Stilling som restaureringshandverkar

ARBEIDSGIVER: Byggtrad Løvoll AS
STILLINGSTITTEL: Restaureringshandverkar
FRIST: Snarest
ANSETTELSESFORM: Engasjement

Søker primært handverkar med relevant kompetanse innan restaureringsfaget. Dvs alt frå finsnekkring, (feks. vindu , listverk m.m.) på verkstad til tømmermannsarbeid ute i felt (Tømmerkonstruksjonar i lafting og reisverk).

Subsidiært kan mangelande erfaringskompetanse kompanserast med sterk motivasjon og lærelyst.

Personlege egenskapar vært sterkt vektlagde

Normalt vert det ein del reising og enkel overnatting på setrar og veglause gardar. Everntyrlyst og friluftserfaring er i so måte ei føremon

Om arbeidsgiveren

Me er eit kompetansebasert handverksfirma med 3 - 4 ansatte som driv innan feltet som kan kallast antikvarisk restaurering, dvs. at me reparerer og eller tilbakefører gamle bygg, bygningskomponentar og gjenstander. Dette ofte i samarbeid med antikvariske myndigheter.

Nokre gonger bygger me nytt i tradisjonelle teknikkar t.d. grindbygde uthus.

Me har base i Volda på Sunnmøre og har størstedelen av arbeidet i området frå Nordfjord til Romsdal. Enkelte spesialoppdrag sender oss likevel av og til ut i andre avkrokar frå Finnmark til Søraustlandet

SEKTOR: Privat
STED: Kleppevegen 50, 6102 Volda
BRANSJE: Bygg og anlegg
STILLINGSFUNKSJON: Håndverker / Andre montører

Forrige
Forrige

Endringer i “Handverkstorget” og Tips en annen tradisjonshandverker om oss.

Neste
Neste

Nyheter ved NTNU Studieprogram for Tradisjonelt bygghandverk