv i eit hus, og det er på ein måte ei juridisk nemning, då det som er naglefast skal fylgje med huset (ved kjøp og sal).

Naglehol

Hol som er bora for ein trenagle.

Naglehovud

“Hovud” i enden av trenagle.

Nasjonal interesse

Begrepet brukes først og fremst i verdisettingsprosesser i arbeid med plan- og bygningsloven. Det markerer at kulturminneverdier på nasjonalt nivå kan være involvert. 

Nasjonal verdi

Verdi som tillegges kulturminner eller kulturmiljøer knyttet til viktige faser og forhold i landets historie. Et kulturminne av nasjonal verdi kan også bli tillagt regional og/eller lokal verdi.

Naturlandskap

Betegnelsen brukes om landskap med liten grad av menneskeskapt påvirkning.

Betegnelsen brukes også når en ønsker å rette fokus mot landskapets geologiske og biologiske innhold.

Naust

Hus nede ved fjøra til å ha båtar og vegn i.

Naustlem

Lem i eit naust (ofte brukt til lagerrom for gardsreiskapar).

Navar

Reiskap til å bore i tre med. Sjå elles under “bor”.

Navarhald

Ei list eller smal fjøl med hol i til å setje frå seg navrar i.

Navar(s)hol

Hol som er bora med navar.

Navar(s)skaft

Skaft (handtak) på ein navar.

Never

1) Ei lêrliknande hinne utenpå den eigentlege borken på bjørk (betula alba).
2) Eit einskilt stykke eller flak av denne hinna (ei never, pl. nevrar).

Neverlad

Eit lad av oppskara og ihoppressa never.

Nevertak

Eit tak av never med torv over (det vanlege namnet er “torvtak”).

Norve

Eit tverrtre som blir spikra tvers over ein treflake eller ei einfeld dør for å halde fjølene saman. Arkitektane nyttar ordet “labank”.

Not

Veite på sida av bord eller planke som er pløgt, som høver ihop med ei fjør (ein penn) i bordet eller planken ved sida.

Nothøvel

Høvel til å høvle ut eit spor (ei not) med. Ikkje det same som “plog” (plogane er ikkje stillbare, ein skil difor mellom “tomsplog”, “femkvarttomsplog” og “halvannantomsplog”, dessutan tek den eine plogen nota, og den andre plogen pennen (fjøra)). Nothøvelen er stillbar (dvs. han kan brukast til bord eller plankar av ymse tjukkleik), og han tek berre nota).

Nov

1) Samanhogginga mellom to stokkar i hjørnet av eit tømmerhus (To tilhoggingar som høver inn i einannan).
2) Tilhogginga i (enden av) kvar einskild stokk (“hogge ei nov i ein stokk”), òg om ei slik (eller ei liknande) tilhogging i enden av ein bete (eller bjelke) for å feste han i veggen (sjå “bjelkenov”).
3) Den vertikale rada av samanhoggingar (nover tyding 1) som ein får i hjørnet av eit tømmerhus (“eine stovenova er rotten”).- derav: hjørnet (sett utanfrå) av eit kvart hus, anten det er av tømmer eller stavverk (“løenova”, “fjøsnova”, “stikke attom nova”).
4) “Utnov”, stokkenden utanfor sjølve novhogget (det er berre eldre novtypar, svenskenov, drogskornov og hjertenov, som har utnov).

Novbord

Eit av dei vertikale bordkledningsborda ved hjørnet av eit hus (når bordkledningen blir måla, blir novborda og vaterbordet ofte “avleta”).

Nove

Et lite brukt ord, men ein kan nok somme plasser høre “nove opp eit hus”, “nove opp att eit hus” (dvs. skjere vekk dei gamle novene og hogge nye).

Novstein

Ein einskild stein eller ein oppmura stopul under ei husnov.

O

Okshøvel

Ein noko stor høvel (men kortare enn rubanken), med to handtak som står på tvers av han. Blir brukt til grovare høvling, og er etla til å brukast av to personer.

Omfar

Ein omgang med tømmerstokkar i eit tømmer-/lafthus.

Oppgangssag

Ei sag driven med vasskraft (i byane òg med damp), der sagbladet, som er langt og smalt, går opp og ned (sjå “vass-sag”), no avløyst av sirkelsaga.

Opplender

Ein vertikal stokk som blir skrua fast til ein tømmervegg (ein utanpå og ein innanpå med skruboltar igjennom), for å stø veggen når det er langt mellom novene (eller veggen av andre grunnar treng avstiving). Jf. “strekkfisk”.

Oppåkar

Den karen (mannen) som stod oppå sjølve handsaga når dei skar, den andre som gjekk nede på jorda heitte underkar.

Oppåraft(lægje)

Den øverste raftlægja i eldre hus med dobbelt raftlægje.

Oppårygg

Den tverrstokken som ligg over “bukkeryggen” i eldre hus (av stavverk).

Oppåstålsyll

Den øvste “stålsylla” i eldre hus med dobbelt stålsyll.

Oppåvindskei

Sjå “vindskei”.

Oppstandar

Vertikal stolpe eller støtte. Det tekniske namnet på ein vertikal stokk (firkant) mellom syll og reim, eller reim og raftlægje i eit stavverkshus er elles “stav”, og oppstandar blir brukt meir allment.

Overlang

Langs etter (ordet blir brukt som “oppsang” når fleire personer skal dra ein tung stokk til endes oppå ei tømre, eigentleg er det nok eit sjømannsord (“hale overlang”), og kome frå holl. Ei noko anna tyding har ordet i ordlaget: “ta noko overlang”, dvs. ikkje så brått, ta det med lempe.

P

Panel

Ordet blir eigentleg berre brukt i samansetningar: “faspanel”, “rupanel”, “staffpanel”, og i “panelvegg”; elles brukar ein “paneling”.

Panele

Kle eit hus innvendig med panel(ing).

Paneling

1) Ein kledning av tynne bord, som er pløgde i hop på innsida av ein vegg.
2) Òg tynne bord som blir brukt til å panele med.

Panelvegg

Ein skiljevegg i eit hus, av panelingsbord (altså ikkje det same som dansk “Panelvæg”, som tyder “en panelet vegg”.

Penn

“Fjør” - Dvs den ståande eggen på pløgt trevyrke i ei not.

Pilar

Støtte av stein (no helst støypt) under hus eller liknande (omlag det same som “stuppull”, men denne er noko meir “klubben”).

Pinnehengsle

Ei hengsle som berre er ein rund pinne (pigg), som står fast i døra, og eit hol (dvs. eit “beslag” med hol i) i dørkarmen. (Blir no brukt på skåpdører o.l., men typologisk sett er ho gammal, og har vore brukt på husdører.

Pipe

Ein mura røykkanal over ei grue eller ein omn (jf. “loddpipe”, “skorstein”, og “skorsteinspipe”).

Planke

Eit utskore stykke av ein tømmerstokk, som har rektangulært snitt, og ein tjukkleik frå 2” til 4” (breidda helst over 6”).

Plankehus

Eit hus som er bygd av pløgde plankar (i staden for av tømmer).

Plankestabel

Ein stabel av plankar.

Plankevegg

Ein vegg av plankar (som ligg horisontalt).

Platt, eller Platting

Ein treflake av samanspikra fjøler (eller plankar), ordet blir brukt om treflaken i botnen av ein bås, om den flaken dei blandar i hop sand og sement på (sjå “dengje”), om plandekket på ei bryggje, om eit plankegolv til å danse på o.l..

Plog

Ein høvel til å pløye med, dvs. lage not og penn i kantane på bord eller plankar som skal fellast i hop, (dessutan ein jordbruksreiskap og ein reiskap til å “brøyte veg” med (snøplog)). Ein plog er ikkje stillbar, dei skil difor mellom: “tomsplog”, “femkvarttomsplog”, “halvannantomsplog” osv., etter tjukkleiken av det bordet (den planken) han kan brukast til. Etter som ein må ha ein plog til “nota” og ein annan til “pennen”, blir ordet helst brukt i flertall: plogane, den einskilde plogen kallar dei “nota” eller “pennen”.

Pløye

Høvle til ei not eller ein penn med ein plog (“pløye eit bord”). Merknad: det heiter å pløye eit bord eller ein planke, det kan òg heite: pløye eit golv, men helst: pløye i hop (saman) eit golv).

Pløying

Samanfellinga mellom bord eller plankar som er pløgde (“pløyingane er for tronge”, “golvet gisnar i pløyingane”).

Pressetemperatur

Temperaturen på pressplatene. (Brukes også om temperaturen i herdekammeret.)

Presstid

Den tiden arbeidsstykkene ligger i press under limingen. (Presstid = oppvarmingstid + herdetid.) Når presset tas bort, må limfugen ha nådd tilstrekkelig styrke til å holde bitene sammen og tåle nødvendig håndtering, men den er vanligvis ikke fullt utherdet.

Presstrykk

Det trykk som brukes for å holde arbeidsstykkene sammen inntil herdingen av limet er kommet så langt at det kan ta over. Angis i MPa (1 MPa = 1 N/mm2 = 10 km/cm2).

Pusse

Gjere noko fint, blankt, glatt eller jamt; pusse ein mur: stryke over han med fin sement- (kalk-) material; pusse ei fjøl: høvle ho med pusshøvel (òg: gni ho med sandpapir).

Pusshøvel

Ein liten høvel (med særleg skrå tann) som blir brukt etter den grovare rubanken eller okshøvelen når noko skal høvlast særleg glatt og jamt.

Pusslag

Det laget ein legg utanpå ein sementmur når ein pussar han (heiter òg berre “puss”).

Pussand

Fin(sælda) sand, som blir brukt i den sementmørtelen som ein pussar murar med.

Pute

Ein stor treklamp eller ein stutt plankeende som ligg mellom ein vertikal stav og ein horisontal stokk som kviler på staven, særleg når stokken er skøytt over staven.

Påle

1) Stolpe, staur som blir nedslegen i jorda for å feste noko i: “gjerdesgardspåle”, “hesjepåle”, “hestpåle”, “kupåle”.
2) Stolpe, støtte under bryggje, sjøbu, kai, o.l.
3) Reint allment om ein liten (og ring) tømmerstokk, oftast med heidande meining: “tinarpåle”, “telefonpåle”.

Q

Q

Forklaring

R

Radskjere

Skjere bord (på sagbruk) av ein stokk som først er “lumpa” (det sagbladet ein radskjer med (“på”) heiter oftast “bordbladet”, det andre: “storbladet” (eller “lumparbladet”).

