Gulvbord & panel

I Noreg har det historisk berre vore klare faglege skilje mellom ulike trehandverkarar i dei større byane som hadde handverkslaug. Elles kunne det vere flytande grenser mellom slike som til dømes tømrar, møbelsnikkar, trappesnikkar, båtbyggjar eller bøkkar. Same handverkar kunne byte mellom tømring, båtbygging og snikring ettersom det høvde med årstidene og etterspurnad for ulike typar arbeid. I samband med byggjing av hus, og til dels også båt, har ein behov for å høvle og rette kantar på lange bord. Det vanlegaste har vore å nytte ein eige arbeidsbenk til dette arbeidet, den såkalla skottbenken som også er kjend under namn som strykebenk, rettbenk, plogbenk og føybenk. Slikt arbeid kunne gjerast av tømrar, snikkar eller andre handverkarar. I byar som Bergen var det klare skilje mellom snikkar og tømrar og der kunne det verte usemje mellom desse lauga om kven som skulle ha einerett på å høvle golv og panel. Det vart etterkvart etablert eit eige handverkslaug for bordarbeidsmenn. Tømrarar og bordarbeidsmenn samarbeidde om å føre opp hus i Bergen.

Ein skottbenk er ein arbeidsbenk som brukast når ein med handhøvel skal rette kantar på bord, gjerne til pløgde golvbord. Benken har som regel to lange bord som er montert på to føter på ein slik måte at ein kan spenne fast borda som skal høvlast mellom dei to lange borda. Dei to langborda har ein, heilt rett og plan overkant, som nyttast som anlegg for djupnestopp for meiane på skottoksen eller ploghøvlane. Benken gjer det mykje enklare å produsere presise og fine bord, særleg om ein skal lage bord med rot- toppavsmalning.

Norsk Skottbenk Union er ei samanslutning av handverkarar med interesse for historisk handverk. Felles for dei alle er at dei sjølv har snikra seg sin eigen skottbenk, og dei fleste har også laga sine eigne høvlar for bruk med benken. Mange av dei arbeider med restaurering av gamle trehus og prøvar å arbeide mest mogeleg med tradisjonelle verktøy og arbeidsmåtar.

På nettsiden deira vil ein kunne finne meir informasjon om medlemskap og denne heilt spesielle redskapen og kunnskapen.

 

Personene og bedriftene under er i tillegg alle medlemmer av Handverkslaget og ser dermed i stor grad viktigheten av tradisjonshåndverkets kvaliteter.

 
 
 

Ryfylkemuseet

Sted: Ryfylke
Region: Rogaland
Status: Tjenesteyter
Telefon: 527 92 950
E-post: Klikk her
Link: Klikk her

 

Casper Juul Berthelsen

Sted: Øvre Eiker
Region: Viken
Status: Tjenesteyter
Telefon: 905 20 826
E-post: Klikk her
Link:

 

Per Einar Lian

Sted: Os i Østerdalen
Region: Innlandet
Status: Tjenesteyter
Telefon: 986 08 312
E-post: Klikk her
Link:

 

Få plass her

Sted:
Region:
Status:
Telefon:
E-post:
Link:

 
 
 
 
Forrige
Forrige

Framkomst- middel

Neste
Neste

Jaktredskap