IMG_20200407_191202.jpg

Sigvald Kvinge

Tradisjonstømrer

sigvald.kvinge@masfjorden.kommune.no
945 06 940

Masfjorden (Vestlandet)

Instagram

“Eg driv i liten skala, men tenkjer å produsera eit lite antal grindbygg i åra frametter. Eg jobbar til dagleg som brannsjef i Gulen og Masfjorden brann og redning, men gledar meg kvar dag til å koma heim å jobba litt praktisk.

Akkurat no heldt eg på med tre grindbygg. Det eine skal eg selga, dei to andre er ei lita skykkje og eit nytt naust til meg sjølv som eg vonar å få opp i løpet av sumaren.

Eg har aldri praktisert som byggmeister, men tok ut meisterpapira etter at eg var ferdig på Teknisk fagskole i 2006 (bygg og anleggsteknikk). Eg driv på fritida enkeltmannsføretaket Quinge Grind og Graastein. Aktiviteten er produksjon og sal av grindbygg. Frå skog på rot til montering av grindbygg (har eit kjedesagbruk som heiter Bigg Mill Basic, men leiger det meste av saginga).

Eg driv også litt forsiktig med tørrmuring. Var på kurs med Berit Bruvik i 2019. Begge delar er sanselaust interessant. Som agronom og mangeårig mjølkeprodusent er eg opptatt av å vidareføra gamle handverk.”


— Sigvald Kvinge