Raft

1) Den nedste kanten av ei takside (“rafta er bein”, “sikte etter rafta”).
2) Den nedste delen av taksida (“liggje nede ved rafta”, “borte under rafta”), jf. “utraft”, som tyder den delen av taket som er utanfor veggen.
3) Det same som “raftlægje”.

Raftehelle

Firkanta skiferstein til å leggje nede på rafta på eit skifersteinstak.

Raftestein

Takstein til å leggje nede på rafta.

Raftlægje

Øvste stokken i sideveggen på eit hus, den stokken som sperrene kviler på.

Ramme

1) Innfatning kring glasrutene, “glasrame”.
2) Ein omgang med firkant som blir lagd ned på muren under første omfaret i eit hus (golvåsane blir nedhogne i ramma).
Ramma (murreima) svarer på ein måte til det som på eldre hus heiter “syll”, men ordet syll blir ikkje brukt når eit hus er bygd “på rame”. Ordet ramme har kommet frå arkitektmålet, men arkitektane kallar alle horisontale omgangar av firkant i eit bindingsverkhus for “rammer”.

Rammestykke

Eit av dei ihoptappa (slisstappa) plankestykka som ligg kring fyllingane i ei fyllingsdør (ei fyllingsdør er såleis sett saman av rammestykke og fyllingar, og det er rammestykka som held døra i hop). Handbøkene har “ramtræ” og “ramstykke” i same tyding.

Rappe

Leggje eit lag med sement- (eller kalk-) mørtel på ein vegg (i røynda berre når veggen er av tre, når han er av mur heiter det “beslå” eller “pusse”). Betegnelsen sigter til pudsens ujevne overflate, i det ordet hører til mndl. rappe (holl. rap) “skurv, skorpe”.

Rast

Rad, rekke, til dømes med takstein på eit tak (“steinrast”).

Regional verdi

Verdi som tillegges kulturminner eller kulturmiljøer knyttet til regional virksomhet og historie. Et kulturminne av regional verdi kan også bli tillagt nasjonal og/eller lokal verdi.

Rei

Eit langt, rett bord som blir brukt som anlegg (og berre til det), når ein skal leggje spon/stikker på eit tak eller vegg, skiferstein, eller spikre på ein vertikal bordkledning. Reia blir festa etter ei avmerkt line, så skarar dei sponen, steinen eller borda etter øverkanten av ho, når “rasta” er full, blir reia flytta).

Reim

Langstokk i eit hus av stav-(bindings-) verk, som ligg mellom første og andre høgda (jf. “stålsyll”), og som loftsbjelkane eller lemåsane kviler på. Jf. “murreim”, som er ein stokk som ligg på muren som underlag for golvbjelkane (murreim blir helst ikkje brukt på løehus, åsane og stavane blir der sett beinveges på muren). Den same stokken heiter hjå arkitektane: “rem”, “remstykke”.

Reinskoren

(Om trevyrket), rettskoren, skoren slik at det ikkje er vankant (“ei reinskora fjøl”, “ein reinskoren planke”).

Reinvedd

(Om trevyrket), som er rein i veden, utan kvistar eller andre skadar.

Rekspon

Ei tverrslå som er felt inn i eit far (reksponfar), og som er breiare i eine enden enn i den adre, og samstundes breiare på innsida enn på utsida.

Reksponfar

Faret reksponen blir driven inn i.

Reksponnov

Ei reksponliknande nov som blir brukt når stokkane i ein “innvegg” skal festast i hop med stokkane i sjølve husveggen. Denne måten å feste innvegge på (som i røynda er ei “grading”), er heller ny.

Renne

Lime ei list eller ei remse på sida av ein fjøl for å gjere ho breiare (“renne ei fjøl" og: “renne ei list på ei fjøl”).

Representativitet

At ett eller et utvalg kulturminner er representativt, betyr at det er typisk eller karakteristisk for en større gruppe kulturminner. Begrepet brukes ved sammenligning med andre kulturminner.

Restaurering

Restaurering betyr å helt eller delvis tilbakeføre en bygning eller gjenstand til en tidligere tilstand. Ved restaurering må man velge hvilket tidspunkt kulturminnet skal tilbakeføres til. Det kan være slik det var da det ble laget eller oppført, slik det var på et senere tidspunkt eller en kombinasjon av ulike stadier.

Rette

Rette opp: Høvle noko slik at det blir rett (plant) (“rette opp ei fjøl”),
Rette inn: Sikte inn vertikale stolpar eller stavar (både sjå etter at dei står i lodd, og at dei står i rad). (Truleg påverka av tysk, richten).

Rettholt

Eit langt, rett bord som ein brukar for å sjå om noko er jamt (rett, plant); tre- eller steingolv, bjelkelag o.l. (oftast legg ein vateren oppå rettholten).

Rettkanta

(Om trevyrke) som har rette kantar, dvs. ikkje vankantar, blir mest brukt om firkant; “reinskoren” omlag det same, men blir kanskje helst brukt om bord.

Ribord

Eit førebels fastspikra bord som skal vere underlag for stillas, medan ein held på og byggjar.

Ringved

1) Det same som “torvvol” (torvhald).
2) Trefelg kring eit hjul.

Ripmåt

Ein reiskap med ei eller to stillbare stenger (med små spissar på sida) innsette i eit anlegg. Ripmålet blir brukt til å merkje med når noko skal høvlast ned til ein viss tjukkleik

Rom

1) plass (til til noko) “det er godt om rom i løa”, (adj. “romsleg og “rommeleg”).
2) ein avgimla , avgrensa plass: rom i båt, kiste, osv. (“sperrerom”, “bjelkerom”). Hertil høyrer vel òg: a) rom = “værelse” (i hus), b) rom = seng, c) rom = småbruk, plass, bygselsplass (dvs. noko som er avgrensa frå sjølve garden).

Rotterompe

Ei lita, smal og spiss sag, som blir brukt til å skjere ut hol med (ho er så smal at ho kan skjere seg ut frå eit nokolunde stort navarhol).

Rubank

Ein særleg lang høvel som blir brukt til å rette opp med (dvs. høvle rett, plant).

Rupanel òg Rupaneling

Kledning av rupanel, jf. “panel”. Ei simpel paneling utan fas eller staff, blir helst brukt som underlag for anna paneling.

Rydje

Hogge til tømmer med øks (bile) i staden for å skjere det på (“rydje tømmer”, “stokken er rudd (rydd)”).

Rønne

Eit hus som står til nedfalls (held på og fell ned).

Røst

1) Den øvste, trekanta delen av tverrveggen på eit hus = gavl. (Gavl blir nok brukt meir enn røst i denne tydlinga, “bjorblad” er sjølve ladet av tømmerstokkar, når det er tømmer i denne veggen).
2) Takverket, kanskje òg rommet under takverket. Det vanlege namnet no er “takrøysinga” eller “takverket”.

Røste

Blir no berre brukt i tydinga: Avgjere korleis takvinkelen skal vere, lage eit tak som har ein viss vinkel mellom sperrene; men det har kanskje tidlegare tydd: byggje tak.

Røstemål

Målet på takvinkelen (vinkelen mellom sperrene). Det er tilhøvet mellom lengda av samhalden og høgda frå samhalden til mønet som er avgjerande for røstemålet. Sjå “tredjung” og “vinkel røst”.

Røykomn

Ein omn oppmura av stein, med ei grue framfor, men utan røykpipe over.

Røykstove

Ei stove der eldstaden ikkje har røykpipe slik at røyken lyt gå fram i stova og opp (ut) gjennom eit hol i taket (“ljoren”). Ei røykstove kan ikkje ha loft. Merknad: Det er sjølvsagt gale å kalle alle stover som ikkje har loft for røykstover, det er eldstaden som er det avgjerande, og er det “peis” i ei stove, så er ho ikkje røykstove. Eller som Eilert Sundt seier: “de maa være Røg i en Røgstue”.

Røyse

Få noko til å stå, rette opp opp, lyfte opp, derav i husbygging: Reise opp bukkane (dvs. stavane og tverrstokkane) i eit hus av stav- (bindings)- verk, (døme: “i morgon skal dei til å røyse”, “dei har røyst frå seg no”).

Røysning

Det konstruktive skjelettet (grinda) av stavar, åsar og reimer i eit hus av bindings- (stav-)verk. Reisverk i en bygning. Merknad I: Røysninga i eit hus kan anten vere “enkel” eller “dobbelt”. At røysninga er enkel vil seie at stavane er “einlengde” frå muren til raftlægja (sjølv om huset er tohøgda), at ho er dobbelt vil seie at stavane i første høgda går til reima, og stavane i andre høgda frå reim til raft. Dette er det vanlege. Ein skil då mellom “underrøysning” og “oppårøysning”. Merknad II: Reisverk, som ein i dei seinare åra kan høyre brukt, er ikkje det same som “røysning”, men arkitektordet “reisverk”, som tyder ein viss byggjemåte (vertikalt ståande plankar).

S

Sag

1) Ein reiskap med eit blad med kvasse tindar, som blir brukt til å skjere (sage) med.
2) Eit sagbruk, eit hus med ei sirkelsag (eller oppgangssag) i.

Sage

Ein kan både sage og skjere med ei sag, men på ei sag kan ein berre skjere. På ei sirkelsag (eit sagbruk), eller ei handsag, “skjer” dei tømmer, men dei “sagar tå roten” (med tverrvedsag), dei “skjer” stokken av med ei tømmermannssag, men to man kan “sage: han av med ei tverrvedsag, med ei grindsag “sagar” dei ved, men ein snikkar “skjer i hop” med ei bakksag.

Sal

1) eit stort rom i andre høgda i ei stove, når dette “rommet” har full høgd og “mørkeloft” over.
2) eit stort rom i eit “forsamlingshus” (bedehus, ungdomshus, o.l.), slike hus har oftast berre eitt rom (ved sida gang og kjøken).

Samhald

Ein stokk som ligg på tvers mellom raftlægjene i eit hus, og som skal halde desse saman. Samhald har dei eigentleg berre i løer, han svarer til “beten” i stova.

Seil

1) Seil, som i båtseil.
2) Ei lita nedbøying på midten av ein horisontalt liggjande stokk eller ei utstrekt line (snor), (døme: “det er eit seil i dessa stokkja”; “han har eit seil”). Svokk tyder elles ei mindre hole i jorda, ei større flate som er “innkolva” heiter ei dump (domp).

SEFRAK-bygning

Betegnelsen brukes om bygninger som ble registrert i regi av SEFRAK (Sekretariatet

for registrering av faste kulturminner) i årene 1975-1995. Registreringene omfatter i prinsippet alle bygninger bygget før 1900, men enkelte områder ble grensen satt noe lenger fram i tid, for eksempel i Finnmark alle bygninger før 1945. Det eneste kriteriet for registrering var antatt alder på bygningen. 

Sement

Eit mjølliknande stoff som har ei særleg evne til å hardne til ein fast masse når det blir tilsett vatn, det blir brukt som bindingsmiddel ved muring. Sementen kan lagast på ymse måtar, men råemnet er oftast kalk- eller leirhaldige stoff som blir brende og malne, sjå elles Salm).

Sementere

Nytte sementmaterial til muring, verbet er lite brukt, det heiter helst “støype”.

Separatpåstrykning

Det at limet blir påført på den ene og herderen på den andre av de to flatene som skal limes sammen. Den kjemiske reaksjonen begynner først når flatene kommer i kontakt med hverandre. Lim og herder kan også påføres hver for seg på samme flate (vått-i-vått-metoden) ved bruk av spesialherder.

Sesstre

Ein (noko grann) stokk eller ein planke som ligg langs etter bakkanten av båsane i fjøs og stall, og skil mellom båsane og “skamfella” (eller fjøsgolvet). Det er berre attanfor båsar som er torvsette at det er sesstre, når det er treflakar i botnen av båsane brukar ein ikkje sesstre).

Sett

(Murarverkty) ein hammarliknande reiskap med treskaft på som ein brukar å hogge til stein med; setten skil seg frå ein vanleg hammar eller ei sleggje ved at dei ikkje slår med han, men på han. Setten blir halden ned på den kanten som skal tilhoggast (med “pennen” ned) og så slår dei på nakken (“banen”) med ein stor hammar eller ei sleggje.

Sideås

Ås som ligg under sperrene om lag midt imellom mønet og rafta (på særleg breie hus kan det òg vere to sideåsar på kvar side). På eldre hus er det ikkje så vanleg å finne sideåsar, kanskje av di husa er smalare og i sperrene tjukkare, men byggjeskikken er nok likevel gammal.

Sidebogen

Adjektiv, som er bogen til sides (“Stokken er sidebogen”).

Sidekammers

Bakkammers.

Sidekott

Lite kott med skråtak på sida av eit “kvistværelse” (sjå kvist).

Sidekrokut

Se “sidebogen”.

Sidevegg

Vegg på sida av eit hus.

Sige

Synke langsomt. Om hus som er tømra opp: sige ned, sige i hop, på grunn av presset frå si eiga tyngd. Dei reknar eit år på denne sigina, dvs. eit tømmerhus har først “sige frå seg” eit år etter at det er tømra opp.

Sigingsmun

Det målet på siginga som ein må rekne med på dei einskilde stavar, beitskier o.l. når desse blir innsette i hus som ikkje har “sige frå seg” (altså ikkje det absolutte målet på siginga av eit hus). Det er fleire ting som er avgjerande for kor mykje eit hus sig: kor tørt tømmeret er, kor fast det er, og kor høgt huset er.

Sikle

Skrape høvla trevyrke med ein “sikling” for å få det helt jamt og glatt.

Sikling

Ei lita firkanta stålplate med tverrslipa kant som blir brukt til å sikre med. Siklingen blir til dømes brukt av møbelsnekkaren når han “vassbeisar”.

Sikring

Sikring innebærer alle tiltak for å beskytte kulturminner og kulturmiljøer mot skade og tap. Sikring kan blant annet dekke istandsetting, vedlikehold og skjøtsel, dokumentasjon og juridiske tiltak. Sikring kan også skje ved arkeologisk utgravning for å ta vare på kulturminnets kunnskapsverdi.

Silo

Eit lagringsrom for grønfòr o.l. Siloen er oftast sylinderforma og heller høg samanlikna med breidda (dvs. diameteren). Silo er opphaveleg eit spansk ord.

Singel

Småstein, slik som ein til dømes finn i fjøra eller i grustak (altså naturleg småstein, ikkje slik stein som er slegen (“pukka”).

Sinke

Felle i hop bord eller plankar, som står i rett vinkel til kvarandre, ved å skjere små taggar i endane av dei, so så fell inn i einannan.

Sinke fordekt

Sinke slik at det ikke synest (frå framsida).

Sinkenov

Ein novtype der stokkane er tilskorne som sinkar. Sinknova kalles Kamnov av arkitektene, og var brukt frå ikring 1850 til ikring 1880, då “tappnova” kom i bruk.

Sjingel

Takspon som er skoren på sag. Nytt lån frå Amerika (både tingen og ordet). Denne taksponen er no mest ikkje brukt i Norge. I England er dette tekkjingsvyrket gammalt. I USA finner ein i dag ofte dette på husveggar på eldre hus, og på taka ser ein det ofte, men då laga av asfaltpapp som skal sjå ut som tre sjingel.

Skarnfelle

Ei renne til gjødsla attanfor båsane i eit fjøs (omlag 1 aln brei).

Skarvøks

Ei øks med eit noko bøygt blad som står på tvers av skaftet. Brukast truleg til å skarve (skjerve), skråhogge. Øksa er eigentleg eit skipstømmermannsverkty (blir brukt når ein skal hogge skipskrokane), men ho blir òg brukt til husbygging. Ein “Bødkerøxe” liknar skarvøksa.

Skat

Toppenden av gran eller fure, den enden av stokken som er for grann til å skjerast (heiter òg “skatende”, “skatkjepp”).

Skifer

Takstein av skifer (“tekkje med skifer(-stein)”). Dertil: “skifersteinstak.

Skipsfunn

Betegnelsen brukes om mer enn hundre år gamle båter, skipsskrog, tilbehør, last og alt annet som har vært om bord. Skipsfunn er vernet etter egne regleri kulturminneloven. 

Skjeldtile

Bordkledning på eit uthus av stavverk. Ordet er no berre brukt av gamle folk.

Skjerding

Krok over ei grue til å henge gryter og liknande i.

Skjerdingsstaur

Ein innmura jarnstaur på tvers oppe i skorsteinen over grua til å henge skjerdingen i.

Skjerve

Skråhogge (-skjere) enden på ei fjøl eller ein planke.

Skjerving

Skråhogging (-skjering) i enden av fjøler eller plankar.

Skjere

Skjere (av, til, tå, ut) noko med ei sag; skjere (tømmer, plankar, bord) på ei sag, skjere på handsag; skjere med ein kniv, eit jarn, o.l.

Skjøtsel

Regelmessige vedlikeholdstiltak, for eksempel vegetasjonspleie, for å ivareta et kulturminne og/eller et kulturmiljø. Vedlikehold av eventuelle skilt, stier og ramper inngår også i skjøtselsbegrepet. 

Skolpejarn

Det er helst det gamle treskojarnet som blir kalla skolpejarn, men ein kan òg høyre at “holjarnet” (som er eit snikkarjarn) blir skolpejarn, helst då av eldre folk.

Skjå

Ei ramme med skjåskinn i som dei la over ljoren før dei fekk glas i stovene. Ordet er kjent berre av eldre folk.

Skorstein

1) Den oppmura røykpipa over ei grue (òg om røykpipa og grua teke under eitt).
2) Den delen av ei murpipe som står oppå taket (utan omsyn til om pipa går ned til ei grue eller ikkje: “det er to skorstein på taket”). Tydinga er såleis noko uklårt avgrensa, då ho både er fløkt saman med “grue” og “pipe”. Merknad: Eilert Sundt nemner at me finn ordet første gongen i Knytlingasaga (frå 13 århundret) og seinare i brev frå Jemtland frå 1493.

Skot

Eit hus, eller rom i eit hus, til brennveden (jf. vedaskot), (dessutan har ein ordet i “vogneskot”, men der kan det ikkje brukast usamansett, seier ein berre “skot”, tenkjer ein alltid på vedaskotet).

Skotbenk

Ein “benk” av to lange, rette plankar som ligg på kant, og som blir skrua saman ikring den fjøla (eller planken) som skal “skytast”. Skotbenken svarar altså i funksjon mykje til høvelbenken, men blir brukt til særleg lange fjøler som ikkje får plass på høvelbenken. Ein brukar òg skotbenken når ein skal pløye lange fjøler. Jf. skyte.

Skredder

Det samme som blåse (s. d.).

Skrue

Ein tein av tre, eller helst jarn, med eit spirforma skrufar; ein skrue er anten sylindrisk, og blir då halden fast ved hjelp av ei “skrumor”, eller han er konisk (ein såkalla “holtskrue”), og har då ikkje skrumor.

Skrubolt

Ein bolt med skrufar og mutter.

Skrufar

Det same som “gjenge” (blir oftast brukt i flertall).

Skrujarn

Eit “jarn” til å skrue inn eller ut holtskruar med.

Skrumor

Ei “muffe” som har skrufar innvendig, og utvendig er fir- eller sekskanta, ho blir skrua inn på enden av ein sylindrisk skrue for at han ikkje skal gli attende.

Skrunøkkel

Ein reiskap som blir brukt til å skrue skrumora (mutteren) av eller på ein skrue med. Den eigentlege skrunøkkelen kan berre brukast til ei skrumor av ein viss storleik; den stillbare skrunøkkelen, som blir kalla “skiftenøkkel” kan brukast til alle storleikar.

Skrustikke

Ei klemme som blir skrua fast ikring noko som til dømes skal filast, hamrast eller likande.

Skrutvinge

Ein reiskap som blir brukt til å presse i hop fjøler o.l. som er lima.

Skråband

Sjå “band”.

Skyle

1) Ei luke som dei la over ljoren
2) Eit ringt skur (helst berre eit tak på stolpar; no lite brukt og oftast som eit utnamn).

Skylestong

Ei stong frå kylet og ned i stova, brukt til å late opp og att skylet med.

Skyte

1) Høvle bord eller plankar rett i kantane slik at dei fell godt i hop når dei skal liggje i golv (eller anna). Jf. skotbenk”. (Å skyte stav tyder derimot å høvle ein liten boge i kanten av tynnstav, dertil: “skotskive”).
2) Sprengje noko, til dømes stein, ved hjelp av ymse slags sprengstoff (skyte stein = mine stein).

Skøyt

1) Eit stykke som blir festa i hop med eit anna for å gjere dette lengre (skøyt på ein stokk, på eit hus, eit tog, osv).
2) Ihopfestinga, samanbindinga mellom desse to stykka (“hogge ein skøyt”, “bolte ein skøyt”, “ein sterk skøyt”).

Skøyte

1) Gjere noko lenger ved å feste eit stykke til (“skøyte ein stokk”).
2) Feste i hop to stykke (“skøyte i hop to stokkar”).

Slagjarn

Eit flatt, smalt jarn med egg i den eine enden og skaft (av tre) i den andre. Blir brukt til å lage tapphol med, og til ymse anna. Namnet kjem av at ein slår på enden av skaftet (med øksahammaren) når ein tappar med det. (jf. stemjarn og tappjarn).

Slagvindu

Eit “vindu” som har hengsler slik at det kan opnast.

Sleggje

Ein hammarliknande reiskap til å slå stein med (òg eit smieverkty). Sleggja skil seg frå hammaren ikkje berre ved at vekta er større (5-7 kg), men òg ved at pennen står på langs av skaftet (på smiesleggja stå han elles på tvers, som på ein hammar).

Slisstapp

Ein tapp som høver inn i eit tapphol som er ope til eine sida.

Slå seg

Om trevyrke; vri seg eller svelle ut på grunn av væte eller fukt (“døra har slege seg”, “glaset (dvs. glasramma) har slege seg”.

Smalefjøs

Sauefjøs. Ordet er no svært lite brukt, men på 1800-tallet var det visstnok einerådande. Ein kan enno av somme eldre folk og i somme heimar høyre “smale” for sau, men dette må no reknast for unntak.

Smie

Smedverkstad.

Snetak

Skråtak (“pulttak”); òg (og i grunnen mest brukt om): eit tilbygg med skråtak (“byggje attåt eit snetak”). Eit slikt tilbygg med skråtak blir òg ofte (heidande) kalla “ei skreppe”. Snetak kunne vel vere snidtak eller sneidtak. Men det er mogeleg at det ei eit svensk snedtak som er komme inn gjennom handverkarmålet.

Snorslag

Den kritstreken ein får når ein “snorslår”.

Snorslå

Slå ein kritstrek ved hjelp av ei snor, til å hogge etter på ein stokk som skal “ryast”, og i eldre tid til å skjere etter på handsaga. Ein snorslår på følgjande måte: ei snor som er krita blir stramma langs etter stokken der ein vil ha snorslaget og festa i begge endane, ein lyfter så snora midt på stokken og let ho slå attende mot han, ein får då ein kritstrek (eit snorslag) langs etter stokken.

Spak (òg handspak)

1) Det same som (hand)spik, dvs. ein sterk staur som dei brukar når dei skal lesse tømmer, og når dei skal rulle tømmeret opp på sagvelta.
2) “Spelspak”, dvs eit langt handtak på eit motspel eller ankerspel.

Spegel

Det same som “fylling” (i dører o.l.), no lite brukt, men visstnok vanlegare før.

Sperre

1) Ein av dei stokkane som går frå raft til møne på eit hus, og som ved den takkonstruksjonen som blir kalla sperretak, er underlag for troet. Ordet sperra forekommer ikke i en eneste saga. Det er først i begynnelsen av det 14 århundre at ordet forekommer.
2) Leggje sperrer på eit hus.

Sperreband

Sjå under “Band”.

Sperrehogg

Hogget i sperra som fester ho til raftlægja.

Sperrelås

Samanfellinga mellom dei to sperrene som utgjer eit sperrepar oppe ved mønet.

Sperrepar

To sperrer som er festa i hop ved mønet.

Sperreskjegg

Den delen av ei sperre som er utanfor veggen. Å skjegge ei sperre tyder å hogge til sperreskjegget (og sperrehogget); å sveipe ho tyder helst å skjere til ymse rundingar på sperreskjegget.

Sperret konstruksjon

Flere lag tre limet sammen på en slik måte at fiberretningen i ett lag er loddrett på fiberretningen i nabolagene (kryssfiner, møbelplate, laminert parkett).

Spik

1) Handspik, ein seig staur (helst av bjørk) som dei brukar når dei skal flytte på tømmerstokkar (=spak)
2) Ei flis av “feitved”.
3) Ei ljåspik.

Spikar

Ein liten metalltein med spiss i den eine enden og eit hovud i den andre (større enn “stift”, mindre enn “bolt”). Etter lengda skil ein mellom: halvannantomsspikar, totomsspiker, tretomsspiker, osv.. Når lengda blir over 6 tom, reknar ein det vanlegvis til “bolt”. Etter måten spikaren er laga på, skil dei mellom: dykker, maskinspikar, smidde spikar, og strengspikar).

Spikarhald

Feste for spikaren i veden (“stokken er så roten at det finst ikkje spikarhald i han”).

Spikarhol

Hol til (eller etter) ein spikar.

Spikarhovud

Utvinding i enden av ein spikar.

Spikarjarn

Eit brekkjarn som er slipa i eggen slik at det òg kan brukast til å hogge av spikar med; blir brukt når ein skal rive laust noko som er spikra.

Spikarnavar

Ein liten navar.

Spikarslag

Ei lekte eller ei smal fjøl på ein tømmervegg til å spikre bordkledningen på.

Spikre

Feste noko ved hjelp av spikar (“spikre ei fjøl”).

Spon

1) Det som høvelen tek av treet når ein høvlar, “høvelspon”, òg det ein skavar av med ei øks (ein(band)kniv eller liknande), “øksaspon” (dei flisene ein øksar av når ein høgg tre av rota heiter derimot “skormat”.
2) Ei firkanta, tynn skive av tre til å tekkje med, “takspon” (jf. “sjingel” som er skoren på sag, ikkje kløyvd som den vanlege taksponen).
3) I ymse samansetningar: “Skåspon” (tvrrtre mellom skjækene i eit “drette”), “rekspon” og andre.

Spontak

Eit tak som er tekt med spon.

Springe

“Springe vekk” om skore trevyrke” snare seg, få boge, vri seg, anten på grunn av “tinar”, eller òg av væte (“fjøla er vekksprunga”, “sagbenken har sprunge vekk”, o.l.).

Sprøyte

Tynn, tilhøvla mellom glasrutene i ei glasramme som det er fleire ruter i. Ordene “stang”, “sprosse” brukes også.

Stabbur

Eit hus til matvarer o.l. som står på stolpar.

Stabel

Eit lagvis oppskara lad av bord, plankar, tømmer o.l. (“bordstabel”, “plankestabel”, “tømmerstabel”).

Stable

Leggje opp i stabel; “stable stav”, “stable bord”, “stable plankar”.

Stabletid

Det samme som limingstid.

Staff

Ei rund, opphøgd tilhøvling langs kanten av panelbord (“staffpanel”), ymse listverk o.l. (ofte langs kanten av bordplater, på dør- eller glasskledningar og anna).

Staffe

Høvle til ein kant på ei fjøl eller liknande med ein staffhøvel (“staffe ein kant”).

Staffhøvel

Vanlegvis blir han berre kalla staff. Ein høvel med eit særleg slags jarn i, til å høvle til staffar med.

Staffpanel

Pløgt panel(ing) med staff langs kanten av kvar fjøl.

Stall

Rom til hest(ane).

Stav

Vertikal stolpe (støtte) i eit hus (av stavverk), det er eigentleg berre stolpane mellom mur (syll) og reim (stålsyll), eller mellom reim og raftlægje som blir kalla stavar, andre støtter heiter: oppstandar, stolpe, støtte eller stupull; men i røynda blir nok desse orda brukt noko om einannan. (Dei andre tydingane av stav høyrer ikkje heime i husbygging).

Stavline og Stavlægje

Eit hus av stavverk (arkitektane kallar det bindingsverk), dvs. eit hus der det er ei grind av vertikale stavar og horisontale syller, reimer og raftlægjer som ber veggene og taket. Ordet blir ikkje brukt om byggjemåten, men om eit hus bygd på denne måten, ein seier difor ikkje “byggje tå stavline” (analogt med “byggje tå plankar”), men: “byggje ei stavline (stavlægje)”, og “huset er ei stavline (stavlægje)”.

Steg

Trinn i trapp eller stige. Det er no ikkje vanleg, og det er mest berre eldre folk som kjenner det.

Stemjarn

Det same som “tappjarn” og “slagjarn”.

Stige

Ei rad med “trinn” (steg) som er festa (tappa inn i) to sideplankear (leiner). Skilnaden på “trapp” og “stige” er at stigen er flyttbar, oftast lengre enn trappa, og at trinna (stega) står på kant.

Stigelein

Sideplanke i ein stige.

Stigetrinn

Trinn (steg) i ein stige.

Stikkband

Sjå “band”.

Stikkbjelke

Ein bjelke som blir sett inn på sida av ei opning for trapp eller murpipe, for å bere den bjelken (eller dei bjelkane) som lyt skjerast av for denne opninga. Ein slik bjelke på sida av ei pipe blir kalla stikkbjelke sjølv om dei ikkje treng skjere av nokon bjelke for opninga). Den avskorne bjelken heiter “veksel” (eller “vekselbjelke”), og ein talar om å “veksle” ein bjelke når ein fester han i ein “stikkbjelke”.

Stillas

Ei oppbygning (mer eller mindre enkel) til å stå på når ein held på og byggjer eit hus. Ein slik stillas kan ofte berre vere ein stige som ligg over to “ribord”, eller heng i tau. Per år 2020 er dagens krav mye høyere til sikkerhet.

Stingesag

Det same som tømmermannssag. Namnet er berre brukt av gamle folk.

Stokk

1) Tømmerstokk, eit nedhogge og kvista tre som er nokolunde stort.
2) Ein rudd eller skoren stokk av ei viss lengd (jf. “firkant”)

Stokkbeitskie

Sjå “beitskie”.

Stokkende

Ein liten stokk, eller eit avsaga stykke av ein stokk.

Stolpe

Støtte under noko, påle under noko eller til å halde noko.

Stolpebeitskie

Sjå “beitskie”.

Stolpetrapp

Ei trapp der alle trinna er tappa inn i ein vertikal stolpe. Arkitektane kallar denne trappa “spindeltrappe”. Jf. “svingtrapp”. Stolpetrappa er visstnok frå 1850-60 åra i Romsdalen.

Stormhake

Ein liten jarntein (med lykkje i enden) til å halde fast eit oppslege glas med.

Stove

1) “Stovehus”, hus til å bu i (motsett løe(hus), og (som hjå Aasen) om eit “forsamlingshus”: rådstove, tingstove (i nyare tid brukar dei -hus i slike høve: bedehus, ungdomshus, skyttarhus). Når ein mann utan jord bygde seg eit hus, sa dei før at han bygde seg “ei stove”, no seier dei oftast at han byggjer seg “eit hus”.
2) Eit stort rom i første høgda i eit “stovehus” (ein skil mellom “stove” og “kammers”, men det kan vere fleire stover i eit hus).

Stovebjelke

Bjelke (under loftsgolvet) i ei stove.

Stovehus

Den same tydinga som under “stove” 1).

Stovetømmer

Tømmer til å byggje ei stove av.

Strekkfisk

Det same som “opplender”. Ein vertikal stokk eller planke som blir skrua fast til ein tømmervegg for å stive han av.

Strevar

Ei støtte eller ein stav som står på skrå. Ordet skal være nyare og lite brukt i husbygging, men ein finner det f.eks. i skråstøtte til ein telefonstolpe som alltid heitar “strevar”. Det som arkitektane kallar stræver *strevar), heiter i enkelte delar av landet for “Stikkband”.

Strø

Ei fjøl til underlag under ein bord- eller plankestabel, eller til mellomlag mellom kvart lag i han; ei fjøl på ein stige når han blir brukt til stillas (og ligg horisontalt); ymse anna underlag, til dømes under ein båt som står i naustet, under tunge maskiner o.l.

Stubbeloft

Eit “underloft” av korte (oftast sulagde) fjøler spikra på lekter som er festa på sidene av loftsbjelkane.

Stubbeloftsfyll

Fyll (oftast leir) mellom golvet og stubbeloftet (til isolasjon).

Stupul

Ein stutt og tjukk pilar mura av stein (ikkje om ei støtte av tre).

Stutrapp

Ei rett (bein) trapp inne i eit hus, motsett: svingtrapp (og stolpetrapp).

Støyp

Noko som er støypt (av sement, betong) eigentleg vel om vyrket i det som er støypt (“støypen er ikkje tørr”, “ein dårleg støyp"). Ikkje om vyrket (emnet) til å støype av (“material”, “mørtel”, “betong”).

Støype

Lage til (forme) noko av sementmørtel (“støype ein mur”, “eit golv”, “ein pilar”). Ein mur blir “støypt” når det er forskaling på begge sider. Er det forskaling berre på ei side, blir han “mura”. Ein kan høyre at murarane bruker ordet “form” i staden for dobbel forskaling.

Støypesand

Sand til å blande i sementmørtelen (nyere ord).

Stålsyll

Sjå “syll”.

Suleggje

Leggje fjøler med kantane over einannen slik at det blir ei su mellom dei, “Eit sulagt tak”, “ein sulagd vegg”.

Sval

Eit tilbygg med skråtak (pulttak) og av stavverk, på sida eller i enden av eit hus, brukt til vedarom, høyrom, e.l., men ikkje til å bu i.

Sveipe

Er et verktøy med ein vinkel som kan stillast.

Svenskenov

Ein novtype der tilhogginga berre er ei skore, med skråhogne sider, på kvar side av stokken. Svenskenova er mange stadar den eldste nova som er registrert funnen.

Svile

Ei fjøl som ligg langs kanten av eit steintak og i dag au nyare former for tak, frå raft til møne, og som skal halde fast ytste steinrada. Svilen blir spikra fast i vindskia. På torvtak ligg det ei rad med flate steinar langs kanten.

Svingtrapp

Ei trapp som har eit krumstykke i yttervangen, slik at ho gjer ein sving (krok) på 90 grader (på begge sider av krumstykket er trappa rett).

Syll

1) Ein langstokk eller tverrstokk i første omfaret i eit tømmerhus, når dette omfaret ligg direkte på grunnmuren (no brukar dei oftast ei “murreim” mellom dette omfaret og muren, namnet “syll” fell då vekk, jf. “murreim”.
2) Ein stokk under ei “stavline” (dvs. eit hus av bindingsverk (stavverk)) som ligg på muren eller novsteinane og som stavane står på (finst berre på gamle hus, på uthus set dei no stavane rett på muren, på stovehus (av bindingsverk) har dei no “murreim” (eller ramme)).
3) Stålsyll, ein av dei stokkane som stavane i andre høgda i ei løe kviler på (visstnok til “stål”, og tyder då: grunnstokk under stålet), (når dei no byggjer løer, kallar dei denne stokken “reim”).
Gamle tømmerhus er anten “bygde på langsyll”, eller “bygde på tverrsyll”.

Syllhogge

Hogge til ein syllstokk (syllstokken var (er) flat på undersida, og tjukkare enn dei andre husstokkane i nedre kanten, men sidene var skråhogne slik at han i øvre kanten høvde i hop med neste omfaret).

T

Tak

1) Det laget (av ymse vyrke) som ligg over eit hus (etter vyrket som er i dette laget, får ein då: “torvtak”, “stikketak”, “steintak”, “spontak”, “bordtak”, o.l.; “taket” er vel eigentleg berre det laget som “tekkjer” eit hus, ei taksperre t.d. skulle altså tyde: ei sperre under tak).
2) Takflata over eit rom (undersida av eit loft(sgolv), døme: “det er lågt under taket”).

Takleider

Ein stige av fjøler lagt “på flasken”, som ein brukar når ein skal opp på eit steintak. Stige brukar dei når dei skal komme seg frå marka og opp på taket, “takleider” når dei skal opp over taket, takleideren er mykje lettare enn stigen.

Taknever

Bjørkenever til å tekkje “torvtak” med.

Takrenne

Renne for takvatnet langs etter nedre kanten av taket (før uthola av tre, no oftast av jarn eller zink).

Takside

Ei side av eit tak.

Takspon

Spon til å tekkja tak med (sjå “spon”).

Takstein

Stein (av sement, skifer eller tegl) til å tekkje med.

Takstikker

Stikker av tre som er håndkløyvde. I motsetning til spon blir ikke trefiberen i stikker brutt, og levetiden til stikker kan ligge mellom 20 til 80 år, avhengig av materialets kvalitet og tilgangen på lufting (tørking).

Taktorv

Torv til å leggje over nevra på eit torvtak.

Takås

Ås under troet på eit åstak (ikkje det same som “sideås”, som høyrer til sperretaket).

Talle

1) Den ihoptrappa gjødsla, blanda med “strål” og avfall av foret, som blir lagra opp under dyr som står “i garde” (motsett": stå “på bås”).
2) Den “garden som tallen ligg i, særleg om botnen i denne, som oftast ligg djupare enn fjøsgolvet.
Merknad: Talle blir òg ofte brukt som samanlikning når ein vil seie at noko er svært skite: “golvet ser ut som ein talle”, “vaske av seg vintertallen”.

Tapet

Eit særleg slags papir (oftast med ymse mønster) som blir brukt til å dekkje veggene med innvendig.

Tapetsere

Leggje på tapet.

Tapp

1) Ei tilskjering i enden av ein “stav”, stolpe o.l. som høver inn i eit “tapphol” som er utskore i ein annen stokk (jf. “slisstapp”). Tappar blir særleg brukte når ein skal binde i hop “stavane” med dei horisontalt liggjande “syllene”, “reimene”, “raftlægjene” og “tverrstokkane”. I eldre tid brukte dei “klauv” i staden for “tapp”, slike “klauver” kan ein endå finne på gamle løer.
2) Tapp i ei tynne eller anna kar (= spuns).
3) “Istapp” (også tapp = liten “aksling”, t.d. i ur); derimot heiter det “høytopp”.

Tappe

Skjere ut tappholet, men: “tappe i hop”: feste saman ved å skjere til tapp og tapphol.

Tapphol

Det holet som tappen går inn i.

Tappjarn

Jarnet som ein brukar til å skjere ut tappholet med (= slagjarn og stemjarn).

Tappnov

Nyare novtype. Nova er eigentleg ei “sinkenov” med ein innhogd “tapp”, derav namnet.

Teglstein

Takstein av tegl (brent leire). Han blir òg kalla “pannestein” (sjeldnare).

Tegltak - Teglsteinstak

Eit tak som er dekt med tegl.

Tekkje

1) Leggje never og torv, eller spon og stikker, på eit tak (men helst ikkje om å leggje på stein, sjølv om ein nok kan høyre det òg). “Tekkje over” tyder å leggje eit “vartak” av fjøler eller liknande over noko: “tekkje over ein plankestabel”.
2) Laget av never og torv på eit “torvtak”.

Tekkjingsgraut - Tekkjargraut

Svarer til det som Ivar Aasen kallar “tekkjardugnad”: Tækkegilde): rømmegrauten som blir koka til dei som er med og tekkjer eit torvtak, spontak, stikketak. (Dei som sit oppå taket og legg på never og torv blir kalla “tekkjarar”, dei som sender det opp blir kalla “sendarar”).

Termoplastisk lim

Den herdede limfugen blir myk ved oppvarming. Disse limene har kaldflyt (s. d.). De kan også bli myke ved hjelp av oppfukting.

Tiksotrop(isk)

Enkelte væsler blir mer tyntflytende når man rører i dem, og tykner til igjen når de får stå i ro. Slike væsker kaller vi tiksotrope eller tiksotropiske. Årsaken er antakelig at væskemolekylene, eller oppløste stoffer i væsken, til en viss grad ordner seg etter hverandre når væsken er i ro, slik at tiltrekningskrefter oppstår. Disse kreftene er likevel ikke sterkere enn at de “slipper taket” når en rører i væsken, og den blir da tynnere.

Tileås

Ein av åsane under eit golv i første høgda av eit hus. (no då desse stokkane oftast er “firskorne”, blir dei ofte òg kalla “golvbjelkar”, jf. “ås” og “bjelke”).

Tiltakshaver

En tiltakshaver er den som har det overordnete juridiske ansvar for gjennomføring av tiltak.

Tinar

Særleg hard og kløkken ved i fure (og gran), brunraud på farge, finst særleg på den eine sida av trestamma og på undersida av greiner. I tinaren er det ei spenning som gjer at skore vyrke med tinar i kroknar (“spring”), han blir difor rekna for eit lyte.

Tjørebre

Stryke over med tjære (heiter og berre brē). Den gamle tjørebrenninga heitte “å brenne hjell”, det er no slutt med den, men “hjell” finst i mange stadnamn i utmarka der ein finn merke etter tjørehjellar.

Tjørepapp

Tjukk papp innsett med tjære, blir brukt på vegger under bordkledningen og på tak under taksteinen (på skur og uthus òg utan anna tekkjing over). Tjørepappen kom i bruk rundt 1900.

Tolle

Tre(slag) (sjå “fure”, der skilnaden mellom “fure” og “tolle” blir omtala).

Tommestokk

Eit mål (med leder på, slik at det kan leggjast saman), med avmerkte tommar på den eine sida og cm. på den andre (målet har oftast ei lengd = 1 meter). Andre ord for “tommestokk” kan vere “Tumestokk” og “Alenmaal”. En norsk tomme er 2,614 centimeter fra 1875 og fremover (Salmonsen, 1915). En engelsk tomme/inch er 2,54 centimeter (Holtebekk, 2019).

Tomt

Tomt og tuft er etymologisk identiske, men der finnes allikevel forskjeller. “Tomt” tyder først og fremst det jordstykket eit hus skal stå på, både den jordvidda ein plar kjøpe til eit einskilt hus, og, i trongere meining, den utgravne plassen for husmurane. “Tuft” tyder først og fremst den staden eit hus har stått på, og går då mest på dei synberre merka etter huset. “Tomt” kan og brukast i denne tydinga, men går kanskje meir på sjølve staden, utan omsyn til dei leivningar som syner at det har stått hus der. Den andre tydinga av “tuft” er grunnen (botnen) i den hola som er graven under husmurane (“tomt” blir brukt om den utgravne hola berre før huset er sett opp). “Tomt” blir òg brukt om ein stabelplass for trevyrket ved ei sag.

Tong

1) Tong i ein høvel (sjå “høveltong”)
2) Reiskap til å klype eller halde med.
3) Høytong, som tyding.

Torvehytte

Eit lauseleg oppsett hus (skur) i utmarka til å ha brenntorv i.

Torveløe

Det same som “torvehytte”, no oftast brukt om ein noko stor hytte, men tidlegare kanskje det einaste namnet på dette huset.

Torv(e)tak

Eit hustak som er tekt med never og torv.

Torvhald

Det same som “torvvol”. Ordet er truleg ei folkeetymologisering av det uforståelege “torvvol”.

Torvvol

Ein stokk eller planke som ligg langs etter rafta på eit hus som har torv(e)tak, for at torvet ikkje skal gli fram.

Torvvolkrok - Torvhaldkrok

Ein av dei krokane som held “torvvolen” (tidlegare var torvvolkrokane av tre (“vokstrakrokar” av eine), i den seinare tid har dei teke til med smidde jarnkrokar).

Transperre

Ein av dei stutte sperreendane ned ved rafta på åstak (for å halde “utrafta”).

Trapp

1) Trapp til å stige opp igjennom (dertil samansetnadar; a) etter vyrket: steintrapp, sementtrapp, tretrapp; b) etter funksjonen: lofttrapp, kjellartrapp, kjøkentrapp, stovetrapp; c) etter skapen: svingtrapp, stolpetrapp, stutrapp).
2) Ved samanblanding med klopp: ei steinhelle eller ein treplatting framfor ei ytterdør (med eller utan trinn framfor). Oftast heiter dette ei “klopp”, det kan òg heite “kloppehelle”, eller berre “helle”.

Trappefot

Ein liten “fot” (på skap som ei kasse) under ei rett trapp (“stutrapp”), han blir ofte brukt når det av ymse grunnar ikkje er tenleg å setje trappa heilt ned i golvet. (Det er ofte eitt eller to trinn på sida av trappefoten, det heile blir då eit slags primitiv “svingtrapp”).

Tre

1) Tre (på rot).
2) Vyrke, material, ved.
3) I ymse høve om ein stokk eller eit mindre trestykke (døme: “sesstre” (i fjøs), “tverrtre” (i stolar og mykje anna). Dessutan heitte stolar og krakkar i eldre tid “tre”, ein kan såleis endå høyre “vaske trea” i motsetnad til “vaske golvet”.
4) Ymse ambod, reiskap o.l. av tre: “bertre” (børtre), “mangeltre”, “hespetre”, “tryntre” (“trantetre”) (brukt når dei slakta gris), “klavtre” (på hestesele) o.a.

Trebrudd

Hvis en limforbindelse blir belastet til brudd, og dette skjer i veden, har vi trebrudd (= vedbrudd). Skjer bruddet dels i limet, dels i veden, taler vi om trebruddsprosent. Det er den prosentvise delen av bruddflaten som er dekket av trefiber. Bedømmelsen kan være nokså vanskelig. Ofte er bruddflaten dekket av et hårtynt lag av trefibrer, men dette blir vanligvis ikke regnet for “ordentlig” trebrudd, idet vi tar det som et tegn på at limet ikke har greid å trenge forbi de mer eller mindre løse overflatefibrene og festet seg i uskadd ved.

Tredjung

Eit “røst” (dvs. ein takvinkel) der høgda frå tverrstokken (samhalden) til mønet er tredjeparten av lengda på tverrstokken. Tredjun er det vanlege røstet til torvtak. Namnet kommer fra gammelnorsk.

Treflake

Ein flake av fjøler (som underlag i båsar og mykje anna).

Tregolv

Eit golv av tre (motsett av steingolv, sementgolv).

Trehus

Hus av tre (motsett av steinhus).

Treklopp

Klopp av tre, framfor ei dør, eller over ein bekk.

Trekvit

Umåla.

Tremole

Eit trestykkke, ei lita fjøl.

Trenagle

Nagle av tre.

Treskaft

Skaft (eller handtak) av tre.

Treskrue

Ein skrue av tre (t.d. i høvelbenkar). Ikkje det same som “holtskru”, som er ein skrue (av metall) til å skrue inn i tre.

Treverk

Det som er av tre, i reiskap, maskiner, o.l. Motsett er “beslag”, “jarning”, “skoning”.

Trevirke

Trevirke består av rørformede fibrer, celler, som overveiende er orientert i lengderetningen av treet. Cellene er kittet sammen med en midtlamell, som i nydannede celler vesentlig består av pektin (kjemisk beslektet med stivelse og cellulose). Pektinmassen blir siden avstivet med lignin, en fenolbeslektet forbindelse av ukjent sammensetning. Cellene er for en stor del bygd opp av lange kjedemolekyler av cellulose. Disse kjedene er bundet sammen sideveis med sekundærbindinger (dipolbindinger) mellom småmagnetene i nabokjeder. Cellene blir så igjen bundet sammen sideveis med dipolbindinger ved hjelp av pektin og lignin. Noe forenklet kan vi si at den styrken treet har i lengderetningen, er bestemt av primærbindingene i cellulosekjedene, og i tverretningen av de noe svakere dipolbindingene. Dette forklarer de retningsbetingete styrkeegenskapene hos treet. Treet vokser ved at celler blir avsatt lagvis utenpå hverandre. I klimasoner med stor forskjell mellom årstidene er det stor forskjell mellom de cellene som blir avsatt tidlig i sesongen (vårved) og de som blir avsatt senere (sommerved). Det gir treet tydelige årringer. Trevirke er hygroskopisk, det har et slikt fuktighetsinnhold at det står i likevekt med lufta omkring. I det hygroskopiske området, det vi si opp til fibermetningspunktet (25-30% fuktighet, avhenger av treslaget), er vannet som treet innholder, bundet til vedsubstansen (adsobert). I dette området vil tørking medføre krymping, og oppfukting medføre svelling. Denne “bevegelsen” er om lag dobbelt så stor langs årringene (tangentielt) som på tvers av dem (radiært). I lengderetningen er bevegelsen ubetydelig, men i tre som har vokst uregelmessig, kan det oppstå så betydelig krymping og svelling også i lengderetningen at vi må ta hensyn til det, for eksempel i finer av flammet tre, rotpartiet og pyramider. Kommer vi over fibermetningspunktet, blir vannet lagret i cellehulrommene. Fuktighetsendringer i dette området medfører ikke dimensjonsforandring.

Trinn

Steg, det som ein trør på når ein går i ei trapp (“trappetrinn”), eller i ein stige (“stigetrinn”).

Tro

Bordtaket oppå sperrene (eller takåsane) og under den eigentlege taktekkjinga av never og torv, stein eller liknande. Arkitektane nyttar ikkje ordet tro.

Troe seg

“Springe”, vri seg (om skorne fjøler som bøyer seg opp i kantane slik at det blir ei renne (ei tro) i staden for ei rett flate).

Trykkert

Dørvridar, handtak til å late opp og att ei dør med (jf. klinke, som er ei eldre type av dørhåndtak).

Trø

Leggje “tro” på eit tak.

Tuft

1) Jordtelen (botnen) i ein kjellar.
2) Den plassen eit hus har stått på (når det er synlege merke etter huset). Sjå elles under “tomt”.

Tufte

Grave ned novsteinane (sjå merknad under “tomt”).

Tuladder

(som regel) oppvarmede sink- eller aluminiumsplater som blir lagt mellom plater som skal fineres, for å varme opp igjen eller herde det påførte limet. Uoppvarmede aluminiumstuladder blir ofte brukt for å hindre garvesyreholdig finer, for eksempel eik, i å komme i kontakt med jernplatene i pressa, slik at det oppstår misfarging.

Tun

Sjå under “gard”.

Tverrstokk

Ein av dei stokkane som ligg på tvers av reimar og raftlægjer i eit hus av stavverk, og har som funksjon å halde huset saman (jf. “samanhald” og “bite”).

Tysker

Det samme som blåse (s. d.) og skredder.

Tømmer

1) Nedhogne og kvista tre (eigentleg berre bartre), (dertil samansetning: “tømmerlunn”, “tømmerslede”, “tømmerkøyring", “køyre tømmer”, “hogge tømmer”, osv).
2) Tømmerstokkar til (eller i) eit hus, eit skip, o.a., som er rudde eller skorne på to sider, eller berre “avberkte”, men helst ikkje stokkar som er firskorne (dei heiter “firkant”) og heller ikkje om plankar (dei skil såleis mellom eit hus “tå tømmer” og eit “tå plankar”), (hertil samansetningar: “tømmerhus”, “tømmerløe”, “tømmermann”, osv).

Tømmerbrot

“Brøt” på ei løe som er av opplafta tømmer (og ikkje av stavverk). (Det er berre svært gamle løer som er bygde på denne måten). Sjå “tømmerløe” og “brøt”.

Tømmerhus

Eit hus av opplafta tømmer (altså ikkje av plankar eller av stavverk).

Tømmerlunn

Ein haug av samanvelta, runde tømmerstokkar, anten i utmarka eller framfor ei sag (dvs. eit sagbruk), (men ikkje om oppstabla planker eller firkant).

Tømmerløe

Ei løe som er tømra (lafta) opp, slike løer finn ein ofte som høyløer i utmarka, det er derimot svært sjeldan at heimeløene er av tømmer (altså heile løa, ikkje berre “fjøsane” under), brøtane på slike løer heiter tømmerbrøtar.

Tømmermann

Blir helst brukt om “skipstømmermann” (ein av mannskapet på ein båt, kanskje òg ein som er med og byggjer båtar), ein som byggjar, ein kan og høyre tømrar.

Tømmermannssag

Ei sag med handtak i enden. Namnet er visst heller nytt (komme frå bymålet), ein kan høyre “stikksag” og “stingsag” av eldre folk, men ikkje av fagfolk.

Tømmermannsøks

Ei øks på skap som ei “bile”, men noko mindre og lettare enn den eigentlege bila. Nyare namn, heiter ofte berre øks (sjå elles under “øks” og “bile”).

Tømmerskog

Skog av stor fure og gran, heiter og “tollskog”, eller berre “skog”.

Tømmerstokk

Ein rund stokk som ikkje har vore på sag, eller ein som er skoren eller rudd på to sider, helst ikkje om ein “firkant”.

Tømmervegg

Ein vegg av tømmer (motsett: “bordvegg”, “fjølevegg”).

Tømre

1) Byggje opp hus av tømmer (eigentleg berre om å lafte opp veggene, og verbet er brukt både når det er tømmer og plankar).
2) Veggene i eit tømmerhus (dvs. det som er “tømra opp”), (døme: “tømra er bra endå, men taket er klart”).
3) Eit tømmerhus som dei held på og byggjer (døme: “han held på oppå tømren”).

Tørrstyrke

Den styrke en limfuge har ved prøving når prøvebitene er tørre og hele tiden har vært lagret tørt.

U

Ufs

Nedste kanten av eit torvtak. På steintak taler dei ikkje om ufs, men om raft, og heller ikkje brukar dei namnet ufs ved torvtaket før “ufsnevra” er skara på; det å skare på ufsenevra heiter å “ufse”. Det neverlaget som dekkjer over takkanten, og som ligg i ein krull kring kanten av “ufsebordet”. “Ufsenever” blir då meir nevra i dette laget (eller nevra som skal brukas (eller har vore brukt) til dette), men ikkje laget i seg sjølv, som då heiter ufs.

Ufse

Leggje på det nedste neverlaget på eit torvtak (denne nevra, “ufsenevra”, skal stikke 3 tommar fram over “ufsebordet”).

Ufsebord

Det nedste trobordet på eit tak som er tekt med never og torv.

Ufsedrope

Drope frå ufsen (av eit torvtak), kanskje helst om dropane frå taket etter at det har slutta å regne (torvet held på vatnet). Når det er steintak (eller òg papp, spon o.l.), heiter det helst “takvatn”, eller “takdrope”.

Ufsenever

Never som ligg (eller har lege) nede på kanten av eit torvtak. Dei legg ufsenevra mellom torvvolen og ufsebordet. For at det ikkje skal drive inn vatn, blir ho “skara” unna veret. Det er som elles på taket tre lag med never.

Undervindskei

Sjå “vindskei”.

Universell utforming

Innen kulturminneforvaltningen innebærer universell utforming at kulturminnet gjøres tilgjengelig for flest mulig. Dette innebærer tilrettelegging for besøk og/ eller formidling av kulturminnets kunnskaps- og opplevelsesverdi på annen måte. 

Utanhysessperre

Ei av dei sperrene som ligg utanfor gavlveggen (på eit vanleg rett tak med møne blir det 4 utanhysessperrer).

Utbygg

Ein tilbygnad på sida av eit hus (døme: “eit utbygg over troppa”, “eit utbygg på baksida”), eigentleg reint allment, men kanskje likevel oftast om heller små tilbygnader.

Uthus

1) Brukt i flertall tyder det: dei husa på ein gard som folk ikkje bur i, altså hus til buskap, avling, reiskap osv. Så svært mykje brukt blir ordet eigentleg ikkje i denne tydinga, vanlegare er nok “løehus”.
2) Brukt i ettalsform, tyder det ein kombinasjon av do og vedahus, som blir brukt ved sida av stovehus som det ikkje er jordveg til. (Det kan òg bli brukt berre i tydinga do i slike høve, men det har nok ikkje nokon samangeng med gamalnorsk “útikamarr”.

Utnov

Den stokkenden som stikk framføre sjølve novhogget på dei eldre novtypane (dvs. på svenskenov, drogskornov og hjertenov). Dei nyare typane (sinkenov, kamnov og tappnov) har ikkje utnov.

Utraft

Den delen av takflata som stikk fram over sideveggen.

Utstikk

Den delen av takflata som stikk fram over gavlveggen.

Uttro

Det troet som ligg på utrafta.

V

Vange

Planke på sida i eit trapp (av tre) som trinna blir tappa inn i. Ordet kommer fra bymålet, men kommer trolig fra tyske Wange (Treppenwange). Ordet er vanlig i arkitektbøkene.

Vankant

1) Stykke i kanten av firskore trevyrke som saga ikkje nådd borti avdi stokken som blir skoren ikkje er grov nok (det blir såleis ein “borkakant” i staden for ein reinskoren kant).
2) Ein planke eller ein firkant som har mykje “vankant”.

Vankanta

(Om trevyrke) som har vankant.

Vannese

Ei avrunda list på utsida av understykket i ein glaskarm, for at vannet ikkje skal sige inn. Ordet er ei forvansking av arkitektmålets “vandnæse”, som igjen er omsetting av det tyske Wassernase.

Varmherdende lim

Lim som krever temperaturer over ca. 70ºC for å herde tilfredsstillende.

Vartak

Eit lag av fjøler som på verharde strok blir lagt over eit torvtak for at at dette ikkje skal blåse av.

Vass-sag

Eigentleg ei sag (dvs. eit sagbruk) som blir driven med vatn (motsett “handsag”), men i Romsdalen blir nok ordet helst brukt om den gamle “oppgangssaga” (altså motsett “sirkelsag”), dei brukar såleis å seie at det var “vass-sag” på den eller hin staden før det kom “sirkelsag” dit. Vass-sag i denne tydinga (= oppgangssag) er no gått ut av bruk.

Vater

Ein reiskap til å finne vertikal- og horisontallina med. Den gamle vateren som dei brukte tidlegare var heimlaga, han hadde ikkje glasrøyr (libelle) men loddsnor, og han kunne berre brukast til å finne horisontallina. Til å finne vertikallina brukte dei ein reiskap som dei kalla “loddsk”. Den noverande vateren blir ofte i spøk kalla “loddar”, dette har sikkert samanheng med at den eldre vateren hadde loddsnor.

Vaterbord

Ein planke som ligg på skrå under den nedre kanten av bordkledninga på eit hus, for at vatnet ikkje skal sige inn.

Vedaskot

Eit hus (skur) eller eit rom i eit hus til å ha brennveden i. Andre lokale navn kan være “vedskjul”.

Vedlikehold

Rutinemessig arbeid for å hindre forfall på grunn av jevn og normal slitasje. 

Vedtaksfredet kulturminne

Et vedtaksfredet kulturminne fredes i dag gjennom vedtak etter kulturminneloven eller svalbardmiljøloven. Vedtaksfredningeretter kulturminneloven kan omfatte alle typer kulturminner yngre enn 1537, stående byggverk yngre enn 1649, kulturmiljøer og fartøy. Vedtaksfredningeretter svalbardmiljøloven kan omfatte kulturminner yngre enn 1945.

Vegg

Det som avgrensar eit hus eller eit rom til sides (òg om utsida eller innsida av denne avgrensinga). Samansetningar:
a) etter vyrket som er i veggen: “tømmervegg”, “murvegg”, “bordvegg”, “fjølvegg”, “panelvegg”, “jordvegg”;
b) etter rommet eller huset han høyrer til: “stovevegg”, “løevegg”, “stabbursvegg”, “naustvegg”, “kjøkkenvegg”, “kammersvegg”, “fjøsvegg”, “stallvegg”, osv.

Veggjafar

Spor i ein tømmervegg mellom tømmerstokkane.

Veggjafelle

Det same som veggjafar.

Veggved

Det same som bordkledning. (Tidlegare vart tømmerhusa helst ikkje bordkledde, “veggved” var då bordkledninga kring eit stavverkshus). Ordet er ikkje så vanleg som “bordkledning”.

Veranda

Eit lite tilbygg til eit stovehus (mest berre til pryd), med tak over, men utan heile vegger. Oftast har ein veranda ymse utstaffering, farga glasruter, o.l.

Verdensarv

Kulturarv og/eller naturarv som er innskrevet på UNESCOs verdensarvliste. Verdenarvstedene utgjør en felles arv som er umistelig for hele menneskeheten, på tvers av landegrensene. 

Verdiskaping

Verdiskaping i en bred sammenheng betegner hvordan kulturarven kan aktiviseres som ressurs i arbeidet med å skape både økonomiske, sosiale, kulturelle og miljømessige verdier. 

Verkty - Verktøy

Ordet verkty er (etter Hellquist) laga etter tyske werkzeug (nederlandsk werktuig), men alt i gamalsvensk har dei ordet “tygh” i tydinga verkty. I ettalsform kan ein høyre “verktystykke”, men det er ikkje så vanleg): Ambod som ein brukar når ein skal lage noko (“snikkarverkty”, “smedverkty”, “skomakarverkty”, osv.), ikkje heilt det same som reiskap (“køyrereiskap”, “gardsreiskap”, osv.) sjølv om desse orda blir noko samanblanda.

Vernet kulturminne

Et kulturminne som er vernet ved lov eller andre virkemidler. De viktigste lovene er kulturminneloven, plan- ogbygningsloven, kirkeloven, svalbardmiljøloven og naturmangfoldloven. Andre virkemidler for vern er statlige verneplaner, kirkerundskrivet, avtaler, listeføring, tilskuddsordninger med mer. 

Verneverdig kulturminne

Et verneverdig eller bevaringsverdig kulturminne er et kulturminne som har gjennomgått en kulturminnefaglig vurdering og er identifisert som verneverdig.

Betegnelsene verneverdig og bevaringsverdig betyr det samme og brukes om hverandre.

De mest verneverdige kulturminnene er av nasjonal verdi. Det er først og fremst disse som fredes etter kulturminneloven. Kulturminner kan også ha regional eller lokal verdi. Normalt vil det være kommunene som sikrer vern av slike kulturminner ved hjelp av plan- og bygningsloven. En annen måte å markere at et kulturminne er verneverdig på, er listeføring.

Eksempler på slike lister er Byantikvaren i Oslos Gule liste og listen over bevaringsverdige norske kirker. De fleste verneverdige kulturminner er ikke formelt vernet etter kulturminneloven eller plan- og bygningsloven. Mange blir likevel tatt vare på fordi de oppfattes som verdifulle av eiere og brukere.

Vervegg

1) Den veggen som vender mot veret (på Vestlandet er det normalt vestveggen).
2) Bordkledningen utanpå denne veggen (døme: “leggje på ny vervegg” dvs leggje ny bordkledning på verveggen, jf. vegg).

Vik

Ei utbøying av sagtindane for at saga ikkje skal “klype” (“god vik”, “lita vik”, “saga er viklaus”).

Vikje

Bøye ut tindane på ei sag.

Viktong

Ein reiskap til å vikje ei sag med (på skap som ei tong), blir òg kalla “vikjarn”.

Villa

Eit prydeleg hus som ein bymann har på landet (til å bu i om sommaren). (I dei seinare åra har det elles vorte på mote at byfolket kallar sommarhusa sine “hytter”). Ordet er visstnok kome hit til lands saman med den såkalla “sveitserstilen” i 1880-1890 åra. Denne stilen blir òg ofte kalla “villastil” i Romsdalen når det er arker med verandaer og altanar og ymse utstafferingar på huset. Det er til og med mogeleg at ordet villa har knytt seg så mykje til denne særlege stilen at det kjem til å falle bort med han. Ein vil då kan hende berre ha slike restar som “villaklausul”, “villamessig bebyggelse” o.l. igjen av ordet.

Vindskei

Ei av dei fjølene som er spikra fast utanpå “utanhysessperrene” og går på sida av taket frå raft til møne. Vindskei tyder nok beint fram: Ei fjøl til verje mot vinden, dvs. som skal hindre at vinden flekkjer av taket.

Vindu

“Vindauga” var i gamalnorsk tid eit glugg i veggen (kanskje mest for å få trekk slik at røyken gjekk ut gjennom ljoren). Men det var truleg ljoren som var den eigentlege ljosopninga (sjølve ordet “ljore” skulle òg tyde på det, det står visstnok i samband med ljos). Då dei i nyare tid tok til å setje glasruter i desse glugga (vindauga) vart dei anten kalla “glas", eller det gamle namnet “vindauga” var hangande ved.

Vinkel

1) Ein vinkel på 90º (grader) (døme: “stå i vinkel”, “vere i vinkel”, jf. “vinkelrøst”).
2) Ein reiskap som ein brukar når ein skal sjå etter om noko er “rettvinkla”. (Ein slik reiskap kan anten vere av tre (“trevinkel”) eller av jarn (“stålvinkel”), og han kan vere med eller utan “anlegg”.
3) Eit tilbygg på sida av eit hus som har same høgd som huset og møne som skjer det andre mønet under ein rett vinkel. Jf. “ark”, som har ei noko vidare tyding (“byggje vinkel på løa”, “ei vinkelløe”)

Vinkelløe

Ei løe med “vinkel”. Ordet er visstnok nylaga, kor lokalt det er avgrensa har eg ikkje hatt høve til å undersøkje.

Vinkelrøst

Eit røst på eit hus der vinkelen mellom sperrene er 90º (grader) (sjå røst).

Vinkle

Prøve med vinkelen om noko som skal “stå i vinkel” gjer det. Eit nylaga ord (typisk handverksord).

Viskositet

Et uttrykk for hvor tykkflytende en væske er. Måles med et viskosimeter. Av slike finnes det flere typer, men til lim bruker vi mest rotasjonsviskosimetre: En sylinder roterer i væsken, og den “bremseeffekten” væsken har, er et mål for viskositeten. Den ble tidligere uttrykt i “poise” (P) eller “centipoise” (cP). 1 cP = 1/100 P. Nå bruker vi pascal • s (millipascalsekund). Viskositeten er sterkt temperaturavhengig og blir derfor normalt bestemt ved 20 ºC. Ved oppvarming av en væske avtar viskositeten, væsken blir tynnere. Omvendt blir den mer viskøs, tykkere, når temperaturen synker.

Vognehus

Eit hus (skur) til vogner, sledar og reiskap. Om ordet er komme frå bymålet, er det ikkje heilt nykomme. Ordet kjem truleg frå ca 1870-tallet.

Vogneskot

Det same som vognehus, men truleg det eldste ordet.

Værelse

Eit rom i eit stovehus som ein kan setje seng i (kjøken, gang og spiskammers blir ikkje kalla værelse). Ordet er eigentleg lite brukt (rart nok er det ofte gamle folk som brukar det). Ordet er sikkert kome frå bymålet, men er nok ikkje heilt nykomme, “soveværelse” derimot, som ein no ofte kan høyre, er eit reint byord.

Våningshus

Hus til å bu i (= stovehus), ikkje mykje brukt, høyrer ikkje med i kvardagsmålet.

Våtstyrke

Den styrken en limforbindelse viser når prøvebitene har vært neddyppet i vann ved bestemte betingelser (tid, temperatur og trykk). Når det gjelder “vannfast lim, må vi alltid spesifisere hvilken grad av vannfasthet det er tale om, med henvisning til standardiserte prøvemetoder, for eksempel: Værbestandig (eng.: WBP: Weather and Boil Proof): Limet motstår vær og vind, mikroorganismer, kaldt og kokende vann, damp og tørr varme (fenollim, resorcinollim). Prøvemetoder: British standard 1203 (WBP)), 1204 (WBP/GF), 1455 og 1088 (WBP).
Kokeresistent (eng.: BR - Boil Resistant): Begrenset værbestandighet. Tåler mikroorganismer, tåler konstant vannlagring (melaminlim, melamin/urealim). Prøvemetoder: British standard 1203 (BR), 1204 (BR/GF), 1455 og 1088 (BR).
Fuktbestanding (eng.: MR - Moisture Resistant): Står bare få år mot vær og vind. Tåler kaldt vann i lengre perioder, og varmt vann (ca. 65 ºC) i et kort tidsrom, men tåler ikke gjentatt oppfukting og uttørking. Motstår mikroorganismer (urealim, også slike som er drøyd opp til ca. 25%). Prøvemetoder: British standard 1203 (MR), 1204 (MR/GF), 1455 og 1088 (MR).
Innendørslim (eng.: INT - Interior): Noen av disse, som kaseinlim, har en viss styrke etter kortvarig vannlagring (British standard 1444 Type A), mens andre mister all styrke ved vannlagring (animalsk lim).

W

W

Forklaring

X

X

Forklaring

Y

YL-gruppe

Den klassen et produkt blir satt i på basis av YL-minimum.

YL-minimum

Se Yrkeshygienisk luftbehov.

Yrkeshygienisk grenseverdi (for et stoff)

Den høyeste tillatte gjennomsnittskonsentrasjonen av vedkommende stoff i lufta i arbeidsrommet. Angis enten i mg/m3 eller i ppm (parts per million)

Yrkeshygienisk luftbehov

Antall kubikkmeter luft som minst trengs for å fortynne de helseskadelige dampene fra 1 liter lim ned til den yrkeshygieniske grenseverdien. Angis i kubikkmeter luft pr. liter lim.

Ytterdør

Reint allment om ei dør som går ut på garden, meir spesielt om hovuddøra til eit stovehus (motsett: kjøkendøra). (Hovuddøra kan òg heite “gangdøra” eller berre “døra”). Jf. dør. Ytterdører skulle slå innover.

Z

Z

Forklaring

Æ

Æ

Forklaring

Ø

Øks

Reiskapmed skaft til å hogge med (dei ymse slags øksar som finst kan vere: “bile” (med regionale navn, slik som “Agderbile”), “boløks”, “brothogg”, “skarvøks”, og “tømmermannsøks”.

Økse

Hogge til noko med ei øks (“økse (til) ein meig”, “økse (til) eit skaft”, “økse (til) eit emne”, osv. jf. hogge). Merknad: “å økse på ein” tyder: å gnage, mase på ein.

Østlandsark

Ei ark (på eit hus) som ikkje har møne. Ordet er truleg frå 1910-1920-tallet. Det er rett at denne arktypen var svært vanleg på Austlandet, til dømes på løer når “køyrbrua” går inn på sida, og ein kan finne han på etter måten gamle hus.

Å

Ålesundsmur

Ein mur som har forskaling på ei side, og som såleis blir ei blanding av vanleg gråsteinsmur og betongmur. Denne formen for mur er i dag avløyst av betongmuren. Namnet kjem visst av di denne muren var så mykje brukt då dei bygde opp at Ålesund etter brannen i 1904.

Åpen tid

Se limingstid, åpen.

Årette

1) Ein blegg som blir driven inn i enden av eit skaft (ein nagle e.l.) når dette skal festast i eit (skaft)hol, årette vidar ut enden slik at skafet ikkje glir attende.
2) Feste noko ved hjelp av eit årette (“årette ein nagle”, “årette eit økseskaft”, osv.; å drive kilar (bleggar) inn på sida av eit skaft heiter derimot å bleggje det).

Ås

1) Ein av dei horisontalt liggjande stokkane som ber eit golv eller ein lem (“tileås”, “golvås”, “lemås”, derimot: loft(s)bjelke).
2) Ein av langstokkane under eit tak (“sideås”, “takås” (“takås” er ein av åsane i eit åstak).
Ås tyder elles hjulaksling, dessutan har dei ås i ordet ardås, (i plog).

 
 
 

Kilder:

 
Forrige
Forrige

Fordeler

Neste
Neste

Partnere